DESEMBER 2019

 

25. DESEMBER - 16. JANUAR
Er på Kilimanjaro. Følg med oss på dagbøkene: Kilimanjaro 25. desember  og  Kilimanjaro 5. januar

P1100404

P1100404

P1100609

 

MÅNDAG 23. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Område: Bømoen
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 200

 

SUNDAG 22. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: ca. 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1225
Brynjulv og eg. Det var varmegrader heilt til topps under mildværet dei siste dagane, men skaren er heldgvis ikkje så ille som ein kunne frykta. Men puddereventyret er definitivt forbi i denne omgang.

1222 3

1222 3

1222 3

(Foto over: Brynjulv)

1222 4

 

LAURDAG 21. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Område: Bømoen
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 397
Bjarte og eg. Curlingforhold i vestlege deler av Bømoen, men veldig bra i aust.

 

TYSDAG 17. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Stad: Jordalen
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 2176
Even og eg. Endå 10 cm. til og fortsatt stort sett upåvirka sjølv over skoggrensa.

1217 1

1217 7

1217 7

1217 7

1217 7

 

MÅNDAG 16. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Jordalen
Totaltid: 4t 18min
Akk. høgdemeter: 2247
15 cm. til falt i natt og ligg upåvirka av vind heilt til topps. Ubeskriveleg bra føre no.

1216 2

1216 2

 

LAURDAG 14. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 315
Bjarte og eg. Kjempefine forhold i innerste del av Bømoen.

1214

 

FREDAG 13. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Stad: Tverrlia
Totaltid: 5t 35min
Akk. høgdemeter: 2901

1213 3

 

TORSDAG 12. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 2384
Fullmåne, vindstille og pudderpute-køyring ned elvagjelet i Tverrlia. Som alltid på denne tida av året vurderer eg å flytte til Jordalen.

1212 4

1212 4

1212 4

 

ONSDAG 11. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 2253
Pudderheilaften i Jordalen. Fantastiske forhold. Bra over skoggrensa også, men aller best i skogen så eg heldt meg mest der.

 

TYSDAG 10. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Område: Engjaland
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 565
Martin og eg. Botnalaust på Engjaland i kveld. Hard vind hadde herja litt med snøen oppe, men på den brattaste delen av lia var det fantastisk bra. To nedkøyringar.

1209

 

SUNDAG 8. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Område: Hornslie i Hemsedal
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1469
Hemsedal har også sine pudderlier, og når vinden kjem hardt frå vest i høgfjellet er Hornslie ein bra plass å tilbringa nokre timar. Spesielt sidan det kom 10-15 cm. til i natt. Hornslie kan nemleg by på ei 40 meter brei kraftgate som går over 400 høgdemeter rett ned lia.

 

LAURDAG 7. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Skurvefjellet  (1741m) i Hemsedal
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1689
Nydeleg vær og føre. 15 cm. pudder i den kjempefine skogslia som ikkje sluttar før du er nesten i Hemsedal sentrum, så der vart det ein ekstra runde. På tross av hard vind dei siste dagane var det stort sett jevnt og fint også på den store flanken under toppen.

1207 4

1207 4

1207 2

1207 2

 

MÅNDAG 2. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling/Fatbike (Surly Moonlander) 
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 383
Bjarte og eg. Ein utruleg bra haust for stisykling er sannsynlegvis over når ein ser værmeldingane for dei neste dagane. Men me satsar på at det er forbigåande.

1202 2

Haustens første tur med tjukkasen (sykkelen altså...)

 

SUNDAG 1. DESEMBER
Aktivitet: Stispringing
Rute: Mølster - Raugstad - Kiseldur - Finnesdemma - Raugstad - Mølster
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 640

1201