MARS 2021

 

ONSDAG 31. MARS
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 1018
Bjarte og eg. Ein runde i Skulestadmo, så gjennom Bømoen og opp Budalen via Selheim. Ned att via Bjørke. Skikkeleg vårfølelse i "solsteiken" oppover mot Budalen.

0331 1 

 

MÅNDAG 29. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Horgaletten frå Bavallen
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 675

 

LAURDAG 27. MARS
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Sollikamben (799m)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 620

0327

 

TORSDAG 25. MARS
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 8t 10min
Akk. høgdemeter: 1604
Distanse: 68,6 km
Øystein og eg. Lang rundtur: Geilo - Kikut - Tuva - Haugastøl - Bjørnabulægret - Prestholtstølan - Geilo. Som på tysdag var det stort sett raske forhold, men under Hallingskarvet fekk me ca. ei mil med tøffe snøforhold der dei breie dekka verkeleg kom til sin rett. Dersom det trengs kan ein sykle ein fatbike heilt utan trykk i dekket. Dvs. 0 bar. Ved å sette seg på sykkelen trykker du då dekka ut som  to store "truger" på snøen. Denne samantrykkinga skapar ei ørlite trykk i dekket, akkurat nok til å unngå at ein syklar på felgen. Når du kjem på hardare snø pumpar du berre opp dekktrykket att (noko som forresten kan vera litt av ein jobb dersom du har lita pumpe...)

0325 8

0325 8

0325 8

0325 8

0325 8

0325 8

0325 8

0325 8

  

ONSDAG 24. MARS
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Geilo
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 231
Dagens andre økt var eit faktum då eg møtte Øystein på Geilo og me tok oss ein tur med fatbikane i langrennsløypene rundt Ustedalsfjorden. 

0324 2

0324 2

 

ONSDAG 24. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Skurvefjellet (1741m) frå Hemsedal
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1142

0324

 

TYSDAG 23. MARS
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Rute: Geilo - Bromma
Totaltid: 8t 40min
Akk. høgdemeter: 2033 opp / 2634 ned
Distanse: 91,8 km
Langtur frå Geilo over Kikut, Sangefjellet (1194m), Dyna (1212m) og Hallingnatten (1314m) til Bromma.

0323 11

0323 11

0323 11

0323 11

0323 11

0323 11

0323 11

0323 11

 

MÅNDAG 22. MARS
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1311
Dobbeltur i Lærdalen. Først frå Hønjum opp til den karakteristiske Jutlamannen som ein ser når ein køyrer E16 oppover dalen. Deretter frå Husum opp kjerrevegen til Vindhella, og vidare på sti oppover mot Åsen. På begge turane snudde eg der snøen gjorde det utfordrande å fortsetta. Tørre og fine stiar, som ofte er tilfelle i indre deler av Sogn.

0322 9

Frå Kulturhistorisk leksikon:
"Kong Olav og mennene hans hadde meint seg over fjellet for å kristne valdresane i 1023. Dei kvilte i tunet på garden Nordre Bjørkum. Olav skulle sko hesten sin, men bomma på saumen slik at hamaren gjekk i ein stein. Då kom det ein kaldskratt frå fjellet. Eit troll sto der og lo av kongen. Olav vart sint og mana trollet til stein og bad han stå der til han kom att ein gong."

0322 9

0322 9

0322 9

0322 9

0322 9

 

SUNDAG 21. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Nesheimshorgi (1133m)
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 832
Etter ein lystig laurdagskveld på hytta til Guttorm, gjekk eg i dag ein roleg tur frå Bulko opp på Nesheimshorgi. Opp aust for Lyklaknappen, ned att via Horgastølen og vest for Lyklaknappen.

0321 1

0321 2

 

LAURDAG 20. MARS
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Bømoen
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 298

 

FREDAG 19. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Fortoppen på Skreieggi (ca. 1275m)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 858
Martin, Hans-Inge og eg.

0319

 

TORSDAG 18. MARS
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Bømoen
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 350
Geir Ove, Rune, Bjarte, Hans-Inge og eg.

 

ONSDAG 17. MARS
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute: Vangen - Bømoen - Istad - Skjervet - Granvinsvatnet - Vangen
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 567
Bjarte og eg.

0317

 

TYSDAG 16. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Ingebjørgfjellet (1210m) og Midtfjell (1255m)
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 1689
Pudder og sol! For første gong i vinter kunne eg gå i t-skjorte. Våren er på veg.

0316 9

0316 9

0316 9

0316 9

0316 9

0316 9

0316 9

0316 9

0316 9

 

MÅNDAG 15. MARS
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Område: Skogsvegar og grusvegar i Skulestadmo-området, og ein runde rundt Vangsvatnet til slutt.
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 588
Bjarte og eg.

 

SUNDAG 14. MARS
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Område: Bømoen - Opeland - Fenno - Svelgane - Bømoen
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 616
Rune og eg.

0314 2

Me fann ein del fin, ny sti i dag. Men ikkje alt var flytsti.

 

LAURDAG 13. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Horndalsnuten (1461m) og Byrseteggi x 2 (1025m)
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 1550
Frode, Alex, Torben, Geir Arne, Brynjulv og eg. Horndalsnuten frå Fennastølane, over Byrseteggi begge vegar. Bra føre, men til tider flatt lys.

0313 3

0313 3

 

TORSDAG 11. MARS
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Bømoen
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: ca. 320
Bjarte og eg.

 

TYSDAG 9. MARS
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube Stereo 160)
Stad: Flåmsdalen
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1019
Frå Flåm inn Flåmsdalen. Halvvegs opp Myrdalssvingane måtte eg snu pga. blankpolert is under eit par cm. nysnø. På veg ned att tok eg turen opp til fjellgarden Vidme, som ligg imponerande til under det karakteristiske fjellet Vidmesnosi (1281m).

0309

 

MÅNDAG 8. MARS
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Høgåsen (857m) i Aurland
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 885
Frå Fossheim i Aurland opp lia til Høgåsen. Dette er ein flott sti som startar rett ved Lærdalstunnelen. Aurland er eit lite mekka når det gjeld stispringing, og no er det perfekte forhold. Knusktørt og snøfritt opp til over 800 moh.

0308 3

0308 3

0308 3

 

SUNDAG 7. MARS
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 778
Bjarte og eg. Opp via Tverrberg nesten til Øvraset i Budalen. Snøen stoppa oss ikkje før 600 moh. Litt sti i Bømoen til slutt.

0307 2

 

FREDAG 5. MARS
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 748
Når skiføret er dårleg, er det som regel gode forhold for fatbike i fjellet. Starta frå Mjølfjell, først opp Rjoandalen og vidare opp Såtedalen nesten til Såteskaret. Frå Såteskaret vurderte eg å sleppa meg ned på andre sida til Grindaflethytta, men sidan det her oppe var knekkebrødskare som sjølv ikkje Moonlanderen sine 4,8" breie dekk kunne takle, bestemte eg meg for å snu der. Kjempeføre under 1100 meter, og turen ned att gjekk unna. Å køyre fort nedover med fatbike, i bølgande fjellandskap, på perfekt skare, er ein av dei artigaste aktivitetane eg driv med. Spesielt når bekkedalar blir perfekte halfpipes der ein kan krysse att og fram og komme høgt opp i sidene. 

0305 3

0305 3

 

TORSDAG 4. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Stad: Blåskavlen (1809m) i Aurland
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1099
Nydeleg cruisingføre. To cm. nysnø på fin skare.

0304 2

0304 2

 

ONSDAG 3. MARS
Aktivitet: Stispringing (Salomon Snowspike)
Stad: Aurlandsdalen
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 922
Inn Aurlandsdalen og opp Hungersholten over fjellgarden Teigen, som ligg på sørsida av dalen, rett ovanfor Sinjarheim. Var opp til 760 moh. Snøfritt opp til over 700 moh.

0303 5

Der Aurlandsdalen startar nede i Vassbygdi hadde trolla stengt stien. Dei vil tydelegvis ha dalen for seg sjølv i vinterhalvåret.

0303 5

Utsikt frå Hungersholten (760m) over til Sinjarheim (585m). Du ser fjellgarden midt i biletet på andre sida av dalen.

0303 5

Sinjarheim

0303 5

Prøvde meg vidare innover stien i Aurlandsdalen også, men tok ikkje sjansen på å passere denne bowlingbanen rett under Sinjarheim. All is som kom ned passerte stien i løpet av få sekund. 

 

TYSDAG 2. MARS
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen og Prestegardsmoen
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 238
Heilt roleg tur på dei aller finaste stiane for å teste skuldra. Gjekk greitt så lenge eg tok det veldig forsiktig. (Dagens tur var sponsa av Paracet og Ibux).