APRIL 2013

 

TYSDAG 30. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1215
På ein dag som til dei grader definerte uttrykket "skiftande vær", vart det heldigvis eit par timar med fint vær på kvelden. Akkurat nok til å få ein fin tur på Horgje i solnedgangen.

 

SUNDAG 27. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Fyresnipa (1461m) / Blåfjellet (1548m) / Øyastølsfjellet (1342m)
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 2055
Strålande tur i smørføre! Med tanke på all nysnøen dei siste dagane og nattefrosten i natt, hadde eg store forhåpningar om kjempeføre i dag. Og det slo til så til dei grader. Jordalen var utgangspunktet for dagens trippel. Blåfjellet var kanskje dagens høgdepunkt, og det var første gongen eg var på dette fjellet som deler plassen med Seldalsnuten som det andre høgaste fjellet på Voss. Synd at me berre fekk denne eine dagen med fantastisk føre i denne omgang, i morgon skal det hølja ned att.

0427 3

0427 3

0427 3 

 

TORSDAG 25. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1205
Uværstur på Lønahorgi. Null sikt, regn og snø. Til dels svært dårleg føre. Sjeldan eg har brukt så lang tid ned frå dette fjellet. Men det er noko med uværsturar på Horgje, det er liksom slik det skal vera... Er det bra vær og bra føre er ein som regel på meir spennande fjell enn Horgje.

 

TYSDAG 23 APRIL
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 500
Vårens første fjelltur utan ski. Frå Mølster opp på Hanguren. Vått og glatt!

 

SUNDAG 21 APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1570
Starta i Vestbygdi. Først opp på Horn (1103m). Så ned nordsida til den tronge Fangdalen som eg fulgte heilt opp på toppen av Volafjellet (1327m). Ned att samme veg (artig køyring!) og opp att på ryggen aust for Horn. Siste nedkøyringa ned til Vetlestølen vart litt "fuktig" på slutten, ellers stort sett flott føre. Kraftig vind på toppane.

 

LAURDAG 20 APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1790
Øyvind og eg på langtur i Jordalen. Samme tur som eg og Knut tok i mars. Mange høgdemeter på kanten av stupet ned mot Nærøydalen. Høgberget (1471m), Giljabotnnuten (1499) og Solbjørganipa (1464m). Den siste nedkøyringa ned mot Jordalen køyrte me rett ned flanken under Vardanosi. Dagens høgdepunkt!

0421

 

MÅNDAG 15. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 1195
Uværstur på Lønahorgi. Skodde og vind over 1000 meter, men kjempebra slushføre ned att.

 

LAURDAG 13. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Hestastodnuten (1401m) / Nordbotnnuten (1471m) / Olskavlen (1576m)
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 2375
Ein av mine favoritturar på Raundalsryggen, med nedkøyringar av aller høgaste klasse i stort sett urørt terreng. Frå Espelandsfossen opp på Hestastodnuten (møtte Ove og ein gjeng på stølen i Botnen - ikkje ofte eg møter folk her...). Frå Hestastodnuten bratt ned den store renna mot Fessavatnet. Kom meg ikkje heilt ned i Tyssedalen då forholda ikkje var heilt optimale. Kanskje dette var første gong det var folk her på ski? Neste gong skal eg heilt ned, men då må det vera høgare temperaturar og dermed meir stabil snø i den nordvendte renna. Opp att på Nordbotnnuten og deretter ned ein av dei flottaste rennene på Raundalsryggen, til Trollabotnen og vidare ned til Nordrebotnen. Fantastisk! Så opp på Olsskavlen via Vestrebotnen og ned att samme veg. Vårens flottaste tur til no?

0414

 

FREDAG 12. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Surly Moonlander)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 540
Planen var å følga turløypa som vart køyrt i påsken med trakkemaskin frå stølen Nordre Hamlagrø opp på Mykkeltveitveten. Løypa var fin i starten, men då eg nærma meg høgfjellet var det 10-15 cm. fokksnø i løypa så det var berre å snu. Men løypene var fine lenger nede så eg tok ein runde på Revhaugane og ein tur over til Alexander Grieghytta.

0412 4

0412 4

0412 4 

 

ONSDAG 10. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1135
Martin, Guttorm og eg på kveldstur til Horndalsnuten. Stort sett nydeleg pudderføre ned att til Skiple.

0412 1

0412 1

0412 1

 

TYSDAG 9. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Strutseggi (1137m) og Seldalsnuten (1548m)
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 2280
Hadde eigentleg planlagt treningsfri i dag etter ein lang tur heim frå Gardasjøen. Men då ein hentelapp i postkassen indikerte at dei nye Trab-skia var på plass, måtte eg berre til fjells for å teste. Starta frå Liaset i Granvin og gjekk først opp på Strutseggi, deretter opp på Seldalsnuten og til slutt opp att i Sla i Stavaskar (skaret mellom Strutseggi og Stavaskar). Dermed vart det tre nedkøyringar, i forskjellige himmelretningar (inkludert ein av mine absolutte favorittar, sørvest-flanken på Seldalsnuten) Nydeleg føre høgt oppe, ellers litt varierande. Med andre ord perfekte forhold for å teste nye ski... Dei nye Trab Maestro skia besto med glans. Til tross for sine beskjedne 950 gram i 171 cm. (ei nesten utruleg låg vekt på ei ski med måla 107/75/94) er dei overraskande stabile. Ein føler seg sjølvsagt ikkje heilt komfortabel på dårleg føre i stor fart, men dette er ei ekstremt lett ski laga av karbon og ein kan ikkje forvente at den kan hamle opp med tyngre og meir vibrasjonsdempa ski. På skia er det påmontert Trab TR Race-binding på 132 gram. Denne skia kjem til å bli brukt mykje framover.

0409 1

0409 1

0409 1

0409 1

  

MÅNDAG 8. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 840
Me tok igjen «rallarvegen» opp klippane frå Riva del Garda til Lago di Ledro og på fine sykkelvegar på grus og asfalt vidare oppover dalen. Vår siste dag her nede var forholdsvis kald så etter den lange, artige turen ned att til Riva var det konsensus i gruppa om å avslutta turen - sjølv Bjarte var einig i at det var greitt med mindre enn tre timar i dag... Ein flott tur/treningssamling er over. I natt set me kursen heimover for å gå toppturar i forhåpentlegvis perfekte forhold. Fin kontrast!

0403 14

 

SØNDAG 7. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 825
Det regna då me vakna, så det passa perfekt å hamstra inn snop og digg på butikken og få med seg dei siste 3-4 timane av årets Paris - Roubaix på fjernsynet. Etter målgang var været blitt mykje betre (og me var ekstra inspirert), dermed måtte me ut å trakka nokre timar i dag også. Over passet til Rovereto og vidare opp dalen aust for byen.

 

LAURDAG 6. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1185
Dagens tur gjekk nordover til Cavedine, der me leika oss litt på stiar og grusvegar i området rundt Lago di Cavedine. Varmt og fint, til tross for forholdsvis dårlege værmeldingar. Yr er like dårleg på værmeldingar her som dei er heime.

 

FREDAG 5. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1325
Nokre regndråpar i lufta i dag og litt kjøligare temperatur, men likevel langt betre enn værmeldinga. Me tok «rallarvegen» opp klippane på vestsida av gardasjøen til Lago di Ledro og på fine sykkelvegar på grus og asfalt vidare oppover dalen. Vel oppe i passet Col de Ampelo slapp me oss ned til Storo på vestsida for å få oss ein kopp velfortjent varm kakao. Samme veg heimatt med ein svipptur nesten opp til Pregasina.

 

TORSDAG 4. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1525
Fin tur i fjellområdet nordaust for Torbole. Litt spennande stisykling vart det også. Mange høgdemeter som vanleg.

 

ONSDAG 3. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 1840
Me køyrte til Campione, ein merkeleg liten landsby ved Gardasjøens vestbreidde. Campione ligg rett under 3-400 meter høge klippar som tronar bokstaveleg talt rett over den. Vegen opp til Tremosine-fjella er ein ingeniørbragd og perfekt for terrengsykling. Til slutt var det snøen som stoppa oss på den smale stien som går langs den skarpe fjellryggen over Monte Zenone og Bocca di Fobia. 

0403 1

0403 1

0403 1

0403 1

0403 1

0403 1

0403 1

  

TYSDAG 2. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1075
Endå varmare i dag og det gjekk ikkje lang tid før både jakker og lange bein måtte av. Først opp over Passo Ballino på 760 moh. Deretter ned den dramatiske canyonen til Sarche og rundt Lago di Cavedine før me satte kursen mot Riva igjen.

 

MANDAG 1. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1145
Njål, Bjarte og eg er på plass i Riva del Garda i Italia. I dag tok me oss ein tur på gamlevegen til Pregasina - ein tur som kan minne om vegen opp til Flåklypa... Deretter rett opp frå Riva på bratt skogsveg til Campi. Fin oppladning til lengre og tøffare turar i dagane som kjem.

0401