MERA PEAK


Dei små isolerte landsbyane som heng i fjellsidene, dei enorme fjella som tronar rundt oss, gjestfriheita til Sherpa-folket - alt er med på å gjera denne turen til noko du aldri vil gløyma. På denne turen går me austover frå Lukla, og er dermed i eit heilt anna dalføre enn Khumbudalen som går inn mot Mount Everest. Her er det langt færre turistar, men fjella og omgjevnadane er minst like spektakulære. Og frå toppen har du ei fantastisk utsikt mot Mount Everest, eller Sagarmatha som det heiter på Nepalsk, og fleire av dei andre største fjella i verda.

Mera Peak er den høgaste toppen i Nepal som du kan klatre med trekkingtillatelse. Det er eit seriøs fjell der du verkeleg får prøvd deg på Himalaya-klatring saman med dyktige og erfarne sherpaer som sikrar deg og sørger for at alt går trygt for seg. Buddhi er med oss som lokal turledar - då kan ingenting gå galt (og ingen kan unngå å smile...)

Du kan sjølvsagt vera med på denne turen sjølv om du ikkje har ambisjonar om å bestige Mera Peak. Vandreturen utgjer mykje av totalopplevinga på denne turen, og det er berre eit par dagar som går med til sjølve toppstøtet.

NB!  Viktig å melde seg på tidleg - f.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir

 

Reisemål MERA PEAK
 Land Nepal
Max. høgde 6476 moh.
Antall dagar 22 (16 på fjellturen)
Datoar Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal 9
Max antal 14
Påmelding Sjå påmeldingsskjema
Påmeldingsfrist

Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler tidleg påmelding. Ved sein påmelding kan det bli eit tillegg for flybilletten. F.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir

Pris 2024
57 900
Pris 2025 62 900  (+ evt. tilslutning)
  NB! 1000 i rabatt ved tidleg påmelding

Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

Prisen inkluderer

  • Fly tur/retur frå Gardermoen (tilslutningsavgift frå andre flyplassar f.o.m. 2025)
  • All transport i Nepal
  • Alle hotellovernattingar i delt dobbeltrom
  • Alle overnattingar på lodgar på fjellvandringa
  • 16 dagers fottur med lokale guidar og bærarar
  • Alle måltid på fotturen
  • Alle tillatelsar og parkavgifter
  • Medisinsk oksygen
  • Norsk turledar

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • F.o.m. 2025: Evt. tilslutning til Gardermoen
  • Tips til lokale guidar, kokkar og bærarar på fotturen (ca. 170 dollar)
  • Visum til Nepal (50 dollar, ordnast på nettet på forhånd)
  • Medisinsk evakuering med helikopter (reiseforsikring)
  • Lunsjar og middagar i Kathmandu
  • Drikkevarer
  • Sjokolade, kjeks og snacks på fjellet (viktig å ha med det du likar best sjølv)
  • Evt. overnattingar på hotell i Kathmandu utover to netter etter fjellturen (dersom me ikkje brukar reservedagen på fjellet)
  • Inngangspengar på sightseeinga i Kathmandu
  • Einerom

 

NB! Du får det drikkevatnet du treng av kokkane undervegs, men dersom du heller vil kjøpe drikkevatn på flasker kan du gjera det heile vegen.

 

TRANSPORT

Fly frå Norge til Kathmandu. Innanriksfly til Lukla i Khumbudalen.

 

OVERNATTING

I Kathmandu bur me på eit bra hotell. På fotturen bur me på enkle lodgar av varierande standard, men mange av dei har sin eigen sjarm. To personar på kvart rom. På toppstøtet bur me ei natt i telt. Soveromma på lodgane er ofte dårleg isolert så ein varm sovepose er obligatorisk. Det er enkle dusjmogelegheiter på nokre av lodgane.

 

FYSISK FORUTSETNING

Dette ein lang og tøff tur der du skal vera i høgda lenge. Me tar oss god tid slik at me akklimatiserer på optimal måte, dermed unngår me forhåpentlegvis ubehag når me kjem til toppstøtet. Fleire av dagsetappane er lange. Du må klare å gå lange dagsetappar i fleire dagar etter kvarandre. Bærarar tar mesteparten av bagasjen din slik at du kun treng å bære ein lett dagstursekk sjølv. Ruta til toppen går for det aller meste på bre, og me går i taulag. Me har med dyktige sherpaer som hjelper til med å sikre undervegs, i tillegg til den norske turledaren.

For å bestige Mera Peak må du ha blant anna ha stegjern og klatresele, men dette kan du leige der nede. Du treng ikkje erfaring med slikt utstyr, dette vil det bli trent på undervegs på turen.

NB! Denne turen kan du altså vera med på også om du ikkje vil prøve deg på sjølve Mera Peak. Dette er uansett ein fantastisk vandretur i spektakulær natur.

 

DAGSPROGRAM

  • Dag 1

    Me flyr frå Norge. På veg mot eventyret i Himalaya!
  • Dag 2

    Me landar i Kathmandu og blir tatt i mot av Loben og Buddhi, mine gode vennar og samarbeidspartnarar gjennom alle år. Så blir me transportert til hotellet vårt. Resten av dagen kan du enten slappa av eller du kan gå ut og oppleva den veldig spesielle atmosfæren i Thamel, den mest fargerike bydelen i Kathmandu.
  • Dag 3

    Forberedelsesdag i Kathmandu. Det er som regel ein del ting som må ordnast før fotturen startar. Du kan også handle souvernirar i ein av dei mange små butikkane eller du kan berre sitta på ein av dei små restaurantane og sjå på livet nedanfor. Det er umogeleg å kjeda seg i denne byen. Men vær oppmerksom når du går i gatene - sykkeldrosjene som kjem susande i full fart nedover dei trange gatene har som regel dårlige bremsar...
  • Dag 4

    Kathmandu (1530m) - Lukla (2800m) - Paya (2730m)

    I dag får du sannsynligvis oppleva den mest spektakulære flyturen i ditt liv. Viss det ikkje er skyer så ser me Mt. Everest, Cho Oyu, Lhotse og hundrevis av andre fjell i Himalaya. Landingsstripa på flyplassen i Lukla er spesiell, den ligg på ei hylle i fjellet og er ca. 10 grader bratt. I Lukla møter me sirdaren vår (sjefssherpaen) og bærarane våre, som kjem til å gjera sitt ytterste for at me skal få ein behageleg og fin tur. Etter å ha ete lunsj og snust litt på stemningen i den spesielle landsbyen startar me vandreturen med å gå til Paya der me overnattar.

    Gangtid: 6 timar
  • Dag 5

    Paya (2730m) - Pangoma (2850m)

    Ein fantastisk flott dag der me går gjennom store skogar av rhododendron, eviggrønne eiketrær og bittesmå landsbyer i bratte skråninger. Stien går litt opp og ned til Khare Khola, og så stig det jevnt opp til Pangoma.

    Gangtid: 7 timar
  • Dag 6

    Pangoma (2850m) - Ramailo Danda (3250m)

    I dag kryssar me over Panggom La-passet (3174m) og ned i Hinkudalen. Stien i dag er ein fin blanding av oppover, nedover og flat, men blir avslutta med ein solid motbakke opp til lodgen vår. Denne dagen har me heile tida ei fantastisk utsikt over fjella rundt, inkludert Mera Peak - og utsikta frå lodgen om kvelden slår det aller meste...

    Gangtid: 6-7 timar
  • Dag 7

    Ramailo Danda (3250m) - Chetrakhola (3150m)

    I dag er stien mildt sagt ein berg- og dalbane langt oppe i dalsida. Me går fortsatt i skogen, men med ein vanvittig utsikt mot fjella i aust. Etter lunsj når me fram til Makalu Barun nasjonalpark gjennom den fantastiske "jomfruskogen". Til slutt når me Chetrakhola på 3150m.

    Gangtid: 5-6 timar
  • Dag 8

    Chetrakhola (3150m) - Khote (3700m)

    Som dei siste dagane går stien opp og ned til me kjem til krysset mellom Zatra la og Khote. Vidare fortsetter vandringa med ein bratt nedoverbakke ned til elva i dalbotnen, som me følger opp til Khote.

    Gangtid: 6-7 timar
  • Dag 9

    Khote (3700m) - Tagnag (4300m)

    I motsetning til dei siste dagane går me ikkje så mykje opp og ned lenger, me følger no elvedalen innover den store u-forma dalen. Fjella begynner for alvor å bli store rundt oss, og frå Tagnag har me fleire svært spektakulære fjell med store brefall som tronar rett over oss.

    Gangtid: 5 timar
  • Dag 10

    Tagnag (4300m) - akklimatiseringstur oppover mot Kusum Kaunguru (ca. 4900m)

    Me tilbringer to netter i Tagnag for å oppnå maksimal akklimatisering – og for å restituere kroppen. Men me slappar ikkje berre av av den grunn... Me går ein akklimatiseringstur oppover ryggen mot Kusum Kanguru (6367m). Utsikta over fjella rundt, og innsjøen Tagnag, er fantastisk frå dette punktet.

    Gangtid: 4 timar
  • Dag 11

    Tagnag (4300m) - Khare (4900m)

    Me går via innsjøen Tagnag og får høyra den dramatiske historien kva som skjedde her i 1998. I det me nærmar oss Khare får me meir og meir oversikt over den imponerande nordsida av Mera Peak.
    Gangtid: 5-6 timar
  • Dag 12

    Akklimatiseringsdag i Khare (4900m)

    Å kvile er viktig for å oppnå god akklimatisering. Me slappar derfor mest av i dag, men me tar oss ein kort, roleg tur for å sjå på dei fantastiske omgivelsane. Me sjekkar også utstyret i dag, og begynner for alvor forberedelsane til sjølve bestigninga av Mera Peak.
  • Dag 13

    Khare (4900m) - akklimatiseringstur opp til breen (5300m)

    Me tilbringer altså tre netter i Khare. I dag går me ein tur opp til breen på Mera Peak. Der øver me med storsko og stegjern, og å gå i taulag.

    Gangtid: 4 timar
  • Dag 14

    Khare (4900m) - Mera High Camp (5700m)

    Me går samme sti som i går opp til breen, men i dag fortsetter me oppover på snø heilt opp til Mera High Camp, eit ørnereir av ein leir med ei heilt utruleg utsikt, blant anna til fleire 8000-metringar. Dette blir sannsynlegvis den einaste natta me tilbringer i telt på turen, men telta er ferdig oppslått når me kjem fram.

    Gangtid: 6-7 timar
  • Dag 15

    Toppstøt Mera Peak (6476 m)

    Me startar midt på natta, fleire timar før sola kastar sine første stråler på dei gigantiske fjella rundt oss. Me brukar hodelykter oppover breen. Toppstøtet går 100% på bre og me går derfor i taulag heile vegen. Morgonsola fargar etter kvart heile fjellet i eit utruleg lys - ingen stader i verda er soloppgangen så flott som i Himalaya. På toppen får du verkeleg følelsen av å ha besteget eit stort Himalaya-fjell. Utsikta frå toppen er ubeskriveleg - Everest (8848m), Cho Oyu (8188m), Lhotse (8414m), Makalu (8463m) og Ama Dablam (6856m) er blant fjella som tronar over oss. Mektig slitne, men også mektig fornøyde, traskar me til slutt ned att til Khare (4900m), etter ein kort og fortjent pause i High Camp.

    Gangtid: 5-6 timar opp / 4 timar ned
  • Dag 16

    Ekstra dag

    Sjølv om været stort sett er fint og stabilt i dette området på denne tida av året, er det godt å ha ein reservedag å gå på for toppstøtet.
  • Dag 17

    Khare (4900m) - Khote (3700m)

    Det går sjølvsagt mykje raskare nedover dalen enn det gjorde oppover, og før me veit ordet av det er me nede i Khote att.

    Gangtid: 5-6 timar
  • Dag 18

    Khote (3700m) - Chetrabu (4300)

    Me går ikkje den samme stien attende til Lukla - variasjon er alltid fint! I dag går me først ein lang og bratt motbakke oppover mot Zatrwa La, men me overnattar på Chetrabu nokre hundre høgdemeter under passet. Me er no perfekt akklimatisert så det er "lett" å gå motbakkar i forhold til det var før toppstøtet.

    Gangtid: 6-7 timar
  • Dag 19

    Chetrabu (4300) - Lukla (2800m)

    Me går over passet Zatrwa La (4600m) og deretter stupbratt ned på den andre sida mot Khumbudalen. Me går stort sett berre nedover resten av dagen, forbi Kharkitang og Chutanga til Lukla. Når me kjem til Lukla føles staden større enn den gjorde for to veker sidan. Me har blitt vant med dei små, enkle tehusa i dei små landsbyane innover dalen.

    Gangtid: 7 timar
  • Dag 20

    Lukla - Kathmandu

    Me satsar på å komma oss med eit fly tidleg om morgonen, slik at me kan nyta ettermiddagen i Kathmandu og ikkje minst forbereda oss til feiringa om kvelden...
  • Dag 21

    Sightseeing i Kathmandu er noko anna enn i dei fleste andre byar. Likbrenning og apekattar i tempel er ikkje akkurat daglegdagse opplevelsar for dei fleste av oss. Me besøker Pashupatinath, der hinduane brenner sine døde for deretter å kaste aska på elva for at den skal flyta ut i havet med den hellige elva Ganges. Me besøker også Swayambunath Stupa, også kalla Monkey Temple. Inntrykka du får denne dagen kjem til å vare lenge. Me får også til å gjera dei siste innkjøpa, eller me kan slappa av på hotellet. Seint om kvelden drar me til flyplassen. I det flyet tar av får me kanskje eit siste glimt av Nepals mange 8000-metringar: Everest, Cho Oyu, Lhotse, Makalu, Kanchenjunga, Dhaulagiri, Annapurna og Manaslu. Rart å tenka på at først i det me nærmar oss marsjhøgde er me høgare enn desse gigantane. (Dersom me ikkje har brukt ekstradagen på fjellet får me ein dag til i Kathmandu etter fjellturen).
  • Dag 22

    Heime igjen i gamlelandet, fulle av inntrykk av flotte naturopplevelsar, eksotisk kultur og ikkje minst minner om eit fantastisk og hyggeleg folkeslag.

    (Eg tek atterhald om endringar i dagsprogrammet som ein følge av vêrforhold og liknande).