JULI 2017
MÅNDAG 31. JULI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 570
Bjarte og eg starta frå Mølster. Opp via Hanguren nesten til Raude Kross hytta, så ned til Heggjavad og attende til Mølster. Regn og sleipt.
LAURDAG 29. JULI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 32min
Akk. høgdemeter: 650
Starta frå Hjelle og gjekk/sprang forbi Roset opp på fjellet. Snudde på ca. 940 moh.
18. - 29. JULI
På Kilimanjaro. Alle 16 stod på toppen 24. juli! Les dagbok her.
MÅNDAG 17. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 470
Bjarte og eg, Vangen - Dyrvedalen - Ukvitne - Nesthus - svingane opp mot Gjelle - Vangen.
LAURDAG 15. JULI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 43min
Akk. høgdemeter: 1050
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) frå Gjelle
FREDAG 14. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 180
Stad: Bømoen
ONSDAG 12. JULI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 42min
Akk. høgdemeter: 675
Starta frå Hjelle med kurs mot Gråsidetoppen, men kaldt regn og vind gjorde at eg snudde på litt over 950 moh. Sprang ned att via Dymbe.
LAURDAG 8. - MÅNDAG 10. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Stad: Nissedal
Øystein, Frode, Martin og eg. Tre fantastiske dagar i Nissedal - Noregs beste stisyklingsterreng.
FREDAG 7. JULI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 620
Brynjulv og eg starta på Mølster og gjekk først opp til Hanguren, deretter sprang me over mot Kiseldur og stien ned att via Raugstad.
TORSDAG 6. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 680
Bjarte og eg, Bømoen - Møn - Stuvarjo - Opeland - Bømoen - Skulestadmo.
ONSDAG 5. JULI
Aktivitet: Via ferrata / stispringing
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 1460
Fjell: Staurinibba (1379m) frå Loen
Gjekk via ferrataen frå Loen opp på Hoven (1008m). På dagtid er det tendensar til kø opp den populære ruta, derfor vart det kveldstur på meg. Hadde ruta stort sett heilt for meg sjølv. Fortsatte opp på Staurinibba (1379m) med fantastisk utsikt, og sprang ned att via Lohøgesætra.
MÅNDAG 3. JULI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 560
Fjell: Sollikamben (799m)
LAURDAG 1. JULI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 27min
Akk. høgdemeter: 1080
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) frå Gjelle
Øyvind og eg tok oss ein kveldstur på Gråsidetoppen.