JULI 2018 

 

MÅNDAG 30. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 1t 05m
Akk. høgdemeter: 607
Rask tur inn Bordalen via Gjelle og over Herresåsen.

 

SUNDAG 29. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 275
Stad: Bømoen

 

17. - 28. juli er eg på Kilimanjaro, følg oss på veg mot 5895 moh. på dagboka

 

MÅNDAG 16. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 245
Stad: Bømoen

 

SUNDAG 15. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 536
Eg og Øyvind tok oss ein kveldstur over Tvildesåsen og Storåsen.

 

LAURDAG 14. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 4t 40m
Akk. høgdemeter: 1940
Bjarte, Rune og eg. Den store motbakkedagen! Først nesten opp på Hangurstoppen, deretter nesten opp til Kvilehytta på Lønahorgi. Så opp over Raugstad og Kongevegen til Dyrvedalen. Rundt Dyrvedalen og til slutt rundt Vangsvatnet.

0714 1

0714 1

0714 1

0714 1

0714 7

0714 7

(Foto: Rune Herheim)

 

FREDAG 13. JULI
Fisketur på Sandfjellet

0713

0713 2


ONSDAG 12. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1243
Bjarte og eg. Via Liaset over Kolingseggi og Skorseteggi. Samme veg attende.

0711 2

Heldigvis kom ikkje den voldsomme regnbyga i bakgrunnen vår veg.

0711 2

 

TYSDAG 10. JULI
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 1995
Fjell: Storeflåtten (1616m) frå Bjotveit
Brynjulv, Taro og eg. Flott tur bokstaveleg talt frå fjord til fjell. Storeflåtten er etter Hårteigen kanskje det mest markante fjellet på heile Hardangervidda. Også geologisk sett er det spesielt, store felt med grus og stein dekkar topp-partiet. Varmt på toppen og endå varmare nede i lia, så eit bad i eit fjellvatn vart det også i dag.

0719 Store Fltten 5

Storeflåtten i bakgrunnen (Storefjåtten i framgrunnen)

0719 Store Fltten 5

0719 Store Fltten 3

0719 Store Fltten 5

0719 Store Fltten 5

0710b 4 

 

MÅNDAG 9. JULI
Aktivitet: Elvepadling med kano
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: -34
Mange år sidan eg har padla elv no, men då Øystein inviterte med på kanotur frå Vangsvatnet ned til Evangervatnet med Ally-kano var eg ikkje vanskeleg å be. 25 kubikkmeter i sekundet er ikkje mykje i denne store elva, men det var til tider likevel heftig nok for ein nybegynnar som meg - og veldig artig!

 

SUNDAG 8. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 759
Vikafjellsrunden + litt utforsking av nye stiar.

0708 Vikafjellet 

0708 Vikafjellet 2

 

LAURDAG 7. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 6 timar
Akk. høgdemeter: 1905
Rute: Rallavegen Flåm - Finse - Flåm (105 km)
Bjarte og eg. Ein perfekte dag på Rallarvegen. Optimale forhold og kun nokre få korte snøfenner på det høgaste partiet før Finse.

0707 Rallarvegen

0707 Rallarvegen

0707 Rallarvegen

 

TORSDAG 5. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 568
Lang rundtur i dag også, denne gongen til Kjeldebu. Både gårsdagens og dagens tur vil bli gjentatt, dette er høgfjellsykling på sitt aller beste. Både i går og i dag var det så varmt at eg fleire gonger måtte bade i fjellvatn undervegs.

0705 Kjeldebu 8

0705 Kjeldebu 8

0705 Kjeldebu 8

0705 Kjeldebu 8

0705 Kjeldebu 5

0705 Kjeldebu 8

0705 Kjeldebu 8

 

ONSDAG 4. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 380
Lang rundtur til Krækkja på Hardangervidda.

0704 Krkkja 3

0704 Krkkja

0704 Krkkja

 

TYSDAG 3. JULI
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 790
Fjell: Volafjellet (1327m) frå Dyrvedalen
Brynjulv, Taro og eg.

 

SUNDAG 1. JULI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 560
Martin og eg tok "Vikafjellsrunden" i perfekte forhold. Avslutta med eit forfriskande bad i fjellvatn.

0701 Vikafjellet 3

0701 Vikafjellet 3

0701 Vikafjellet 3

0701 Vikafjellet 5

0701 Vikafjellet 5

0701 Vikafjellet 9

0701 Vikafjellet 9

0701 Vikafjellet 9

0701 Vikafjellet 9

Foto: Jarle Trå / Film: Martin Hindenes