OKTOBER 2026

 

LAURDAG 31. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Stad: Càdiz
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 117

 

FREDAG 30. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Stad: Aznalcóllar nord for Sevilla
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 682

 

TORSDAG 29. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 48min
Akk. høgdemeter: 1462
Frå Saint-Lory-Soulan opp til Col de Portet 2215m), det høgaste Tour de France-passet i Pyreneane. Litt stisykling vart det også.

 

ONSDAG 28. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 13min
Akk. høgdemeter: 1712
Opp vestsida av Col de Peyresourde (1569m) og vidare opp til skistaden Peyregudes (1600m). Peyragudes er staden der ein tempoetappe i Tour de France i 2025 vart avslutta med innspurt opp ei bratt flystripe. Tadej Pogačar vann sjølvsagt. Ned att i samme dal, og så over Col de Azet (1580m).

 

TYSDAG 27. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 5t 34min
Akk. høgdemeter: 2894
Distanse: 93 km
Langtur på asfalt over tre av dei mest kjente passa i Pyreneane, dei to fyrste med legendestatus i Tour de France. Frå Arreau over Col de Aspin (1489m), så opp Col de Tormalet (2115m) frå austsida, og ned att samme veg. Til slutt over Hourquette d' Ancizan (1564m) tilbake til Arreau, for å unngå å ta samme pass (Col de Aspin) to gonger i dag. 

 

MÅNDAG 26. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Ultra Glide 4)
Fjell: Arbizon (2831m) i Pyreneane
Totaltid: 3t 19min
Akk. høgdemeter: 1437

 

LAURDAG 24. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Område: Col de Tende
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1269
Heilt nydeleg stisykling i dette området.

Til slutt i dag tok eg historiske "Route des 46 Lacets" opp frå fransk side av grensa. 46 hårnålssvingar som i tidlegare tider var hovedforbindelsen mellom Italia og Frankrike i denne delen av Alpane. I dag går det ein tunnel under passet, så syklistane får ha svingane for seg sjølv. På 50- og 60-talet gjekk Tour de France fleire gonger over passet, men i dag bør du ha terrengsykkel for å komme deg opp, spesielt på den øverste delen der det er grusveg.

 

FREDAG 23. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Ultra Glide 4)
Fjell: Rocca dell' Abisso (2755m) frå Col de Tende
Totaltid: 3t 16min
Akk. høgdemeter: 999
Etter litt regn på dagtid klarna det opp mot kvelden, og det vart derfor ein kveldstur opp på Rocca dell' Abisso (2755m). Litt klyving bortover ein skarp rygg for å nå topp-punktet, ein spesiell opplevelse i lyset frå månen og hodelykta, mens lyset frå Torino og fleire andre italienske storbyar dominerte mot nord.

 

TORSDAG 22. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Område: Tende - Col de Tende - Limone Piemonte
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 2044
Starta med ein togtur rett gjennom fjellkjeden til Tende i Frankrike på sørsida. Dermed var det berre ein måte å komma seg tilbake til Italia - ein lang og flott motbakke + masse fin stisykling ned att på nordsida.

 

ONSDAG 21. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Område: Limone Piemonte - Col de Tende
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1268
Har forflytta meg sørover til Alpes-Maritimes, nesten til Middelhavskysten.

 

MÅNDAG 19. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Område: Fjella nord for Turtmann
Totaltid: 5t 50min
Akk. høgdemeter: 2373

 

SUNDAG 18. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Ultra Glide 4)
Område: Gampel
Totaltid: 2t 54min
Akk. høgdemeter: 1329

 

LAURDAG 17. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Område: Wiler - Blatten - Gletscherstafel (Lötschental)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1372
Dagens tur på nydelege stiar i fjellsida over Lötschental var prega av ei utsikt som både er fantastisk, men også svært dramatisk og dyster. Den idylliske landsbyen Blatten - som eg har sykla gjennom fleire gonger gjennom åra - vart 28. mai i fjor utsletta då Birchbreen ga etter for 9 millionar tonn med stein som raste ned på den frå Kleines Nesthorn (3342m). Både breen og steimassane raste vidare ned i dalen mot Blatten. Heldigvis hadde sveitsiske myndigheiter fjellet og breen under oppsikt, og alle 300 innbyggarane vart evakuert ni dagar før. Men ein lokal gjetar vart drept, saman med dei 100 sauene sine, og 130 hus og hotell ligg no under skredmassane.

Skredet var så enormt at det gjekk 230 høgdemeter opp på nordsida av dalen, altså motsatt side av der det kom frå. Hus over 200 høgdemeter over dalbotnen vart knust av massane.

Planen er å bygge opp att Blatten innan 2030, men på ein litt annan stad for å unngå å ligge midt i linja for evt. nye skred i framtida.

 

FREDAG 16. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute: Obere Feselalpe frå Gampel
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter: 1708

Weisshorn (4505m) i bakgrunnen

 

TORSDAG 15. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Ultra Glide 4)
Fjell: Grande Dent de Morcles  (2969m)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1424
Grande Dent de Morcles er eit anna av dei mest prominente fjella når du køyrer inn i dalen frå Lac Léman (Genèvesjøen/Genfersjøen). Eg var på denne toppen via normalruta frå austsida for nokre år sidan, men har alltid hatt lyst til å gå opp vestsida. Men då må ein ha perfekte forhold. Det er nemleg ei sagnomsust og stupbratt rute opp den  flottaste og mest dramatiske sida av fjellet. Og i motsetning til mange av fjella i f.eks. Dolomittane er det ingen hjelpemiddel som kjetting eller vaier. Grande Dent de Morcles er fjellet som var i bakgrunnen på mange av bileta frå sykkelturen i går.

På veg ned att gjekk eg traversen under Roc Champion, som kanskje er endå meir utsatt enn hovudstien opp på Grande Dent de Morcles. Mindre klyving, men meir eksponert. Denne steinen med "Jesus" på har blitt eit landemerke for å markere at denne "stien" ikkje er for alle...

Etter fleire timar med topp konsentrasjon, var det godt å berre kosa seg på nydeleg og ufarleg flyt-sti igjen

"Leirplassen" min er parkeringsplassen til høgre nede i biletet. På kanten av stupet med fantastisk utsikt både mot nord og sør

 

ONSDAG 14. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute: Rionda frå Saint Maurice
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1819
For sånne som meg som er veldig glad i hårnålssvingar var dette ein bra dag. 1819 høgdemeter kontinuerleg stigning utan eit einaste flatt parti. 25 grader nede på 450 moh. då eg starta. Føltes som det var nesten det samme på 2250 moh, og eg trengte ikkje ta på meg vindjakka sjølv på den lange turen ned att.

Har funne meg ein luftig leirplass for dei neste to nettene. Sykla forbi denne i dag og såg at det var ein perfekt plass.

 

TYSDAG 13. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute: Martigny - Col des Planches - Col de Leine - Sembrancher - Martigny
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1247

 

MÅNDAG 12. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Ultra Glide 4)
Fjell: Grand Chavalard (2901m)
Totaltid: 4t 43min
Akk. høgdemeter: 2454
Dei første 1000 høgdemetrane i dag gjekk opp traséen der verdensrekorden for raskaste vertikale kilometer vart satt i fjor. Ein gammal nedlagt kabelbane med ein stigning på opp mot 60% på det brattaste. Løpet krever topp konsentrasjon, for det er ein reell risiko for å skade seg dersom du skulle falle og rutsje nedover att. Løypa er sjølvsagt åpen for alle til vanleg, men det er streng forbudt å gå ned - kun opp. Og i det berømte løpet er det påbudt med hjelm. For omtrent nøyaktig eit år sidan, 18. oktober 2025, sprang Rémi Bonnet opp på 27 minuttar og 21 sekundar og knuste dermed den gamle rekorden. I dag gjekk det pittelitt saktare... men til mitt forsvar så hadde eg berre tilbakelagt ca. 40% av dagens motbakke då eg passerte 1000 høgdemeter. Grand Chavalard er eit av fjella du først legger merke til når du køyrer inn i Vallée du Rhône, der det tronar 2500 høgdemeter over dalbotnen.

Ingen bygger skredsikring som Sveitsarane

 

SUNDAG 11. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Ultra Glide 4)
Fjell: Pointe de la Terrasse (2734m)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1530

 

LAURDAG 10. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Ultra Glide 4)
Stad: Col de Montets
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 589

 

FREDAG 9. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Ultra Glide 4)
Stad: Gare des Glaciers
Totaltid: 2t 47min
Akk. høgdemeter: 1381
Etter over 1300 høgdemeter i skodda var det fantastisk å komme over skyteppet.
Men idyllen vart fort snudd til tragedie i fjellsida rett over meg. Ein 23 år gammal speedrider krasja rett inn i nordsida av Aiguille du Midi (3842m) samtidig som eg tok bileta under. Eg verken såg eller høyrte det sidan det skjedde høgt over meg. Men helikopteret kom etter kort tid og henta han ut. Desverre omkom han. Dette er baksida av Chamonix. Redningshelikoptera her utfører rundt 900 redningsaksjonar i året, og mellom 20 og 30 dør berre på Mont Blanc-massivet, rundt 70 totalt i heile Chamonix-området. Det er klatring og luftsport som står for dei fleste ulykkene. Spesielt klatring har blitt farlegare i Alpane dei siste 10-20 åra pga. klimaendringane som fører til meir ras, steinsprang og ustabile breer.

 

TORSDAG 8. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Ultra Glide 4)
Område: Les Houches
Totaltid: 1t 18min
Akk. høgdemeter: 723
Hodelykttur i lia over Les Houches

 

TYSDAG 6. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Ultra Glide 4)
Rute: Refuge de Téte Rousse (3167m) frå Bionnassay
Totaltid: 5t 30min
Akk. høgdemeter: 1859

Me har tilbrakt tida på ein Mazot bygt i 1783, men som er bygt om til ei svært koseleg "hytte" med alle fasilitetar ein kan tenke seg. Ein Mazot var eit frittståande stabbur eller "safe", som stod langt frå hovedbygningane på garden i gamle dagar. Dette for å sikre mat og dei verdifulle tinga ein eigde mot brann. I ein Mazot vart det aldri brukt åpen eld eller oljelampar for å vera heilt sikker på å unngå katastrofen. 

Utsikta frå Mazoten vår, rett opp mot Mont Blanc-massivet

 

MÅNDAG 5. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Ultra Glide 4)
Rute: Refuge Albert Premier frå Le Tour
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1311

Refuge Albert Premier ligg spektakulært til 2700 moh. med utsikt ut over Glacier du Tour

 

SUNDAG 4. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Ultra Glide 4)
Rute: Chamonix - Gare des Glaciers - Plan du Aiguille - Chamonix
Totaltid: 3t 32min
Akk. høgdemeter: 1350

Siv er god på å utnytta kvilepausane...

 

FREDAG 2. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Ultra Glide 4)
Fjell: Le Brévent (2525m) frå Chamonix
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1560

 

TORSDAG 1. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Scott Supertrac Ultra RC)
Stad: Plateau des Pyramides
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 705