MARS 2015

 

TYSDAG 31. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1350
Knut og eg drog til Øvstedalen med håp om ein uforgløymeleg kveld på austflanken av Langeskrednovi (1043m). Og det vart det. Då me kom ned at til bilen etter to nedkøyringar lå det nesten 10 cm. nysnø på bilen. På tre timar...

 

MÅNDAG 30. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter: 2360
Perfekte forhold i Jordalen. Tre nedkøyringar i Tverrlia. Vindstille og 15 cm. pudder sjølv på toppen. På den eine nedkøyringa stoppa eg ikkje ein einaste gong, trur neppe eg har køyrt 800 høgdemeter så fort før. Heime att på Voss etter midnatt, må ha det mørkt for å få dei beste forholda. Men månen skapte ein flott stemning i dag. Trur eg flyttar til Jordalen...

 

LAURDAG 28. MARS
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2 t 30min
Akk. høgdemeter: 770
Terrengykkelsesongen er i gang! Godt å få litt fart på beina igjen, fleire av stiane i Bømoen var tørre og fine. Avslutta med ein tur på asfalten inn Raundalen til Reimegrend.

 

FREDAG 27. MARS
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 800
Frå Vestbygdi på Horn (1103m). Forholdsvis dårleg føre så det vart med ei nedkøyring. Påskeværet ser heller ikkje så lovande ut, kanskje må ein evakuera austover...

 

ONSDAG 25. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 2100
Starta ved Espelandsfossen. Først opp på Olsskavlen (1576m), deretter opp på Hestastodnuten (1401m). Nydeleg føre under 1200 meter, litt hard skare lenger oppe.

 

MÅNDAG 23. MARS
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 1 t 30min
Akk. høgdemeter: 375
Sykla opp Raugstadløypa, men då eg kom på toppen snøa og blas det så kraftig at eg ikkje hadde noko anna val enn å snu. Ned att vart det mykje ukontrollert tohjulssladding i den våte nysnøen.

 

LAURDAG 21. MARS
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 6t 40min
Akk. høgdemeter: 2525
Deltakarar: Bjarte, Brynjulv, Frode og eg (og Taro sjølvsagt...)
Nydeleg dag med base på hytta til Brynjulv i Sveindalen. Sju nedkøyringar frå Sveindalsnuten og Blåkoll. Både sørsider og nordsider kunne by på fantastisk føre.

 

FREDAG 20. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 2170
Det er nokre veker sidan sist pudderfest i Jordalen, men i kveld var det igjen fantastiske forhold. 15 cm. pudder mellom 600 - 1200 moh. Under 600 moh. var det våt snø, men heldigvis av den raske sorten. Tre nedkøyringar.

Fuego de Colima (ca. 3820m) har vakna til liv igjen. Eg og Mads stod på toppen av Volcán de Colima (4339m) i oktober 2013. Det er fjellet som du ser i bakgrunnen i denne videoen. Me såg ned i krateret, men det kom då berre litt damp opp av vulkanen. Den store eksplosjonen som du ser i denne videoen skjedde 21. januar, og det har seinare vore fleire litt mindre eksplosjonar.

 

ONSDAG 18. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1985
Også i dag var det flott vær tidleg på dagen. Starta ved Espelandsfossen. To nedkøyringar ned Vestrebotnen frå Olsskavlen (1576m). Perfekt smør-slush!

 

TYSDAG 17. MARS
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1805
Fordelen med å vera sjølvstendig næringsdrivande er at ein utnytta værmeldingane maksimalt. I dag skulle det bli strålande sol om formiddagen, men i 13-tida skulle det skya heilt til. Dermed vart det ei tidleg økt for å få det perfekte slush-føret. Starta på Fennestølane og fekk dermed to nedkøyringar frå Byrseteggi (1025m) og ein ned den spennande elvedalen rett sør frå Horndalsnuten (1461m). Denne kan kun køyrast om våren når forholda er stabile. No er det kveldsskift på kontoret, og ut vindauga ser eg at det er heilt overskya og flatt ljos på både Byrseteggi og Horndalsnuten.

 

MÅNDAG 16. MARS
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 960
Martin og eg på kveldstur til Grønahorgi (1166m) Starta på Dale.

 

SUNDAG 15. MARS
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander))
Totaltid: 3 t 05min
Akk. høgdemeter: 755
Brandsetdalen er ein av dei beste stadene på Voss for snøsykling. Gode skareforhold i nordsidene no.

0315 2

0315 2

 

LAURDAG 14. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 6 timar
Akk. høgdemeter: 3035
Njål, Brynjulv og eg på årets første skikkelege vårtur, der koagulerte sveittekanalar fekk seg ein skikkeleg gjennomspyling. Me satsa på at sola ville føra til flott føre på sørsidene, og det slo til - 5 cm. rask slush er nesten like bra som det finaste pudder. På nordsidene og heilt på toppane var det knallhard skare. Me starta på Liaset i Espelandsalen. Fire flotte nedkøyringar: Strutseggi (1127m), Seldalsnuten (1548m), Strutseggi og til slutt Stavaskardsnuten (1349m). Etter tidenes puddervinter (som er eit resultat av mykje uvær og nedbør) er det fantastisk å igjen kjenne sola varma og kunna ta ein matpause utan å ta på seg dunjakka.

Og så dagens nedtur...
Dei aller fleste av mine vennar er toppturentusiastar og friluftsfolk med ein djup kjærleik til naturen. Eg oppfattar likevel at det er ein pragmatisk haldning til den aukande bruken av snøskuter i norsk natur. Eg trur få har problem med all køyringa opp til stølar og også all «leikekøyringa» som skjer under skogsgrensa rundt hytter og stølar – sjølv om også dette er ulovleg. Men det går ei grense. Når me i dag opplevde at to snøskuterar køyrde opp store deler av den fantastiske sørflanken på Seldalsnuten heilt opp til 1100 moh. rett framfor augene på oss – vart det ein tøff konfrontasjon oppe i fjellsida. Me opplever dette oftare og oftare i fjella rundt Voss, og mange hugsar vel bileta i avisa Hordaland frå Skytjeset for eit par år sidan. Som regel køyrer dei på kveldstid på vekedagar. Men i dag skjedde det altså midt på dagen på ein laurdag – til og med den finaste laurdagen til no i år…
Eg giddar ikkje bruke tid og energi på å argumentere for det opplagte rundt dette. Uansett kva liberaliseringar og lovendringar som måtte komma når det gjeld snøskuter vil dette aldri bli i nærleiken av lovleg. Kva de driv med nede på skogsvegar og liknande får heller vera – men hald dykk i alle fall langt unna dei store fjellsidene og fjelltoppane!

0314 

 

TORSDAG 12. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 7t 20min
Akk. høgdemeter: 3150
Tour de Jordalen. Øyvind og eg tok den store Jordalsrunden på eventyrleg føre og i nydeleg vær. 5 cm. pudder på jevn skare gjer at både eg og Øyvind får stjerner i augo. Starta på Nosi. Først opp på Fyresnipa (1461m), så ned att i Berdalen og over skaret sør for Kjøroldnuten til Fresvikjordalen. Så plukka me i rask rekkefølge Smørbotnnuten (1524m), Vassetnipa (1501m) og "nesten" Vardafjellet (1470m). Men pga. at me tok eit (i ettertid...) litt uklokt vegval opp mot sistnevnte topp, snudde me eit stykke under toppen. Den bratte og fantastiske flanken ned att frista meir enn å fortsetta å banka skotuppane inn i den harde skaren. Alle nedkøyringane i dag var perfekte frå topp til dalbotn.
Dei siste par timane gjekk eg med håndbrekket på. Beina vart etter kvart blytunge, kanskje ein ettervirkning av Alpeturen? Eg har også tidlegare opplevd litt "omvendt" effekt av turar i høgda, mange får jo ein formtopp ei vekes tid etterpå. Godt at Øyvind var der, slik at han kunne dytta meg i gang igjen når motoren stoppa heilt...

0312 5

0312 5

0312 5

0312 5

0312 5

(Film: Øyvind Birkeland)

 

ONSDAG 11. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Gråsidetoppen (1307m)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 955
Brynjulv og eg starta på Tillung og gjekk opp på Gråsidetoppen. Delvis isete skare på topp-platået, men heldigvis litt betre ned lia. Kan uansett ikkje klage når me for ein gongs skuld fekk blå himmel og sol - det er lenge sidan sist!

 

MÅNDAG 9. MARS
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 1030
Frå Nesthus opp til Nesthustjørni. Nedkøyringa var flott med nokre cm. pudder ned til litt under skogsgrensa, deretter vart det vått og tregt føre.

 

LAURDAG 7. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1175
Uværstur på Horgje. Regn heilt opp til 1300 moh.

 

TORSDAG 5. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 515
Even, Håvard, Martin og eg hadde tru på at Pudderlia måtte vera bra på tross av 3 varmegrader og striregn på Vangen. Og det slo til. Nydeleg pudder ned til stølen.

0305 

(Foto: Martin Hindenes) 

 

ONSDAG 4. MARS
Siste dag i Sveits vart like flott som dei forrige. Det var skyer og litt snøfnugg i lufta, så me satsa på skogslia som me køyrte ned til slutt i går. Den var noko heilt for seg sjølv, så me tok den fire gonger. 1490 høgdemeter totalt, med Kuro også i dag. Deretter bar det rett til flyplassen.
Øystein har notert følgande turar, fjell og antal høgdemeter på Alpeturen vår:
26. feb:  Bannalp - Chaiserstuel - Ruckstock (2050 høgdemeter)
27. feb:  Engelberg - Titlis (heiskjøring, 5000 høgdemeter)
28.. feb:  Realp - Tiefengletscher (2x) - Chli Bielenhorn (3000 hm)
1. mars:  Meiental mot Fleckistock (500 høgdemeter)
2. mars:  Carì lia (4x) (2000 høgdemeter)
3. mars:  All'Aqua - Poncione val Piana - Poncione Cavagnolo (2000 høgdemeter)
4. mars:  All'Aqua lia (4x) (1490 høgdemeter)

(Film: Øystein Bjørke)

0304 ys

(Foto: Øystein Bjørke)

 

TYSDAG 3. MARS
Pulverschnee-festivalen fortset her i Sveits, 1965 høgdemeter i dag. Har gått med Kuro til topps dei fleste dagane. Sjølv på toppane synker me 40 cm. ned i pudderet når me tar av oss skia.

0303 1

0303 ys 1

0303 3

0303 ys 1

(Foto over: Jarle Trå)

(Foto under: Øystein Bjørke)

0303 ys 6

0303 ys 6

0303 ys 6

0303 ys 6

0303 ys 6

0303 yv 5

(Foto under: Øyvind Birkeland)

0303 yv 1

0303 yv 5

0303 yv 5

0303 yv 5

0303 yv 5

  

MÅNDAG 2. MARS
I går var skredfaren så høg at me avbraut turen etter 400 høgdemeter. I dag snødde det tett og me fant derfor vår lokale pudderli i den italiensktalande delen av Sveits. Fire kjempefine turar ned, 2060 høgdemeter totalt.

(Film: Øystein Bjørke)

0302 yv 2

0302 yv 2

(Foto over: Jarle Trå)

(Foto under: Øyvind Birkeland)

0302 yv 1

0302 yv 2

(Foto under: Øystein Bjørke)

0302 yv 2

0302 yv 2