SEPTEMBER 2023

 

LAURDAG 30. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) /Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Fjell: Eggishorn (2927m)
Totaltid: 6t 20min
Akk. høgdemeter: 2367
Delvis på samme stiar som i går, men også nokre nye. Men målet i dag var toppen av Eggishorn, så eg hadde også med joggesko. Frå toppen er det ei fantastisk utsiktover Aletschbreen.

(Dei to øverste bileta er tatt av Michael Streit, ein hyggeleg fotograf frå Austerrike som eg møtte på toppen. Sjekk hans Instagram her)



 

FREDAG 29. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Område: Härdernagrat / Riederalp
Totaltid: 5t 35min
Akk. høgdemeter: 1895
På samme måte som Matterhorn tar all fokus i Zermatt-området, er det Aletschbreen som dominerer i dette området. Alpanes største bre, 81,7 km2 og 23 km lang. Bortsett frå den lange stigninga opp i starten, gjekk 95% av dagens tur på sti. Bremseklossane får køyrt seg.

 

TORSDAG 28. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Område: Saastal
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1390
Frå Stalden opp til den kunstige innsjøen Stausee Mattmark. På sti rundt denne, og på sti ned att til Sas Balen.

 

ONSDAG 27. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6) / Stisykling
Fjell: Platthorn (3345m) frå Randa
Totaltid: 6 timar
Akk. høgdemeter: 2023

 

TYSDAG 26. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Område: Zermatt
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1199
 

Den maskinbygde stien frå Sunnegga ned til Zermatt "fant" eg på laurdagens tur, og måtte ta den igjen i dag. Fantastisk moro! 

Grei utsikt frå lunsjen i dag

Det er eit fjell som sniker seg med på dei fleste bileta frå Zermatt...

 

MÅNDAG 25. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6) / Via ferrata / Stisykling
Stad: Domhütte (2937m) frå Randa
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1560
Dom (4546m) er eit av dei største fjella rundt Zermatt. For å komma opp til Domhütte må du gå ein luftig men enkel via ferrata. Lenger nede i lia går du også over verdas lengste hengebru for fotturistar, 494 meter lang og 84 meter over bakken på det høgaste. Eit større parti av den såkalla Europaweg, ein av Alpanes mest kjente og flottaste langdistanse stiar, vart farlegare og farlegare pga. steinsprang. I 2010 ødela eit stort steinsprang den gamle hengebrua, sjølv om dette også var ei stor bru, 250 meter lang og 25 meter over bakken. Dette skjedde berre to månadar etter den hadde åpna. Derfor bestemte dei seg for å bli kvitt problemet ein gong for alle, å bygge ei gigantisk bru så høgt over dalen at den ville vera trygg uansett størrelse på steinspranga.

Via ferrataen opp til Domhüt går rett opp fjellsida

Weisshorn (4505m)

Domhütte med Dom (4546m) bak til venstre

Ein hjortefarm ligg rett over Randa. Så desse var tamme og enkelt å ta bilete av. Faktisk så tamme at eg fekk klappa og kost lenge med den eine gjennom gjerdet.

Frå arkivet: Øyvind og eg klatra Dom i juli 2002. I vår vanlege optimistiske stil tok me det i eit push, utan overnatting. 3100 høgdemeter rett opp frå Randa, og det samme ned att. Hugsar ikkje kor lang tid me brukte, men det var sikkert 16-18 timar.

 

SUNDAG 24. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Område: Zermatt
Totaltid: 6 timar
Akk. høgdemeter: 1959
Opp og ned på fantastiske stiar rundt Zermatt.

Zermatt med Matterhorn (4478m) i bakgrunnen 

Nordveggen på Matterhorn

 

LAURDAG 23. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Stad: Kinhütte (2581m) frå Randa
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1265

Kinhütte ligg ved foten av Täschhorn (4491m), i stupbratt terreng i skodda midt i biletet. Stien følger den bratte ryggen i horisonten oppover. Ingen lagar stiar som Sveitsarane gjer.

Litt til høgre for midten ser ein det gigantiske raset som skjedde i april 1991. Store deler av Längenflueberg (3 millionar kubikkmeter) kollapsa 1000 meter ned i dalen, og dekka 800 meter av jernbanen og 200 meter av vegen til Zermatt. Elva vart demt opp og førte til flaum i Randa. Ingen mennesker omkom, sidan fjellet allereie var under overvåkning og det var tydelege teikn at noko stort var i ferd med å skje.

 

FREDAG 22. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Stad: Weisshornhütte (2932m) frå Randa
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 1476
Weisshorn (4505m) er eit av dei flottaste og mest kjente 4000-metringane i Alpane. I dag var eg opp til hytta som ligg ved foten av austryggen, som er normalruta. Zermatt er det området i Alpane der det står flest 4000-metringar. Øyvind og eg har klatra nesten alle, men Weisshorn står igjen. Me gjorde eit forsøk på nordryggen ein gong, men der fekk me for tøffe forhold med mykje nysnø og is.

Sørveggen på Weisshorn

Zinal Rothorn (4221m) til høgre

Monte Rosa (4634m), det nest høgaste fjellet i Alpane

 

TORSDAG 21. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute: Stalden - Moosalp - Bürchen - Visp - Stalden
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1397
Kun asfalt i dag, men også asfalt er flott i Sveits.

 

ONSDAG 20. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Område: Crans Montana
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1075

Kun i Sveits... Når stien vert for farleg på grunn av stadig større problem med ras og steinsprang, berre bygger dei ei hengebru for å unngå det farlege partiet. 

 

TYSDAG 19. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Rute: Martigny - Champex - Portail de Fully - Lérié - Chiboz - Martigny
Totaltid: 6 timar
Akk. høgdemeter: 1990
Fantastisk rundtur i Valais i Sveits. Først ein solid motbakke på 1900 høgdemeter på asfalt, grus og etter kvart sti. Deretter ein lang traversering av fjellet Grand Chavalard på ein av dei mest spektakulære stiane eg har sykla.

 

SUNDAG 17. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Fjell: Le Brévent (2525m) frå Les Houches
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1576
Sykkel opp til Merlet, og joggesko vidare opp på Le Brévent som ligg rett ovanfor Mont Blanc, og dermed er eit av dei flottaste utsiktspunkta i dalen.

 

LAURDAG 16. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Rute: Le Houches - Servoz - Saint-Gervais-les-Bains - Les Contamines-Montjoie - Sainte-Chapelle t/r 
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 1368
Fin rundtur på asfalt, grus og nydelege stiar. Lastar alltid ned ruter på forhånd når eg vil sykle sti, dermed får ein med seg stiar som ein sannsynlegvis aldri ville funne på eigen hånd.  

 

FREDAG 15. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Stad: Grand Couloir (3350m) på normalruta på Mont Blanc, frå Les Houches
Totaltid: 7t 20min
Akk. høgdemeter: 2626

Ikkje akkurat DNT-sti på normalruta til Mont Blanc

I dag ville eg berre opp til Grand Couloir på normalruta, det var ikkje planen å forsøka seg på toppen. Grand Couloir er så langt det er mogeleg å komme med joggesko. Eg har vore tre gonger på toppen av Mont Blanc - men aldri via denne ruta. Ein av grunnane til det er nettopp Grand Couloir. På denne ruta må ein krysse Grand Couloir midt på biletet over. Coulouir betyr renne på fransk. Altså blir dette "den store renna". Den har også fått kallenavnet "Gully of death" og "Bowling alley". Og når ein ser dette biletet reknar eg med alle forstår kven som er kjeglene på bowlingbanen... Grand Couloir har gitt klatrarar mareritt og søvnlause netter i alle år, men dei siste åra har det blitt verkeleg ille. Pga. høgare temperaturar har det auka veldig med ras og steinsprang i fjella over heile Alpane. 3,7 klatrarar dør akkurat her kvart år i gjennomsnitt. I dag var det reine bombardementet med store og mindre steinar heile tida. Eg stod trygt bak den siste klippen, der klatrarane normalt står og ber til høgare makter før dei legg ut på den 1-2 minuttar lange kryssinga. Anbefaler å søke på Youtube på "Mont Blanc Grand couloir" så forstår du kvifor denne renna har fått det ryktet den har.

 

TORSDAG 14. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 6)
Fjell: La Jonction (2589m)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1592
Frå Les Bossons i Chamonix opp den skarpe ryggen som deler den bratte breen som kjem ned frå Mont Blanc i to. Dette er ei historisk rute sidan det er ruta førstebestigarane av Mont Blanc gjekk, og det er blant det mest dramatiske landskapet du finn i Alpane.

 

TYSDAG 12. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute: Morcine - Avoriaz - Pas de Chavanette (2147m) t/r 
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1296

 

MÅNDAG 11. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Tête de Bostan (2406m)
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1455
Først på sykkel frå Morcine inn dalen til Chardonniére. Så ein fin rundtur på joggesko opp på det spesielle fjellet Tête de Bostan, opp ei bratt renne på nordsida og ned att via Col de la Golèse. Dette fjellet er spesielt pga. dei geologiske formasjonane på nordsida.

 

SUNDAG 10. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Rute: Col de Joux-Plane - Les Gets - Morcine - Le Crét - Morcine - Col de Joux-Plane
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 868
Også i dag koste eg meg først på dei fine stiane ned til Les Gets, for deretter å få med meg dagens verdenscup-disiplin. I dag var det rundbane (XCO) som stod på programmet. Artig å oppleve denne sykkelgreina live, som eg har fulgt med på i mange år. Dette er ein svært publikumsvennlig idrett sidan dei syklar mange rundar inne på eit relativt lite område. I dag ni rundar på tre kilometer. Etterpå sykla eg opp att på fjellpasset Col de Joux-Plane, men denne gongen frå Morcine på nordsida.

Victor Koretzky (til høgre) vant i dag, mens Nino Schurter (til venstre) vart nummer to. Men Schurter er den store legenda i denne idretten. Han har utrulege 10 verdensmesterskap, 8 verdenscup totalsigrar og gull, sølv og bronse i OL.

Overnattar på Col de Joux-Plane med ei fantastisk utsikt mot Mont Blanc-massivet. I kveld dekka ei lita sky toppen av sjølve Mont Blanc akkurat når sola gjekk ned, på biletet ser ein Aiguille du Midi til venstre og Mont Blanc du Tacul til høgre. I går var det heilt klart og ein endå finare solnedgang.

 

LAURDAG 9. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Rute: Taninges - Samoëns - Col de Joux-Plane - Les Gets - Taninges
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1168

Col de Joux-Plane vart sykla i årets Tour de France. Dette var eit av fjellpassa der Vingegaard og Pogačar hadde årets mest intense kamp, og det var på denne etappen Pogačar vart hindra av ein motorsykkel då han prøvde å rykke rett før toppen.

Det var ikkje tilfeldig at eg sykla Col de Joux-Plane i dag. Frå toppen kan ein fråtse i nokon av Frankrikes beste maskinbygde stiar ned til Les Gets. Og der er det verdenscup i MTB (terrengsykkel) denne veka. I dag var det verdas beste downhill-ryttarar som kjempa om å vera raskast ned fjellsida. Dette er enormt stort her nede, og med heimesiger i tillegg tok det fullstendig av blant dei 25 000 tilskuarane. Ein atmosfære som eg sjeldan har opplevd maken til, ein kombinasjon av Holmenkollen og fotballkamp på Camp Nou. Mykje øl gjorde at det var like mykje ein fest som sportsarrangement, med eit ekstremt støynivå. Moro!

 

FREDAG 8. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Rute: Col des Montets - Le Tour - Refuge Albert 1er t/r
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 1555
Først litt fin stisykling til startpunktet i Le Tour, og deretter på joggesko bratt opp til fjellhytta Refuge Albert 1er.

 

TORSDAG 7. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Område: Fjella nord for Vallorcine
Totaltid: 5t 30min
Akk. høgdemeter: 1796
Svært varmt for tida. Det var meldt 32 grader i Chamonix sentrum i dag. Då er det best å halde seg i høgda.

Ikkje så ofte det er bilete av meg sjølv her, men ei hyggeleg sveitsisk dame insisterte på å ta bilete av meg. Heldigvis var ho ikkje så flink med det tekniske (hadde det vore riktig eksponert hadde eg sikkert ikkje tatt det med...)

 

ONSDAG 6. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Rute: Chamonix - Plan de L'Aiguille - Montenvers - Chamonix
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1437

 

TYSDAG 5. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Rute: Col des Montets - Argentiere - Chamonix - Les Houches - Cold de Voza - Tete de la Charme t/r
Totaltid: 7 timar
Akk. høgdemeter: 1835
Chamonix og området rundt er eit paradis for stisykling - problemet er berre å halda augene på stien når utsikta er så vanvittig flott.

Det er ikkje berre stiane som er bra i dette området, også grusvegane er over gjennomsnittet

I 1786 vart Paccard og Balmat dei første som nådde toppen av Mont Blanc (4807m). Denne statua vart reist i sentrum av Chamonix for å heidra den fantastiske prestasjonen det var. Mont Blanc ragar 3800 meter rett opp frå Chamonix sentrum.

 

MÅNDAG 4. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Stad: Lac Blanc (2352m) i Chamonix
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1008
Springeturen i fjellsida på nordsida av Chamonix er ein av favorittane i Alpane. Utsikta mot Mont Blanc-massivet må berre opplevast.

 

LAURDAG 2. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) frå Hjelle
Totaltid: 2t 43min
Akk. høgdemeter: 1058

 

FREDAG 1. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute: Skjervet - Rundt Vangsvatnet - Bømoen
Totaltid: 2t 47min
Akk. høgdemeter: 462