newtontoppen skiekspedisjon


Dette er ein spesiell skitur der me blant anna skal bestige Newtontoppen (1713m), det høgaste fjellet på Svalbard. Me går også gjennom dei dramatiske Atomfjella og du får gått på drivisen på Austfjorden. Området ein skal gå gjennom er verkeleg arktisk villmark - det mest spektakulære og alpine området på Svalbard.

Me arrangerer to skiturar på Svalbard: Svalbard skitur og Newtontoppen skiekspedisjon. Det er forholdsvis stor forskjell på desse turane når det gjeld kva krav me stiller til deltakarane angåande erfaring, fysisk styrke og personleg utstyr. Mens Svalbard skitur er ein tur der me stiller små krav til tidlegare erfaring og vinterkompetanse, er Newtontoppen skiekspedisjon ein langt tøffare tur. Også når det gjeld vind- og værforhold – og ikkje minst kulde – kan det vera stor forskjell. Dersom du har liten erfaring med vinterturar på ski anbefaler me Svalbard skitur før du eventuelt blir med på Newtontoppen skiekspedisjon. Les fleire detaljar ang. fysisk forutsetning lenger nede.

Eg arrangerer også Svalbard Fottur om sommaren.

NB!  Viktig å melde seg på tidleg pga. liten hotellkapasitet i Longyearbyen i høgsesongen.

 

Reisemål newtontoppen
Land Svalbard, Noreg
Antall dagar 14 (10 netter i telt)
Datoar

Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus  NB! Denne turen vert i utgangspunktet arrangert annakvart år (oddetalsår)

Min. antal 8
Max antal 12
Aldersgrense 18 år
Påmelding Sjå påmeldingsskjema

Påmeldingsfrist

Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler alle å melda seg på minimum 8 månadar før avreise pga. liten hotellkapasitet i Longyearbyen i høgsesongen. Om du er seint ute så skal eg gjera mitt beste for å få deg med uansett.
Pris 2023
31 900   (ikkje inkl. flybillett t/r Svalbard)
Pris 2024 33 900   (ikkje inkl. flybillett t/r Svalbard)

Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

Prisen inkluderer

  • All transport på Svalbard (unntatt flybuss frå og til flyplassen)
  • Alle overnattingar på enkelt hotell/gjestehus
  • Alle måltider på Svalbard, unntatt middag den siste kvelden
  • Norske turledarar
  • Search and rescue forsikring

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • Fly frå fastlandet til Svalbard (t/r)
  • Flybuss frå og til flyplassen
  • Drikkevarer
  • Middag den siste kvelden
  • Evt. enkeltrom

 

TRANSPORT

SAS flyr frå Gardermoen kvar dag i høgsesongen. Norwegian flyr fleire dagar i veka. Eg kan ordne flybillettar for deg dersom du ønsker det. Vær oppmerksom på at om du har SAS Eurobonus-poeng så trengs det ikkje fleire poeng for ein tur til Longyearbyen enn for ein innanriks tur i Norge. På Svalbard blir det snøscootertransport fram til startpunktet for turen, og også tilbake til Longyearbyen etter turen. Alternativt kan båttransport bli aktuelt tilbake til Longyearbyen dersom det er lite snø.

 

OVERNATTING

Me bur på dobbeltrom på eit enkelt hotell eller gjestehus på Svalbard. Det kan vera rom med felles bad på gangen, men som regel kan du oppgradera til rom med bad. På skituren bur du sammen med ein teltkamerat i eit romsleg 3-mannstelt (Helsport Svalbard 3).

 

Fellesutstyr

Eg har eit stort lager med pulkar, telt, liggeunderlag og kokeutstyr på Svalbard. Lån av dette er inkludert i prisen. Du får opplæring i alt utstyr som me brukar på turen, både oppsetting av telt og bruk av brennar. Men som du kan lesa meir om lenger nede stiller me krav om at du har litt erfaring med dette frå før.

 

Mat

Me lager mat sjølv i kvart telt. Frukost består som regel av havregraut med tilbehør. Lunsj og middag blir stort sett frysetørka mat i ulike smakar og variantar.

 

FYSISK FORUTSETNING

Dette er ein ekspedisjon i polar villmark og me stiller derfor høgare krav til erfaring og fysisk styrke enn på våre andre skiturar. Me har også ei aldersgrense på 18 år. Du må ha erfaring med å ligga i telt om vinteren. Konkret må du ha gått turar på fleire dagar på fjellski utanfor preparerte løyper der du har budd i telt på snø. Me trenar likevel på å sette opp telt og bruk av kokeutstyret før sjølve turen startar. Du må ha god kondisjon og styrke og du må vera i stand til å gå roleg i opp til 7-8 timar kvar dag. Det er ingen forutsetning at du har gått med pulk før, men du må i tilfelle ikkje ha rygg- eller hofteproblem. Temperaturen kan i dette området synka ned til -25 om natta, så du må ha utstyr som er tilpassa dette (sovepose, liggeunderlag, dunjakke og bekledning generelt – du får sjølvsagt detaljert utstyrsliste av oss). Vinden kan også vera tøff i det området denne turen går i. Er du i tvil om denne turen er noko for deg anbefaler me sterkt at du først blir med enten på Svalbard skitur eller Josten på langs for å få erfaring. Eg kjem til å stille konkrete spørsmål om din erfaring før du blir akseptert som deltakar på denne turen.

 

FORBEHALD OM ISFORHOLD / ALTERNATIV RUTE

Me tar forbehald om at isforholda er slik at det er mogeleg å krysse Tempelfjorden på snøscooter under transporten nordover til startpunktet for turen (og på returen), og at det er solid drivis på Austfjorden som dere skal krysse ein av dei siste dagane av turen. Isforholda på Svalbard har forandra seg dei siste åra, det blir mindre og mindre drivis og den legg seg seinare og seinare. Dersom ein eller begge desse fjordane ikkje er farbare må me endre ruta litt. Utkøyring med snøscooter blir då til eit punkt lenger søraust, og ruta vil leggast opp som ein runde over dei store bremassiva nordover til Newtontoppen. Sannsynlegvis går ein då Akademikerbreen nordover og Lomonosovfonna sørover. Også generelle værforhold og værmeldingar kan gjera at ruta blir endra.

  • Dag 1

    Dag 1

    Me landar i Longyearbyen og blir transportert til hotellet/gjestehuset som me skal bu på. Det blir velkomstmiddag om kvelden og etterpå blir det eit informasjonsmøte der ein får sjansen til å bli betre kjent, og turledarane går gjennom ein del detaljar.
  • Dag 2

    Dag 2

    Me pakkar pulkane og øver på å sette opp teltet og å bruke brennaren. Moderne telt og brennarar er svært lette å bruke, så du treng ikkje vera bekymra om du ikkje har erfaring med dette. Pulkane pakkast ferdig slik at alt er klart for avreise neste morgon. På ettermiddagen besøker me museumet i Longyearbyen og får oppleve litt av den fascinerande og dramatiske historien til dette spesielle samfunnet.
  • Dag 3 - 13

    Dag 3 - 13

    Turen startar med ein ca. 6-7 mil lang snøscootertur gjennom fantastisk landskap, fram til startpunktet for turen som blir sør på Lomonosovfonna. Dei neste dagane går me gjennom eit område der me nesten ikkje vil sjå andre grupper på tur eller spor etter mennesker generelt. Me er verkeleg i arktisk villmark! Me etablerer leir kvar kveld, og lagar mat og smeltar snø i kvart telt. Me deler på å gå nattevakt for sikkerheits skuld, sjølv om det er små sjansar for at bamsen skal ta seg ein tur. Me spar opp ei skikkelig latrine, slik at ein får gjera sitt fornødne i skjul. Me startar med å gå i retning Newtontoppen som me bestiger frå ein Base Camp på breen ved foten av fjellet. Deretter setter me kursen mot Atomfjella, gjennom Gallerpasset og ned på Trygvebreen. Vidare ned til Austfjorden der me går på drivisen inn til den voldsomme brefronten på Mittag Lefler breen. Me går opp breen og ned att til Petuniabukta og Pyramiden, den fråflytta russiske gruvebyen som no ligg nesten som ein spøkelseby. Utover Billefjorden ligg det is og me avsluttar turen med å gå ut til iskanten der me blir plukka opp av raske rib-båtar som transporterer oss attende til Longyearbyen. Der ventar ein varm dusj, ein god middag og kanskje må turen feirast på ekte Svalbard-vis...

    (NB! Vær-, føre og isforhold på Svalbard kan gjera det naudsynt å endra ruta rett før turen startar, eller undervegs. Dersom det f.eks. ikkje ligg is på Austfjorden er det ikkje mogeleg å gå der. Og dersom det er veldig mykje is i Billefjorden kan det bli aktuelt å returnere til Longyearbyen med snøscooter i staden for båt).
  • Dag 14

    Dag 14

    Fly tilbake til fastlandet.

rgf logo


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.