TRENINGSBLOGG AUGUST 2014

 

LAURDAG 30. AUGUST
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 395
Starta på Storulvån og tok samme stien som den første dagen til Gåsan, men fortsatte oppover dalen i retning Ljungan. Her var stien endå betre enn opp til Gåsenstugorna. Fekk tips om denne stien av nokre andre stisyklistar eg møtte i går. Flott langtur på morsomme stiar - synd dette var siste dagen i den svenske fjellheimen i denne omgang.

0830 10

0830 10

0830 10

0830 10

0830 10

0830 10

Eg brukar å skryte av at det skal litt til for å skremma meg, men denne haukugla klarte det. Den valgte bakholdsangrep, og var nok ikkje meir enn 20 cm. over hjelmen min då det første stupangrepet kom. Haukugla er kjent for å vera svært aggressiv når ungane er små, og den kan gå rett i hovudet på folk med dei kraftige og sylskarpe klørne sine. Eg har litt erfaring med denne hissigproppen, spesielt frå då eg gjekk Norge på langs for mange år sidan. Men etter eit par forsøk til på å få meg vekk, stilte den seg heldigvis fint opp då den såg at det var mogelegheit for å bli fotomodell.

 

FREDAG 29. AUGUST
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 1040
I dag sykla eg Jämtlandstriangelen mellom fjellhyttene Storulvån - Blåhammaren - Sylarna (Sylene på norsk) - Storulvån. Dette er ein mykje gått tredagarstur frå hytte til hytte, men med fulldempar er det mogeleg å dundra gjennom den på ein dag. Jämtlandstriangelen er hovedgrunnen til at eg tok turen over grensa når eg likevel var i Trondheim. Denne 5 mil lange turen (100% på sti) har både fantastiske flyt-parti der du kan halda 30 km/t på perfekte berg- og dalbane-stiar, og krevande tekniske parti der du verkeleg får testa psyken. Akkurat slik det skal vera, masse variasjon. Reinsdyr, rev og harepus var ivrige tilskuarar. Sylene dominerer utsikta mot vest, men også Helagmassivet i sør reiser seg imponerande over det kuperte høgfjellsplatået.

0829 12

0829 12

0829 12

0829 12

0829 12

0829 12

0829 12

0829 12 

 

TORSDAG 28. AUGUST
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 600
Det er med stisykling som med fisking. Du er avhengig av dei lokale for å finna dei aller beste plassane. Eg visste at Vålådalen Naturreservat sør for Åre hadde bra stiar, men det var vanskeleg å finne detaljar på nettet. Men sykkelreparatøren som skifta bremseskiva mi i går, var ikkje vanskeleg å be. Han markerte alle sine favorittstiar på kartet mitt. Ein ekte entusiast - og det er hans fortjeneste at eg i dag koste meg på fantastiske stiar. Vålådalen Naturreservat utgjer ein del av eit av dei største samanhengande villmarksområda i heile Europa, dvs. som ikkje er oppdelt av skogsvegar og fjellvegar.

0828 1

0828 1

0828 1

0828 1

0828 1

0828 1

0828 1

0828 1 

 

ONSDAG 27. AUGUST
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 665
Utforska i dag alpinanlegget i Åre, som er kjent for å ha den beste heisbaserte syklinga i Nord-Europa. Eg var nok den einaste som sykla opp med eigne krefter, her er det berre tunge utforsyklar som dundrar nedover fjellsidene, og dei er ikkje bygd for å sykla oppover med. Artig å sykle utforløyper igjen, fekk tilbake følelsen frå mange år sidan då eg og Øyvind sykla mykje downhill, både i Alpane, Dolomittane og på Tenerife.

 

TYSDAG 26. AUGUST
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 885
Endeleg fekk eg sjansen til å besøka eit område som har stått høgt på lista mi i mange år. Høgfjellsstiane i Jämtlandsfjella/Helagsmassivet i Sverige (mellom Sylane og Åre) er legendariske blant stisyklistar. Dette er nordisk villmark på sitt beste. Eg får nesten litt assosiasjonar til Alaska - store elvar som renn gjennom enorme urørte fjellområde. Og det er nesten som at ein forventar at ein bjørn eller ein ulv skal kryssa stien framfor deg når som helst. Stiar som er som skapt for feite, breie knastedekk.

0826 9

0826 9

0826 9

0826 9

0826 9

0826 9

 

LAURDAG 23. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1120
Først ned langs Vangsvatnet til Nesthus, så skogsvegen over til Skjeldal og vidare opp til Hodnaberg. Diverse skogsvegar og avstikkarar på veg heimatt.

 

FREDAG 22. AUGUST
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 1320
Arnstein, Brynjulv, Taro og eg gjekk/sprang på Horgje frå Flatekvål via Klondyke. Fint og varmt vær akkurat dei timane me var på tur.

 

TYSDAG 19. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 475
Intervallar i Tjukkabygde.

 

SUNDAG 17. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 925
Voss - Espeland - Granvinsfjorden - Voss.

 

LAURDAG 16. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 1195
Lange intervallar frå Vangsvatnet opp til Hindartveit,

 

FREDAG 15. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1270
Roleg tur i dag. Først ned til Nesthus, så skogsvegen over til Skjeldal og vidare opp til Hamlagrø. Tok også grusvegen på sørsida av vatnet så langt den går.

 

ONSDAG 13. AUGUST
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1000
Kveldstur på Gråsidetoppen (1307m).

 

TYSDAG 12. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 585
Naturlege intervallar (fartsleik) i nærområdet rundt Vossevangen.

 

MÅNDAG 11. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 1670
Roleg tur på stiar i Bømoen og ein runde på asfalt fram til Skjervet.

 

SUNDAG 10. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1670
Bjarte og eg på langtur. Først til Granvin, så gamlevegen over fjellet (Angerskleiv) til Ulvik. Bratt opp til Ljono og vidare over Gårhovden til Solsævatnet. På veg heimatt tok me nokre avstikkarar, blant anna over Heiane. Dette er ein kjempefin tur som gir alle typar sykling: asfalt, grusveg, kjerreveg og sti.

 

LAURDAG 9. AUGUST
Aktivitet: Fjelltur
Kjell og eg på fisketur i Måvatnet i Granvin. Litt matauk vart det og.

 

FREDAG 8. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 940
Ein av dei flottaste rundturane med terrengsykkel på Voss går over fjellet mellom Bordalen og Bulko. I dag tok eg den motsatt veg av det som er vanleg. Det som gjer denne turen flott er ikkje at det er spesielt bra stisykling, men du kjem høgt opp og utsikta mot fjella i Hardanger er fin.

 

ONSDAG 6. AUGUST
Aktivitet: Landevegssykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 670
Motbakkar i Bavallen og opp over Kyte. Skulle eigentleg vidare opp skogsvegen til Skjevlingen, men punkterte akkurat der grusvegen startar på Lemme. Og når eg i dag hadde klart prestasjonen å ta med ein 29" reserveslange sjølv om eg beviseleg har 26" hjul på Apex'en, så var det ikkje anna å gjera enn å pumpa så lite luft som eg turte inn i det og trilla sakte heimatt. Det er umogeleg å unngå at slangen buktar seg inni dekket, og då vert dekket svært ujevnt (humpete...) og det er stor risiko for ny punktering.

 

TYSDAG 5. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1560
Inn Raundalen til Mjølfjell. Vidare på grusveg innover Rjoandalen og opp i Såtedalen.

 

MÅNDAG 4. AUGUST
Aktivitet: Landevegssykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 700
Intervallar i Tjukkabygde med Frode og Odd Inge. 4 x 10 minuttars drag.

 

FREDAG 1. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 7t 10min
Akk. høgdemeter: 2035
Maraton-tur til Vang i Valdres for å eta middag... Etter alle mila med sti i går satsa me mest på fjellvegar i dag, men med fleire fine sti-parti inn i mellom.

0801 2

0801 2