JUlI 2014

 

TORSDAG 31. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1030
Frode og eg tok turen til Golsfjellet for eit par dagar med nydeleg stisykling.

0731 6

0731 6

0731 6

0731 6

0731 6

0731 6 

 

TYSDAG 29. JULI
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1320
Øyvind og eg gjekk/sprang på Horgje frå Flatekvål via Klondyke. Første gongen eg går denne "nye" stien opp på Horgje, men det blir heilt sikkert ikkje den siste. Dette er utan tvil den flottaste måten å komma seg på Horgje på sommarstid.

0729

(Foto: Øyvind Birkeland)

  

MÅNDAG 28. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 1080
Motbakkeøkt opp til kvilehytta på Lønahorgi.

 

LAURDAG 26. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 05min
Akk. høgdemeter: 1665
Frå Tyinvatnet først asfalten ned til Årdal. Inn Utladalen og kjerrevegen opp til fjellgarden Vetti. Ned att til Årdal og 1000 høgdemeter rett opp hårnålsvingane til "Toppen" og deretter den gamle anleggsvegen inn att til Tyinvatnet.

0726 8

0726 8

0726 8

Hurrungane i bakgrunnen.

0726 8

0726 8

Tordenværet og haglbyga eg kom ut for rett før eg var tilbake ved bilen var av det seriøse slaget. Hagl så store som klinkekuler svei godt når dei traff og i desperasjon fant eg ei bygningsplate i grøfta som eg haldt over hovudet for å verna meg mot det verste. I kveld er eg full av små blåmerker på lår og armar.

0726 8

  

FREDAG 25. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Område: Filefjell
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 835
Først Gamle Kongevegen frå Filefjell over til Maristuen. Så opp att E16 til Vikadalen, der ein anleggsveg fører frå Filefjell over fjellet til du er rett over Naddvik i Årdalsfjorden. Eit voldsomt tordenvær som nærma seg gjorde at eg snudde halvvegs. Når det luktar svidd i lufta og du ser lyna slå ned i fjellsida mindre enn ein kilometer unna så bør ein ta hintet.

0725 3

0725 3

0725 3

 

TORSDAG 24. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Område: Ringebufjellet
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 375
Heftige lynnedslag i fjella rundt meg gjorde at eg utsatte starten nokre timar, tanken på å sykla ufrivillig el-sykkel frista ikkje. Tok favorittstien nordover i retning Rondane, men då eg i løpet av dei første par timane hadde øydelagt eit dekk og to slangar fant eg det best å setta kursen tilbake mot bilen. På lange turar i fjellet har eg alltid med eit reservedekk og to slangar. I dag er første gongen eg har fått bruk for alt, og dersom eg då hadde fått ein punktering til hadde eg hatt eit problem. Tanken på å dytte sykkelen i timesvis tilbake til utgangspunktet fristar ikkje mykje. I kveld har eg hatt ein kjempeflott solnedgang der sola skein gjennom tordenbygene som fremdeles hang igjen over Rondane nokre mil lenger nord. Dersom eg skal ha meg ei hytte ein gong må det bli i dette området, eit av dei finaste fjellområda i Norge. Det er rett og slett avhengigheitsskapande å sitta å sjå utover dei majestetiske fjella her utover sommarkvelden og natta. Blir nok ikkje lenge til eg kjem att, men i morgon må eg til Otta for å handle dekk og slangar og derfor forflyttar eg meg sannsynlegvis i retning Jotunheimen.

 

ONSDAG 23. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Område: Ringebufjellet
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 985
Nydeleg dag på både kjente og nye stiar på Ringebufjellet. Dette området har noko for ein kvar smak. Av og til er det himmelen å gi full gass på raske flyt-stiar, mens andre gonger er det artigast med tekniske stiar. Den høge temperaturen, kombinert med lågt trykk i dekka, gjer at ein klorar seg fram nesten uansett terreng. Dekkgrepet på varmt fjell og stein er formidabelt i forhold til på ein kald dag. Bada to gonger i fjellvatn for å kjøla meg ned. Fantastisk flotte dagar når det er slik som no. Då eg reiste frå Voss på sundag var planen å ta 3-4 dagar på tur, men når det er så utruleg flott som det er no så held eg meg her i høgfjellet.

 

TYSDAG 22. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Område: Golsfjellet
Totaltid: 5t 10min
Akk. høgdemeter: 955
Trudde eg hadde god kontroll på dei beste stiane på Golsfjellet, men i dag fann eg endå meir. 48,1 km med perfekt sti vart det i dag.

0722 A 2

0722 A 2

0722 A 2

0722 A 2

0722 A 2

0722 A 2

0722 A 2

 

MÅNDAG 21. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Område: Hardangervidda (Austvidda)
Totaltid: 3t 15m
Akk. høgdemeter: 560
Starta frå Solheimsstulen på austvidda og sykla først traktorslepa (Store Nordmannsslepa) mot Lågaros. Så litt att og fram på stiar av varierande kvalitet. Storslagen natur her på austvidda. Angra berre på at eg ikkje tok med fiskestanga.

Eg og Øystein var her også for to år sidan

Jarle Tr Austvidda 7

Jarle Tr Austvidda 7

SUNDAG 20. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Område: Hardangervidda
Totaltid: 4t 50m
Akk. høgdemeter: 900
Kjempefin tur frå Dyranut t/r Rauhelleren langt inne på Hardangervidda. Grusveg til Tinnhølen og vidare til Byen, traktorslepe og sti vidare heilt inn til Rauhelleren. Slepa var stort sett av typen som ein kunne halda brukbar fart på, derfor gjekk turen ein del raskare enn det eg hadde rekna med.

0720 7

0720 7

0720 7

0720 7

0720 7

0720 7

0720 7 

 

LAURDAG 19. JULI
Aktivitet: Fjelltur
Fjell: Beitelen (675m)
Totaltid: Ca. 3 timar
Akk. høgdemeter: 675
Tre generasjonar Trå på båt- og fjelltur opp til eit av Fjord Norges flottaste utsiktspunkt. På veg opp på Beitelen, som ligg der Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden skiller lag, var me også innom Stigen gard, ein av dei mest avsidesliggande fjellgardane i Norge.

0719 4

0719 4

0719 4

0719 4

 

FREDAG 18. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 945
Rask tur inn Bordalen, over fjellet frå Almenningane til Grønlivatnet. Via Bulko attende til Voss.

 

TORSDAG 17. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 805
Inn Raundalen til Mjølfjell og vidare inn Rjoandalen, ein av dei flottaste fjelldalane på Voss.

 

ONSDAG 16. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 400
Kort og rask tur i nærområdet rundt Vangen.

 

SUNDAG 13. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 635
Inn til stølen Dale innerst i Dyrvedalen, rundt Vangsvatnet på veg heimatt.

 

LAURDAG 12. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1255
Starta på Stalheim. Først inn Brekkedalen, så over Tverraldskaret til Jordalen og deretter inn heile Fresvikjordalen. Samme veg attende. Trykkande varmt.

 

TORSDAG 10. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1445
Rallarvegen frå Flåm opp til Høghellervatnet der det begynte å bli kortare og kortare mellom snøfennene. Skulle eigentleg ha ei rask økt i dag, men den intense varmen oppover Flåmsdalen gjorde at pulsen gjekk rett i taket sjølv om eg var forholdsvis langt frå toppfarten. Opp Myrdalssvingane var det vanskeleg å halda pulsen under 175 og det er uvanleg for meg generelt. Men dette er typisk meg når det er skikkeleg varmt, kroppen min er ikkje laga for å yta under sterk varme. Men ein nydeleg tur var det uansett, det var så varmt sjølv oppe på fjellet at eg seriøst vurderte å kasta meg i dei iskalde elvane. På veg ned att tryna eg skikkeleg i ein sving pga. laus grus. Vurderte å bryte (som Froome i går), men sidan følgebilen aldri dukka opp måtte eg berre fullføre. Vel heime var det berre å tygge smertestillande og finna fram pinsett og pyrisept, grusen må ut av såra sjølv om det er på grensa til tortur. Håpar ikkje naboane høyrte skrikinga.

0710 2

0710 2 

 

ONSDAG 9. JULI
Aktivitet: Terrengløping
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 570
Frå Liaset over Kolingseggi og Skorseteggi tur/retur. Ein av dei finaste springeturane i Vossafjella!

 

TYSDAG 8. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 790
Bjarte, Brynjulv og eg. Først inn vestsida av Bordalen til Rong og opp til stølen Haugamoen. Over Herresåsen på veg ned att.

 

MÅNDAG 7. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1125
Roleg tur inn Raundalen og opp til Fyrjo, Jonsstølen og Helgaset.

Punkterte på Helgaset, men fekk heldigvis hjelp av dei lokale

 

SUNDAG 6. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 515
Ikkje så ofte eg driv med rein intervalltrening. Eg lar som regel naturleg fartsleik i terrenget stå for kvalitetstreninga på sykkel. Ingenting får pulsen opp som ein lang, bratt og teknisk motbakke. Men av og til (når arbeidsmengda hopar seg opp) er det perfekt å berre tilbringa ein effektiv time i ein motbakke nær Vangen. For eksempel frå Bordalsgjelet opp mot Gjelle som eg gjorde i dag.

 

FREDAG 4. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1235
Inn Raundalen til Uppsete.

 

TORSDAG 3. JULI
Aktivitet: Fjelltur
Fjell: Gråsidetoppen (1307m)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 945
Møtte Brynjulv og Taro på toppen.

 

ONSDAG 2. JULI
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 1005
Frå Vangen langs sørsida av Vangsvatnet, opp ved Nesthus og skogsvegen over til Skjeldal. Vidare over til Skjerveggi og svært bratt på ny skogveg ned til Geitle på E16. Så nokre kilometer på hovedvegen og opp over Eidesmoen til Bulken. Så inn Dyrvedalen på vestsida og ned att austsida, deretter tilbake til Vangen.

 

TYSDAG 1. JULI
Aktivitet: Sykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 820
Brynjulv, Einar, Steinar og eg tok turen innover Raundalen nesten til Mjølfjell.