JANUAR 2016

 

SUNDAG 31. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 740m
Stad: Halvmeterskogen, Myrkdalen
Deltakarar: Synnøve, Even, Martin, Øyvind, Jarle
Halvmeterskogen levde opp til navnet i kveld. Tre nydelege nedkøyringar i botnalaust pudder.

0131 

 

LAURDAG 30. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 2245m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Min villaste kveld i Tverrlia. 25 cm. pudder når eg kom. På 5 timar la det seg 15 cm. til. Uten firehjulstrekk trur eg ikkje eg hadde klart å komme meg derifrå etterpå. Kan ikkje hugse at eg har opplevd eit tilsvarande kontinuerleg snøfall på så kort tid. Og skikøyringa kan berre beskrivast med eit ord - pudderbonanza! Fire nedkøyringar, to frå toppen og to frå litt over tregrensa.

0130 

 

FREDAG 29. JANUAR
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: ca. 770
Brynjulv og eg tok oss ein tur opp i høgda for å bryna oss litt på Tor. Han lot oss komma heilt opp på Horgaletten, men det var så vidt me klarte å halda oss på beina i dei verste vindkasta. Så ned att og langs løypa nesten opp på Slettafjellet før me endeleg fekk vinden i ryggen ned att. Uten stormbriller og heilt tildekka ansikt hadde det vore umogeleg i kveld. Me følte oss til tider sandblåst, og me såg sikkert ikkje heilt edru der me synkron-sjangla bortover i vindkasta. Men artig å verkeleg få føla naturkreftene på kroppen.

 

TORSDAG 28. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1870m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Fantastiske forhold i Tverrlia i kveld. 20 cm. pudder når eg kom og det kom 5 til på dei få timane eg var der. Tre nedkøyringar, dei to siste frå litt over tregrensa sidan det var ein del vind og vindpåvirka snø øverst mot toppen.

 

ONSDAG 27. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 1225
Øyvind, Martin og eg. Starta i Bavallen og gjekk opp på Slettafjellet (917m). Raskt føre i løypene, men veldig bra utanfor også, sjølv om det har vore plussgrader heilt til topps. Det var så bra at me tok to turar.

 

MÅNDAG 25. JANUAR
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 310
Springetur i Storåsen.

 

SUNDAG 24. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 615
Brynjulv, Martin, Øyvind og eg. Bavallen - Slettafjellet (917m) - Bavallen. Raskt føre i løypene.

 

LAURDAG 23. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1475m
Stad: Tverrlia, Jordalen
15 cm. nysnø sidan torsdag. Fortsatt kjempefine forhold sidan denne lia er beskytta av vinden som no kjem frå sør. To nedkøyringar.

 

FREDAG 22. JANUAR
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 1035m
Starta i Bavallen. Frå Vådalseggi slapp eg meg rett ned i Vådalsbotnen. Fint føre når eg kom litt ned i fjellsida. Opp att samme vegen og i nypreparerte alpinløyper ned att til Bavallen.

 

TORSDAG 21. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 5t 50min
Akk. høgdemeter: 3200m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Deltakarar: Ove, Bjarne, Even, Guttorm, Øyvind, Jarle
Ny fantastisk kveld i Jordalen. Som sist kom det etter kvart ein heil gjeng og slo seg med på morroa. Det seier litt om kor bra forholda er no når eg målte 77,4 km/t som max fart. Fire nedkøyringar.

0121 

 

TYSDAG 19. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 6t 05min
Akk. høgdemeter: 3200m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Deltakarar: Guttorm, Øyvind, Jarle
Ein bokstaveleg talt strålande kveld i Jordalen. Månestrålane bada fjellet i eit utruleg lys, og pudderet var sjølvsagt strålande også. Fire nedkøyringar.

0119 1

0119 7

0119 7

0119 7

0119 7

(Foto: Øyvind Birkeland)

 

MÅNDAG 18. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1395m
Stad: Halvmeterskogen, Myrkdalen
Even, Martin og eg hadde full klaff i Halvmeterskogen i kveld. Nydeleg pudder, intenst månelys og vindstille. Ein ubeskriveleg flott kveld. Fire nedkøyringar.

0118 3

0118 3

0118 3

(Foto over: Martin Hindenes)

0118 4

 

SUNDAG 17. JANUAR
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 1920m
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Øyvind og eg antok at vestflanken på Horndalsnuten måtte vera perfekt no, sidan vinden kom frå nordaust rett etter snøfallet på fredag. Det var den! To nedkøyringar, den siste frå sadelen. Over Byrseteggi (1025m) begge vegar.

0117 6

0117 6

0117 6

Rett etter me passerte spratt denne karen ut for å sjekka spora våre

0117 6

Først sjekka han Øyvind sitt spor

0117 6

Så sjekka han mitt

0117 7

0117 7

(Bilete over: Jarle Trå / Bilete under: Øyvind Birkeland)

0117 7

0117 3

0117 7

0117 11

0117 10

0117 11

  

LAURDAG 16. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 2250m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Nydeleg kveldskøyring i Tverrlia. Endeleg vart det Kuro-forhold att!

 

FREDAG 15. JANUAR
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: ca. 300
Fin springetur i Storåsen. Sprang med piggsko sidan eg mistenkte skumle isforhold under nokre centimeter med nysnø. Og dei gjorde jobben, trur dei forhindra minst to doble kreperte saltoar.

 

TORSDAG 14. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 615m
Fjell: Slettafjellet (917m)
Martin, Even og eg på tur i skianlegget. Flott føre ned att i fine løyper med nokre cm. nysnø.

 

ONSDAG 13. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 1220
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Brynjulv og eg traff bra med forholda i kveld. 5 cm pudder hadde lagt seg stort sett jevnt heile vegen til topps.

 

MÅNDAG 11. JANUAR
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: ca. 280
Stad: Bømoen
Even, Martin og eg. Dei to centimetrane med snø som kom i går ødela heldigvis ikkje dei flotte forholda i Bømoen.

 

SUNDAG 10. JANUAR
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: ca. 300
Stad: Bømoen

 

LAURDAG 9. JANUAR
Aktivitet: Skarepringing
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1220
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Fin springetur på Horgje frå Bavallen. Ikkje ofte det føles riktigare med joggesko framfor ski i høgfjellet vinterstid, men det gjer det no.

 

FREDAG 8. JANUAR
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: ca. 220
Martin, Øyvind og eg raste rundt på stiar i Bømoen på vinterens til no kaldaste dag. Ingen problem at skiføret er elendig så lenge forholda for stisykling er så perfekte som dei er no.

0108

Martin er stisyklingens svar på Børge Ousland

 

TORSDAG 7. JANUAR
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1490
Fjell: Skorafjellet (1583m) frå Mjølfjell
Hytta til Mads var utgangspunktet for ein kald skitur på Skorafjellet. Sikkert ned mot 25 minus og frisk bris på toppen. Godt å tilbringa kvelden framfor peisen i ei varm hytte etter ein slik tur.

0107 4

0107 4

0107 4

0107 4

0107 6

Vesle Balder er for liten for lange skiturar endå, så han måtte finna seg i å vera igjen på hytta.

 

TYSDAG 5. JANUAR
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: ca. 300
Martin og eg satsa på stisykkel i kveld - 5.januar! Det er vel ein slags kuriøs rekord, på samme måte som topptur på ski på Olsskavlen 13. august i fjor. Her må ein berre henga med i svingane og utnytta mogelegheitene som byr seg når vær og klima ikkje oppfører seg heilt som normalt. Me var litt spente på kva forhold som venta oss i Bømoen, men etter litt testing i dei første sti-partia vart det fort klart at grepet var minst like bra som på ein tørr sommardag. Faktisk har me sjeldan opplevd så gode forhold som me hadde i kveld. Grepet var enormt, både i motbakkar og i raske svingar. Dei 10 minusgradene gjorde at demparane både bak og framme var trege som sirup og oppførte seg heilt annleis enn på ein varm sommardag, og den hydrauliske dropseaten nekta etter kvart å løfta seg opp i normalposisjon att. Men på tross av det vart dette ei svært morsom sti-økt som me kjem til å hugsa lenge. Avslutta med eit par raske rundar i Prestegardsmoen.

 

MÅNDAG 4. JANUAR
Aktivitet: "Skarepringing"
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 930
Rute: Bordalsgjelet - Hindartveit - Sandfjellet

0104 2

0104 2

 

SUNDAG 3. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: ca. 3t 50min
Akk. høgdemeter: ca. 1580
Fjell: Horndalsnuten (1461m) frå Fennastølane
Øyvind og eg valgte smale ski i dag sidan me rekna med skare og ikkje heilt optimale forhold. Men heldigvis var det ikkje den verste varianten av skare. Litt vind på toppane men alt i alt ein flott tur i strålande vær. Over Byrseteggi (1025m) begge vegar.

0103 3

0103 3

0103 3

Når vinden og temperaturen vert for ille kan Øyvind faktisk trekka hovudet ned i kroppen.

 

LAURDAG 2. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 885
Fjell: Fyresnipa (1461m) frå Nosi i Jordalen

 

FREDAG 1. JANUAR
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 370
Stad: Tvildesåsen og Storåsen
Dei høge temperaturane har gjort stiane i Storåsen heilt snøfrie att. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko.