FEBRUAR 2016

 

ONSDAG 24. FEBRUAR - SUNDAG 6. MARS
På Kilimanjaro. Følg med her

Kilimanjaro 24 feb 2016 248

Kilimanjaro 24 feb 2016 248

Kilimanjaro 24 feb 2016 248

 Bryson – den kulaste guiden på Kilimanjaro – tar ansvar og sørger for at ikkje bærarane må bæra Champagne ned att

 

TYSDAG 23. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 645m
Deltakarar: Guttorm, Øyvind, Martin, Even, Jarle
Me starta på Gjelle og gjekk via Roset opp på kanten mot Sandfjellet. Botnalaust ned att.

0223

 

MÅNDAG 22. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 2980m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Brynjulv fekk i kveld oppleva Tverrlia på det aller beste. Sjølv om denne lia nesten alltid er bra, er det ikkje ofte det ligg 30 cm. pudder på toppen, nesten 1300 moh... Og nedover skogen var det berre å køyra dei aller artigaste og bratte linjene ned elvegjelet, no er det så mykje snø at alt er mogeleg. Fire nedkøyringar frå toppen.

 

SUNDAG 21. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 955m
Stad: Lamalia, Tesdal
Deltakarar: Øyvind, Martin, Even, Jarle
Kor mykje pudder det er no er vanskeleg å anslå, skistaven rekk knapt nok ned til noko som kan minna om fast snø. Lamalia frå Tesdal er ei artig lita pudderli som gir mykje moro på slike dagar. Tre nedkøyringar.

0221 3

0221 3

(Bilete: Martin Hindenes)

 

LAURDAG 20. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 2040m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Laurdagskveldane i Jordalen slår aldri feil - laurdag er definitivt den beste pudderdagen. Slik var det i fjor og slik har det fortsatt i år... merkeleg! I kveld var det 25 cm. pudder og nesten fullmåne. Fire nedkøyringar, to nesten frå toppen og to frå litt over tregrensa.

 

FREDAG 19. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 1t 53min
Akk. høgdemeter: 730m
Martin og eg utforska området nord for Steine. Me snudde nokre meter under Grånobbi (1077m) sidan vinden auka fort på. Dette området må utforskast meir framover, her er det mange spennande linjer på 4-500 høgdemeter i dei fleste himmelretningar.

 

TORSDAG 18. FEBRUAR
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 540
Rute: Tråstølen - Horgaletten - Slettafjellet - Tråstølen.

 

ONSDAG 17. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 2630m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Nydeleg kveld i Jordalen. Litt vindpåvirka øverst men veldig bra lenger nede. Fire nedkøyringar. Sidan det var dårleg øverst var det berre ein gong eg starta frå toppen.

 

MÅNDAG 15. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 1t 23min
Akk. høgdemeter: 685m
Martin og eg tok ein kveldstur frå Tillung opp på Sandfjellet. Strålande måneskin og perfekt føre ned att. Definitivt meir pudder i dette området enn på Raundalsryggen akkurat no.

 

SUNDAG 14. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 2095m
Fjell: Olsskavlen (1576m), Nordbotnnuten (1471m)
Deltakarar: Brynjulv, Øyvind, Jarle
Fantastisk dag i det råaste skiterrenget i området vårt! Sjølv om føret var utfordrande og varierande så legg ikkje det mykje dempar på gleda når turen ellers var så flott som den var i dag. Me fekk ein nedkøyring av sørflanken på Olsskavlen og ei ned "Trollarenna" frå Nordbotnnuten ned i Trollabotnen.

0214 7

0214 7

0214 7

0214 7

0214 7

0214 7

(Bilete over: Jarle Trå / (Bilete under: Øyvind Birkeland)

0214 13

0214 13

0214 13

0214 13

0214 13

0214 13

0214 13

  

LAURDAG 13. FEBRUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 370m
Harde og fine langrennsløyper i Herresåsen er perfekt for ein rask tur med fatbike.

 

FREDAG 12. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 5t 05min
Akk. høgdemeter: 2285m
Fjell: Seldalsnuten (1548m), Stavaskar (1258m)
Nøye utvalgt rute i dag for å få best mogeleg føre. Superflanken ned frå Seldalsnuten var heilt nydeleg. Pudderet får ligga upåvirka av vinden her nesten uansett kva retning den kjem frå. I dag var det tendensar til vårstemning med vindstille og ei sol som varma godt. Rute: Liaset - Stavaskar - Fagnastøl - Rastiklov - Seldalsnuten - Fagnastøl - Sla i Stavaskar (Stavaskaret) - Liaset

0212 4

0212 4

0212 4

0212 4

  

TORSDAG 11. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1750m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Tre nedkøyringar, ein frå toppen og to litt over tregrensa. Vinden har fjerna pudderet høgt oppe, men fortsatt veldig bra litt lenger nede i lia.

 

ONSDAG 10. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 2260m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Øyvind og eg hadde sterke mistankar om perfekte forhold i Tverrlia. Og mistanken viste seg å vera berettiga. 10 - 15 cm. heilt frå toppunktet. Ikkje eit vindpust hadde påvirka snøen. Tre nedkøyringar.

 

TYSDAG 9. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 940m
Martin, Øyvind og eg gjekk frå Bavallen opp på Slettafjellet (917m). Så nydelege forhold ned i Dyrvedalen til stølen Kviting. Opp att på toppen og like fine forhold ned att mot Bavallen. Litt fuktig snø under 700 moh, men det ligg an til å bli fantastiske forhold framover med dei langtidsmeldingane som er no.

 

MÅNDAG 8. FEBRUAR
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: ca. 800
Gjekk frå Bavallen over Bavallstoppen og sprang ein runde via Hanguren. Ned att storslalomløypa.

 

FREDAG 5. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1950m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Fire nedkøyringar, to frå rett under toppen og to frå litt over tregrensa. Dei siste tre dagane har eg hatt heilt ubeskriveleg bra pudderforhold i Tverrlia. I kveld smakte fredagspilsen på Tre Brør (det var kun eg som med rette kunne kalla det afterski denne gongen...) ekstra godt!

 

TORSDAG 4. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 5t 05min
Akk. høgdemeter: 3070m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Fire nedkøyringar.

 

ONSDAG 3. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 2950m
Stad: Tverrlia, Jordalen
Ny fantasi-kveld i Jordalen. Finn ikkje lenger adjektiv som kan beskriva kor bra denne lia er når alt stemmer: 20 cm. pudder (minst), perfekt sikt og nesten vindstille (til tross for at værmeldinga varsla nordvestleg stiv kuling i fjellet). Fire nedkøyringar.

 

TYSDAG 2. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 620m
Martin og eg gjekk frå Bavallen opp på Slettafjellet (917m). Ned att i kjempeflott pudder til Nyestølen og artig skogskøyring vidare ned.

 

MÅNDAG 1. FEBRUAR
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 675
Ein liten storm kom inn over Vestlandet att, og dermed var det like greit å ta joggeskoa. No blir det spennande å sjå kor mykje pudder som kjem i etterkant av stormen. Det er det einaste positive med vinterstormane, det kjem som regel ein solid pudderdump rett etter vinden har lagt seg.