oktoBER 2021
LAURDAG 30. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 1495
I dag gjekk Limone Extreme Skyrace av stabelen, med dei fleste av verdas beste på startstreken. Med sine 22,2 kilometer og 2055 høgdemeter er dette løpet eit av dei mest legendariske fjelløpa i verda. Det er altså ikkje eit eit reint motbakkeløp (sjølv om det startar med 1600 meter rett opp), traséen følger ein spektakulær fjellrygg opp og ned, og avsluttar med 1400 høgdemeter rett ned. Rått å sjå farten på dei raskaste, spesielt nedover. Eg kombinerte det å vera tilskuar med ein lang fin rundtur langs ein del av traséen i fjella på vestsida av Limone.
FREDAG 29. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 1993
Når ein er i Riva del Garda må ein nesten få med seg den klassiske rundturen over Passo di Tremalzo. Frå Campione del Garda nede ved Gardasjøen, opp over Corno della Marogna (1855m) som er turens høgaste punkt. Men i staden for å ta vegen via San Michele ned att, tok eg stien ned til Bocca di Fobia og vidare til Cima Mughera. Utruleg flotte omgivelsar.
(Bilete frå ein tidlegare tur)
TORSDAG 28. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Monte Cornetto (1899m)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 845
Fin rundtur over Monte Cornetto. Det var ein kort via farrata rett under toppen, men det var eg ikkje klar over så eg hadde ikkje med utstyr. Men den var heldigvis enkel så det gjekk greitt å komma seg opp uansett. Viss ikkje måtte eg ha sprunge ned att samme veg som eg kom opp.
Bilete av topp-partiet på Monte Cornetto tatt for eit par dagar sidan frå andre sida av dalen. Du ser stien kjem opp på venstre sida og ned att på høgre.
ONSDAG 27. OKTOBER
Aktivitet: Via ferrata/stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Cimon del Soglio Rosso (2040m), det høgaste av fleire fjell som via ferrataen gjekk over
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 1228
Ferrata Falcipieri opp til Rifugia Achille Papa, og så sprang eg militærvegen Strada delle 52 gallerie ned att. Vanskeleg å peike ut kva som var mest spektakulært. Via ferrata er alltid artig, men stien ned att var heilt klart ein av dei meir minneverdige eg har sprunge.
Strada delle 52 gallerie (vegen med 52 tunellar) vart bygt av italienarane under 1. verdenskrig, for å få mannskap og forsyningar fort fram til fronten oppe i fjella. Det er eigentleg meir ein sti enn ein veg, og det gjekk ikkje an å køyre med hest og kjerre på den. Mange av tunellane er ingeniørkunst av høg klasse, blant anna er den lengste tunellen totalt 370 meter lang, og går i mange spiralar nedover i fjellet.
TYSDAG 26. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1235
Rundtur frå Pian delle Fugazze på Strada degli Eroi (militærveg frå 1. verdenskrig) opp til passet Comando Italiano (2085m). Ned att Strada degli Scarubbi. Flotte haustfargar i fjellet no.
MÅNDAG 25. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Cima Palon (2232m) frå Pian delle Fugazze
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1242
SUNDAG 24. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1171
Frå Rovereto opp Vallarsa til Pian delle Fugazze (1163m), fjellpasset mellom provinsane Trento og Vicenza.
LAURDAG 23. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing/via ferrata (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Cima Rocca (1090m) frå Riva del Garda
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1371
Frå Riva på bratt sti opp Val Sperone, og vidare på Via ferrata Fausto Susatti opp ryggen og og opp på Cima Rocca (1090m). Det siste stykket gjennom opp til 100 meter lange tunnelar i fjellveggen (frå 1. verdenskrig, då det var ein langvarig stillingskrig mellom Italienarane og Austerrikarane i fjella rundt Gardasjøen). Vidare på stien/via ferrataen som går i fjellveggen under Corna Frea (1204m) og ned att til Riva. Spektakulær rundtur.
Via ferrata Fausto Susatti kjem opp på Cima Capi (909m) frå Gardasjøen. Vidare på ein veldig artig sti over ryggen og opp på Cima Rocca (1090m) som biletet er tatt frå.
Stien går vidare på ei fjellhylle horisontalt i fjellveggen til venstre, ned til skaret til høgre, og stuper så rett ned att til Riva.
FREDAG 22. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 1169
Frå Riva til Molveno via Pietramurata. Molveno ligg under det imponerande Brentamassivet, som er eit av dei mest karakteristiske fjellmassiva i Dolomittane.
ONSDAG 20. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Cima di Mughera (1161m) frå Limone sul Garda
Totaltid: 1t 57min
Akk. høgdemeter: 1171
Eg likar best å utforska nye stader, men ingen hausttur til Alpane er komplett utan nokre dagar ved Gardasjøen. Ein av grunnane til det er stien eg tok i dag. Det blir ikkje stort flottare (og brattare) enn dette. I tillegg er det indian summer for tida, og det føltes som 25 varmegrader i solsteiken oppover den skarpe ryggen.
(Bilete frå ein av mine tidlegare turar)
Dette var utsikta frå leirplassen min i måneskinet i går kveld. Dette har gjennom åra vore fast leirplass i Riva del Garda når eg bur i bilen.
TYSDAG 19. OKTOBER
Aktivitet: Via ferrata (Merrell Altalight)
Fjell: Monte Coltignone (1471m)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1099
Monte Coltignone er fjellet som ligg rett over Lecco. Det går fleire via ferrataer opp til toppen.
MÅNDAG 18. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1140
Har forflytta meg frå høglandet ned til låglandet ved Comosjøen. Dvs. det er høge fjell her også, over 2000 meter rett opp frå sjøen. Men sjøen ligg berre 198 meter over havet, så klimaet er varmt sjølv no i siste del av oktober. Sykla frå Lecco langs den pittoreske og vakre "kystlinja", og så ein tur opp i høgda til Forcella di Olino (1158m). Kunne sykle dei 1000 høgdemetrane ned att kun i kortarma sykkeltrøye - våt av svette. Fantastisk vær for tida.
SUNDAG 17. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1187
Sykkel frå Donnas opp til Champorcher. Asfalt opp og delvis på den gamle kongevegen ned att.
LAURDAG 16. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Alta Luce (3184m) frå Staffal
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1408
Lyskamm (4527m)
FREDAG 15. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 1644
Sykkel frå Point-San-Martin inn Valle del Lys via Gressoney til Staffal. Staffal ligg rett under Lyskamm (4527m).
TORSDAG 14. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Corno Bussola (3023m)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1885
Matterhorn til venstre, Monte Rosa-massivet til høgre
Mont Blanc til høgre
ONSDAG 13. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1637
Sykkel frå Champoluc på kjerreveg opp til Alpe di Ferra og vidare på joggesko opp til litt forbi Rifugio Ottorino Mezzalama (3036m). Snudde ved 3200m då det vart mykje snø.
Frå arkivet: På dagens tur var eg rett under Breithorn, Pollux, Castor og Monte Rosa-massivet. Spennande å sjå desse fjella frå sørsida til ein forandring. Her er ein del bilete frå Øyvind og meg sine mange klatreturar på desse fjella, og andre 4000-metringar i Alpane.
Dette var vår årvisse leir på campingplassen i Täsch, nabolandsbyen til Zermatt. Me var sikkert ikkje så populære hjå naboane våre... Ikkje såg det bra ut - og me stod ofte opp midt på natta. Men me hadde kun fokus på store fjell, og dette var berre ein base for å kvile mellom slaga. Og når me ikkje klatra, så brukte me tida på sykkelen.
(Til vårt forsvar så trur eg dette biletet vart tatt midt i oppryddinga etter ein storm som hadde herja med leiren vår mens me var i fjellet)
TYSDAG 12. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1537
Har forflytta meg til ein ny dal - Valle di Ayaz. Frå Verres via Antagnod til Champoluc. Via Periasc ned att. Champoluc ligg rett under 4000-metringane Breithorn, Pollux og Castor.
MÅNDAG 11. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Fjelltur (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 1623
Sykkel frå Valtournenche til Cervinia og vidare på kjerreveg opp til Rifugio Duca degli Abruzzi (2802m) som ligg ved foten av Matterhorn på sørsida. Dei fleste som klatrar Matterhorn frå Italia overnattar her, før dei startar mot toppen. Som regel tar dei ei overnatting på Rifugio Carrell (3830m) også, som er ei av dei mest eksponerte hyttene i Alpane der den ligg på den sylskarpe Liongrat - sørvestryggen på Matterhorn. Eg fortsatte på joggesko så langt oppover som det er mogeleg å komme utan klatreutstyr (ca. 3170m).
Fin soloppgang på Matterhorn
Cervinia
Rifugio Duca degli Abruzzi (2802m) ligg 1700 høgdemeter rett under toppen av Matterhorn
Det er uvanleg med klatring på Matterhorn så seint på hausten etter at nysnøen har lagt seg. Så eg vart overraska då det plutseleg kom eit ambulansehelikopter og heiste opp ein person frå ryggen rett ved Rifugio Carrell (3830m). Det stod eit einsleg lite einmanns-telt rett over Rifugio Duca degli Abruzzi, så kanskje det var ein som hadde forsøkt seg åleine mot toppen.
Eg snudde då eg nådde breen midt i biletet over (og under)
Frå arkivet: Øyvind og eg klatra Matterhorn frå Zermatt via nordaustryggen (Hörnli Ridge) i juli 2002. Været slo om i det me stod på toppen, og me fekk ein litt hektisk tur ned att.
SUNDAG 10. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 5t 40min
Akk. høgdemeter: 1886
Sykkel frå Chantorné Inferiore til Lago Cignana. Joggesko opp til Gran Lago og Rifugio Perucca-Vuillermoz (2900m). Ned att og opp på Monte Pancherot (2614m). Dette fjellet er kjent for utsikta mot Matterhorn.
Breithorn (4164m) stikk opp (til venstre) bak brekuppelen Gobba di Rollin (3899m)
Breuil-Cervinia (2050m) er Italia sitt svar på Zermatt, der den ligg rett under Monte Cervino (4478m). Monte Cervino er det italienske navnet på Matterhorn. Grensa mellom Italia og Sveits går over toppen.
FREDAG 8. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1093
Frå Filey opp til fjell-landsbyen Chamois (1805m), den einaste landsbyen i Italia du ikkje kan komme til med bil, kun med taubane. I 1965 kunne dei få veg fram til landsbyen, men 95% av innbyggarane stemte mot. I dag er det kun 100 innbyggarar igjen her, og dei er kjent for å leve eit "slow speed" liv i pakt med naturen. Dei har fokus på miljøvenleg energi og klimamessig bærekraft i det meste av det dei gjer. Av den grunn - og sjølvsagt også fordi det er ein veldig koseleg landsby i storslagne omgivelsar - trekker Chamois til seg masse fotturistar om sommaren, men i dag var det knapt ein einaste turist der. Det går ein kjerreveg langs fjellsida til nabolandsbyen, men den er stengt for vanleg biltrafikk.
Frå andre sida av dalen er Chamois den vesle landsbyen oppe i fjellsida til høgre. Taubanen går rett ned i dalen under. Matterhorn til venstre.
TORSDAG 7. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Fjelltur (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Cima Bianca (3008m)
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 1602
Sykkel frå Mongnod til Grotte de Lo Loup, og på joggesko vidare opp på Cima Bianchi med fantastisk utsikt mot Matterhorn og Monte Rosa-massivet. Burde hatt fjellsko i dag, sidan ryggen og toppen var dekt av nysnø.
Dette er utsikta frå "leirplassen" min for tida. Solnedgangen på Matterhorn vart nytt med ein enkel men utsøkt middag - lokal skinke frå Valtournenche, lokal ost frå Mongnod, lokal focaccia frå Mongnod, lokal oliven frå Champagne og lokal rødvin frå Aosta. Uforgløymeleg - både mat og utsikt.
ONSDAG 6. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 2088
Frå Champagne gjennom mange små landsbyar oppover fjellsida, til Colle di San Pantaleone. Ned på andre sida gjennom endå meir spektakulært plasserte landsbyar til Filey. Vidare inn dalen til Valtournenche, før eg returnerte ned att hovedalen via Chatillon.
TYSDAG 5. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 565
Har forflytta meg over grensa til Aosta-dalen i Italia. I går regna det mykje, så det passa fint å ta ein kviledag. I dag var det opphaldsvær men overskya, så eg tok meg ein tur på fine stiar i dalsida over Aosta. Også litt sightseeing i den historiske gamlebyen i Aosta. Sightseeing på sykkel er perfekt restitusjonstrening.
SUNDAG 3. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 1993
Frå Sion opp Val de Nendaz til Lac de Cleuson og vidare opp til Cabane St. Laurent (2486m). Brunstbrøla til hjorten høyres over alt i dei bratte dalsidene for tida. I dag sat eg ei stund med kikkert og fulgte med på to jevnstore kronhjortar som gjekk rundt og irriterte kvarandre på ei stor fjellhylle høgt over meg. Det var nok rett før det smalt skikkeleg, for det var ingenting som tyda på at dei var einige om kven som var størst.
Sveitsarane er kjent for å vera presise, men her overdriv dei litt. Vel var det ein av dei brattaste asfaltvegane eg har sykla, men i underkant av 30% tenker eg er meir reellt.
LAURDAG 2. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 2181 opp/1100 ned
Cinq 4000 er eit av verdas mest kjente og tradisjonsrike trailrunning-løp (fjellmaraton) og går frå Sierre til Zinal. Verdas aller beste utøvarar konkurrerer i eit løp som er 31 kilometer og 2200 høgdemeter. Utsikta mot dei høgaste fjella i Alpane pregar løpet, og det er like mykje ein folkefest for massane som ein konkurranse for eliteutøvarane. Starten er 1600 meter rett opp, før resten av løpet bølgar opp og ned - på fantastiske stiar - på vestsida av Val d'Anniviers mot Zinal innerst i dalen. I dag hadde eg traséen stort sett for meg sjølv. Vel framme i Zinal rakk eg akkurat ein god middag på ein koseleg liten kafé, før bussen gjekk ned att til Sierre.
Matterhorn (4478m)
Endeleg dukkar Zinal opp innerst i dalen, og innspurten går bratt ned lia
FREDAG 1. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 2047
Frå Sion opp til Col de Sanetsch (2253m), og ned til Sanetschsee på nordsida. Opp over passet att og ned via Chandolin slik at det vart ein fin rundtur. Det er så fine temperaturar at eg brukar kun korttrøye, både til fots og på sykkel. Sjølv på Barrhorn (3610m) brukte eg kun t-skjorte og kort tights.