DESEMBER 2012

 

SUNDAG 30. DESEMBER
Aktivitet: Trugetur
Fjell: Roaldshornet (1230m)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 810
Kveldstur til Roaldshornet. Det har komme litt meir snø så i kveld var det truger som var tingen. Gjekk opp Hevsdalen og Blådalen til topps.

 

FREDAG 28. DESEMBER
Aktivitet: Ski
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 510
Guttorm, Martin, Jan-Olav og meg på kveldstur i Brandsetdalen. Snøskredfare gjorde at me slo frå oss andre brattare alternativ. Gjekk opp mot Middagshovden, men snudde rett under toppen då me rekna med at vinden ville ta svært hardt lenger oppe. Akkurat nok pudder til at me fekk godfølelsen nedatt. Så rett på after-ski...

 

ONSDAG 26. DESEMBER
Aktivitet: Ski
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1295
Kveldstur på Horgje. Tungt føre, men det betyr at det endeleg er komme så mykje snø at ein stort sett slepp å bekymra seg lenger. På tide!

 

TYSDAG 25. DESEMBER
Aktivitet: Ski
Fjell: Slettafjell (917m)
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 615
Måtte opp å sjekka puddermengda i fjellet etter eit par dagar med lett snøvær. Heldigvis har det komme meir oppe på fjellet enn nede i bygda. Flotte forhold!

 

LAURDAG 22. DESEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Fjell: Roaldshornet (1230m)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 810
Ettermiddagstur til Roaldshornet. Frå toppen såg eg Sunnmørsalpane i vest mot ein flammeraud solnedgang i havet. Utruleg flott!

 

FREDAG 21. DESEMBER
Aktivitet: Ski
Totaltid: Ca. 2 timar
Akk. høgdemeter: Ca. 700
To gonger opp skianlegget på Strandafjellet. Fine forhold i nypreparerte alpinløyper.

 

ONSDAG 19. DESEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Fjell: Langedalsegga (974m)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 550
Kveldstur opp til Langedalsegga på Strandafjellet. For lite snø til å gå på ski, men perfekt skareføre for fjellsko. Flott utsikt mot Smørskredtindane og Sætretindane bada i månelys.

 

FREDAG 14. DESEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 720
Uværstur opp på Horgaletten. Vinden vart etter kvart så kraftig at det ikkje var forsvarleg å fortsetta.

 

TORSDAG 13. DESEMBER
Aktivitet: Ski
Fjell: Finnbunuten (1358m)
Totaltid: Ca. 2t 10min
Akk. høgdemeter: 1010
Knut, Njål og eg på pudderjakt på Finnbunuten. Kjempebra forhold rett og slett - endå meir pudder enn sist!

 

ONSDAG 12. DESEMBER
Aktivitet: Ski
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1215
Sol og fint vær gjorde at eg tok turen på dagtid i dag. Eg rekna med at det var forholdsvis lite snø på Horgje, men det var endå mindre enn eg trudde. Heilt ok over 900 meter, men etter tamsnøen (snøkanonene) og eit stykke forbi Slettafjell var det såvidt det var mogeleg å gå. Glad eg ikkje hadde nye ski i alle fall.

 

LAURDAG 8. DESEMBER
Aktivitet: Ski
Fjell: Fyresnipa (1461m)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 830
Øyvind og eg på skikkeleg puddertur! Forholda er svært bra for tida, om ein berre er litt selektiv med kva fjell ein går på. Det varierer faktisk frå fjell til fjell kor mykje snø det er. Me såg at Fyresnipa såg bra ut då me kom opp i Jordalen, mens Skarsnosi - som var det eigentlege målet i dag - ikkje såg ut til å ha like mykje snø. Me angra ikkje på valget, fantastisk flott flanke ned att. Og så er det klart for sesongens fyrste afterski...

1208 3

1208 3

(Foto: Øyvind Birkeland) 

 

FREDAG 7. DESEMBER
Aktivitet: Ski
Fjell: Finnbunuten (1358m)
Totaltid: ca. 2 timar
Akk. høgdemeter: 955
Øyvind, Njål og eg repeterte kveldsturen for to dagar sidan. Endå betre forhold i kveld, nokre cm. meir pudder oppe og flotte nypreppa løyper nede i skianlegget.

 

ONSDAG 5. DESEMBER
Aktivitet: Ski
Fjell: Finnbunuten (1358m)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 955
Njål og eg på kald kveldstur til Finnbunuten. Starta ved det nye hotellet i Myrkdalen. Betre forhold enn forventa, parti med pudder høgt oppe.

 

LAURDAG 1. DESEMBER
Aktivitet: Ski
Fjell: Kyrkjebønøse (1675m)
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 1035
Vinterens første topptur! Kyrkjebønøse frå Hemsedal er ein klassikar. Eg har vore på denne toppen to gonger tidlegare. Men aldri i så fine forhold. Riktignok litt skare på toppen, men eit parti i skogen var kjempefint, sjølv om det ikkje var veldig mykje snø. Og utsikta frå toppen var også upåklageleg, sjølv om temperaturen gjorde at eg ikkje var der lenge. Sikkert 30 effektive kuldegrader i vinden.