TRENINGSBLOGG OKTOBER 2019

 

TORSDAG 31. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Stad: Bømoen
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 380
Bjarte og eg.

13.11.19 Bømoen from Martin Hindenes on Vimeo.

 

ONSDAG 30. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Stad: Bømoen
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 217
Martin, Rune og eg.

 

TYSDAG 29. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 347
Hans-Inge, Bjarte og eg. Strålande forhold i Bømoen i kveld.

 

MÅNDAG 28. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 829
Frode og eg. Frå Bavallen opp til første kvilehytta.

1028 2

1028 2

 

SUNDAG 27. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1468
Rune, Bjarte og eg. Via Bømoen og Opeland og vidare opp til Skår i Granvin. Så på sti ned i Spildadalen og kjerreveg nesten opp til Aunaset. Ned att til Spildo og på asfalt opp Skjervet og til Bømoen der det vart ein ny runde med sti. Fantastisk rundtur i nydeleg haustvær.

1027 16

1027 16

1027 16

1027 16

1027 16

1027 16

 

LAURDAG 26. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1129
Frode, Bjarte og eg. Bømoen - Lemme - Singeset. 10 cm. nysnø 700 moh, men i sola smelta det fort.

1026 3

1026 3

 

FREDAG 25. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 620
Bjarte og eg. Me heldt oss stort sett i Bømoen sidan det regna, men også ein tur opp rundt Selheim og Tverrberg.

 

TORSDAG 24. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Lønahorgi (snudde på 1300 moh)
Totaltid: 2t 18min
Akk. høgdemeter: 1046
Fine og tørre forhold opp til ca. ein kilometer frå toppen. Der vart det meir og meir snø som akkurat ikkje bar vekta. Snudde derfor der.

1024 Lnahorgi 3

1024 Lnahorgi 3

 

ONSDAG 23. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen - Tverrberg - Budalen
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1022
Bjarte og eg. Stisykling med hodelykt er nesten endå artigare enn i dagslys. Høgare fartsfølelse og "tunnelsyn" gjer at det blir ein heilt spesiell stemning ute i skogen.

 

MÅNDAG 21. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Område: Bordalen - Nonshaugane - Sonvesåsen
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 1145
Bjarte og eg. Nesten-kollisjon med to hjortar i mørket satte ein ekstra spiss på denne turen. 

 

SUNDAG 20. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Område: Bømoen - Opeland - Vindberg - Bordalen
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1246
Hans-Inge, Arnstein, Rune, Bjarte og eg. Minusgrader i skuggen, men ein haustdag av dei sjeldne, med knallblå himmel og etterkvart litt varme i sola.

 

TORSDAG 17. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Interlaken - Lauterbrunnen
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 719

 

ONSDAG 16. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Roteflue (1730m)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1213
Kveldstur med hodelykt.

1016 6

1016 6

 

MÅNDAG 14. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Tannhorn (2221m)
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1957
Ein av grunnane til at eg valgte Ringgenberg denne hausten er Hardergrat, ein rygg som strekker seg nesten tre mil på nordsida av Brienzersee. Ryggen ligg rett opp bak leiligheita mi. Den er ubeskriveleg flott å springe på, og det er nesten uforståeleg korleis den har blitt så skarp utan å vera direkte alpin. Ein må vera forsiktig på ein del passasjar, og ved nedbør blir den farleg. Mange flotte stiar slynger seg frå "havnivå" nede ved Brienzersee, opp til stien som går heile vegen på sjølve ryggen. Eg har tatt forskjellige deler av den, i dag tok eg blant anna Tannhorn, eit av dei høgaste fjella undervegs.

1014 9

1014 4

1014 4

1014 9

1014 9

 

SUNDAG 13. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Fjell: Chrinnenhorn (2741m) frå Grindelwald
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 1681

1013 8

1013 8

1013 8

1013 8

Denne dusjen er obligatorisk på veg opp til Glecksteinhütte. Det er fortsatt varmt så det var berre godt med to iskalde nedkjølingar på turen.

1013 8

1013 8

1013 8

1013 8

 

LAURDAG 12. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1323
"Gryta" innerst i Lauterbrunnental - under blant anna Jungfrau (4148m) og ei rekkje andre toppar som strekker seg mot 4000 meter - blir av stispringarar kalla Happy Valley. Dette fordi ein spring med eit smil om munnen heile tida.

1012 7

1012 7

1012 7

1012 7

1012 7

 

FREDAG 11. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 6t 25min
Akk. høgdemeter: 2078
I dag vart det 10 mil på stiriggen, det skjer ikkje så ofte på den sykkelen. Mesteparten på veg sjølvsagt. Rundt Brienzersee og opp til Grosse Scheidegg. Der begynte sti-eventyret. Kjempefin flytsti bortover fjellsida nord for Grindelwald til Bachsee (2266m), så på teknisk sti nedover mot Grindelwald. Vestover Lütchental ned att til Interlaken, slik at det vart ein stor rundtur.

1011 11

1011 11

1011 11

1011 11

1011 11

 

TORSDAG 10. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykling (Cube AMS 100)
Område: Saxettal
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1251

1010

 

TYSDAG 8. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Schnierenhireli (2070m) frå Ebligen
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1535

1008 4

1008 4

1008 4

1008 6

1008 6

 

Eg har faktisk vore på Schnierenhireli ein gong før også - utan at eg var heilt sikker på at det var dette fjellet då eg stod på toppen i dag! Måtte sjekka nøye på kartet og i gamle bilete då eg kom heim. I 2006 var me på topptur frå andre sida - frå Küblisbühl. Me tok fleire toppar i det området som eg held meg no. (Foto under: Øystein Bjørke)   

1008b 7

1008b 7

1008b 7

1008b 7

 

MÅNDAG 7. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Lauterbrunnental - Gimmewald - Mürren, med diverse avstikkarar for å finna fin sti
Totaltid: 5t 30min
Akk. høgdemeter: 1831
Veglause Mürren må ligga høgt oppe på lista over dei vakraste landsbyane i Alpane, i alle fall når snøen har lagt seg ned til ca. 3000 moh. 

1007 1

1007 4

1007 4

1007 4

 

SUNDAG 6. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Niesen (2362m)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1637
Til tross for det litt puslete navnet er Niesen er massiv pyramide som ragar 1800 meter over Thunersee. Den er spesielt imponerande fordi den ligg litt åleine. Men å ankomme toppen etter den lange turen opp gir litt Donald Duck-følelse - der er det togstasjon, stor restaurant og masse japanske turistar. 

1006 6

1006 6

1006 6

1006 6

1006 6

1006 6

 

FREDAG 4. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Rute: Interlaken - Schynige Platte (2067m) t/r
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1639

1004 2

1004 2

 

TORSDAG 3. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Fjellområde: Niederhorn
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 1659
Lang motbakke, men belønninga kom som forventa i form av fin flytsti bortover ryggen.

1003 6

1003 6

 

1003 6

1003 6

1003 6

 

TYSDAG 1. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Rute: Grindelwald - Schreckhornhütte (2527m) t/r
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 1845
Inn den tronge dalen sør for Grindelwald, og vidare oppover i amfiet mellom Eiger (3970m), Mönch (4107m), Grosses Fiescherhorn (4049m),  Finsteraarhorn (4274m), Lauteraarhorn (4042m) og Schreckhorn (4078m). Vanvittig terreng!

1001 16

1001 16

1001 16

1001 16

1001 16

1001 16

1001 16

1001 12

1001 16

1001 16