JUNI 2016

 

TORSDAG 30. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 630
Rute: Mølster - Hanguren - Kiseldur - Raugstad - Mølster

 

ONSDAG 29. JUNI
Aktivitet: Stisykling
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 635
Stad: Golsfjellet
Ikkje ofte eg syklar nesten samme turen to dagar på rad, men den store runden på Golsfjellet er så bra at det er liten grunn til å leita etter nye stiar.

Bilete frå då Øystein var med på sti-sightseeing for eit par år sidan.

Golsfjellet-10

Golsfjellet-11

Golsfjellet-12

Golsfjellet-13

Golsfjellet-14

Golsfjellet-15

  

TYSDAG 28. JUNI
Aktivitet: Stisykling
Totaltid: 6t 10min
Akk. høgdemeter: 1095
Stad: Golsfjellet
Golsfjellet rundt på mine absolute favorittstiar. Strålande sol og tørre stiar til tross for regnet på sundag. 7 mil med sti og 2 km med grusveg. Heime er det som regel omvendt.

Bilete frå 2014 då Frode og eg herja rundt her nokre fine julidagar.

Golsfjellet-1

Golsfjellet-3

Golsfjellet-6

 

MÅNDAG 27. JUNI
Aktivitet: Terrengsykling
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 875
Etter styrtregnet i går valgte eg å unngå stiar i dag. Satsa derfor på fjellvegen som går frå Tuv "rundt" Harahorn og ned Hydalen i retning Vang i Valdres. Fantastisk flott område. Samme veg attende.

 

LAURDAG 25. JUNI
Aktivitet: Stisykling
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 580
Stad: Kjølen (Hemsedal/Golsfjellet)
I påsken tok eg med fatbiken til Kjølen (aust for Skogshorn) og såg antydningar til perfekt sti der det ikkje låg snø. I dag var eg tilbake for å utforske på sommarføre. Og det var akkurat som eg håpte - nydelege flyt-stiar i flatt høgfjellsterreng.

Kjlen 6

Kjlen-2

Kjlen-7

 

FREDAG 24. JUNI
Fisketur med Kristina

0624b 2

0624b 2 

 

TORSDAG 23. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 47min
Akk. høgdemeter: 1020
Fjell: Horndalsnuten (1461m) frå Fennastølane

 

ONSDAG 22. JUNI
Aktivitet: Stisykling
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 950
Opp stien frå Raugstad til Kiseldur og vidare på perfekte stiar til Hanguren. Ned att Bavallen og til Bømoen der eg møtte Håvard, Even og Martin for ein rask "flyt-runde".

 

TYSDAG 21. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 29min
Akk. høgdemeter: 605
Rute: Mølster - Hanguren - Kiseldur - Raugstad - Mølster

 

MÅNDAG 20. JUNI
Aktivitet: Gåtur
Totaltid: ca. 1t 30min
Akk. høgdemeter: ca. 250
Stad: Gjernes, Bordalsgjelet, Gjelle

 

SUNDAG 19. JUNI
Aktivitet: Ski
Totaltid: 4t 49min
Akk. høgdemeter: 1554
Fjell: Blåskavlen (1809m)
Frode og eg på sesongens siste skitur. Me gjekk ryggen frå Høgåsen opp til Prest sidan det er ein av dei finaste rutene på Blåskavlen, med ei storslagen utsikt ned i Aurlandsfjorden. Frå toppen køyrte me ned til vatnet (1298m) på nordvestsida, før me gjekk opp att og køyrte ned Storebotnen.

 Blskavlen 1

Blskavlen 2

Blskavlen 3

Blskavlen 4

 

LAURDAG 18. JUNI
Aktivitet: Stisykling
Totaltid: 3t 03min
Akk. høgdemeter: 1107
Inn Bordalen, over Almenningane til Grønlivatnet og Bulko. Heilt tørt og fint på myrane over fjellet. Stisykling i Bømoen til slutt.

 

TORSDAG 16. JUNI
Aktivitet: Roing
Totaltid: ca. 2 timar
Akk. høgdemeter: 0
Stad: Fisketur i Espelandsvatnet (fekk kun ei ansjos...)

0616b

 Espelandsvatnet 4

 

ONSDAG 15. JUNI
Aktivitet: Stisykling
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 740
Stad: Bømoen, deretter opp til Tråstølen

 

TYSDAG 14. JUNI
Aktivitet: Stisykling / Fjelltur
Totaltid: 1t 55min / 2t 30min
Akk. høgdemeter: 545 / 700
Dobbeltur i dag. Først med stisykkel på tørre stiar i Bømoen, Grauaåsen og over Storåsen. Deretter fjelltur med Kristina opp på Sollikamben i nydeleg kveldsljos.

0614b 2

0614b 2

 

MÅNDAG 13. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1030
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) frå Hjelle

 

SUNDAG 12. JUNI
Aktivitet: Roing
Totaltid: ca. 2 timar
Akk. høgdemeter: 0
Stad: Fisketur i Espelandsvatnet (4 fisk, 1 svær...)

 

LAURDAG 11. JUNI
Aktivitet: Stisykling
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: ca. 250
Stad: Bømoen
Etter ein "oppvarmingstur" med joggesko opp Hangurslia med Kristina, la Guttorm, Martin, Øyvind og eg ut på kveldstur med stisyklane - med etterfølgande afterbike hjå Martin.

 

TYSDAG 7. JUNI
Aktivitet: Stisykling
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: ca. 250
Stad: Bømoen

 

MÅNDAG 6. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 600
Mølster - Hanguren - Heggjavad - Mølster. Varmt!

 

SUNDAG 5. JUNI
Aktivitet: Stisykling
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: ca. 750
Guttorm, Martin og eg. Bømoen - Tverrberg - Mønsberget - Bjørke - Bømoen. Perfekte forhold. 

DSC 0059

Foto: Martin Hindenes

 

LAURDAG 4. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 1000
Frå Flatekvål opp via Klondyke til Vådalseggi. Fortsatt snø opp det brattaste partiet, men ved å bruka litt fantasi kjem ein seg forbi.

 

FREDAG 3. JUNI
Aktivitet: Roing
Totaltid: ca. 2 timar
Akk. høgdemeter: 0
Familien Hindenes og eg drog på fisketur med båt i Espelandsvatnet. Kan vel ikkje påstå det var rare treningsutbyttet, og kun ein einaste liten fisk lot seg lura - men triveleg var det. Og me tok årets første bad.

T2 1

Foto: Martin Hindenes