APRIL 2016

 

LAURDAG 30. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1740
Fjell: Fremste Blåhornet (1478m) og Heimste Blåhornet  (1336m)
Dei to Blåhorna ragar over Synnulvsfjorden. Nabofjellet er Åkernesnibba, kjent frå Filmen "Bølgen". Fantastiske flankar ned frå begge fjella.

0430 2

0430 2

 

TORSDAG 28. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1920
Fjell: Roaldshornet (1230m)
Fantastisk smørslush. Tre nedkøyringar, to ned til skogsgrensa.

 

ONSDAG 27. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1430
Fjell: Kvitegga (1691m på fast fjell, ca. 1717m på brekulen)
Stortur på Sunnmørsalpanes høgaste fjell. Ein svært lang motbakke fører frå sørenden av Norangsdalen opp Snødalen til toppen. Sat lenge og koste meg på toppen med ein av dei flottaste utsiktene i Fjell-Noreg. Varmt og godt i sola, men likevel så kaldt i lufta at det fantastiske pudder-føret fortsatt ligg heilt ned mot 600 moh. Kan ikkje ønska seg betre forhold. Nedkøyringa ned att Snødalen er blant dei beste i Noreg!

0430 1

0430 1

0427 3

0430 1

0430 1

0430 1

0427 6

 

SUNDAG 24. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 7t 30min
Akk. høgdemeter: 3135
Deltakarar: Hans Inge, Øyvind, Jarle
Rute: Nosi - Skarsnosi (1470m) - Lyngskaret - Rimstigbotn - Topp 1384 - Vassbotnvatnet - Kolsetbakkane - Vasseteskaret - Smørbotnnuten (1524m) - Breidalen - Vardafjellet (1470m) - Nosi.
Det har vore mange bra skidagar denne vinteren og våren, men dette var nok den me kjem til å hugsa lengst. Fire lange nedkøyringar, to nordsider og to sørsider. Perfekt pudder (10-15 cm) i alle himmelretningar, sjølv mot sør. Og strålande sol heile dagen. Spesielt den første nedkøyringa frå Lyngskaret ned til Rimstigbotnen var ubeskriveleg bra. Her har me aldri køyrt ned før. Det samme med nedkøyring nr. to rett ned til Vassbotnvatnet. Villare omgivelsar finn ein ikkje i våre heimefjell! Dei to siste ned frå Smørbotntind og Vardafjellet er klassikarar som me har køyrt mange gonger, men ikkje i så fantastiske forhold som i dag. 

0424 J 1

0424 J 3

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Øyvind Birkeland)

0424 6

0424 6

0424 3

0424 6

0424 5

0424 6

0424 8

0424 8

 

LAURDAG 23. APRIL
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: ca. 450
Martin og eg tok ein runde over Storåsen og litt att og fram i Bømoen.

 

FREDAG 22. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 6t 10min
Akk. høgdemeter: 3340
Fem kjempefine nedkøyringar på sørsida av Stavaskar (1258m). Iskald nordavind på toppen, men på sørsida var det relativt varmt og ein fin kombinasjon av slush rett mot sør og pudder i skuggeparti. Hadde sol heile tida, men mykje skyer og byger i fjella rundt meg. Litt flaks skal ein ha.

 

ONSDAG 20. APRIL
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 20 min
Akk. høgdemeter: 625
Område: Mølster - Raugstad - Hanguren

 

SUNDAG 17. APRIL
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: ca. 150
Stad: Bømoen

 

LAURDAG 16. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 4t 29min
Akk. høgdemeter: 2125
Tre nedkøyringar på sørsida av Stavaskar (1258m). Perfekte forhold igjen!

 

TORSDAG 14. APRIL
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 10 min
Akk. høgdemeter: ca. 550
Område: Mølster - Hanguren

 

ONSDAG 13. APRIL
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: ca. 200
Våren er her og stiane i Bømoen er stort sett tørre og fine. Tung i beina, men det var som forventa etter mange lange skiturar i det siste.

 

TYSDAG 12. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 8t 30min
Akk. høgdemeter: 4660
Rute: Liaset (335m) - Stavaskarsnuten (1349m) - Hagabekken (ca. 680m) - Stavaskarsnuten (1349m) - Nordrebotn (780m) - Olsskavlen ("sørvest-toppen, ca. 1545m) - Nordrebotn (780m) - Olsskavlen ("sørvest-toppen, ca. 1545m) - Vestrebotnen (1080m) - Olsskavlen (1576m) - Vestrebotnen (990m) - Stavaskarsnuten (1349m) - Fagnastøl (ca. 700m) - Strutseggi (1137m) - Liaset (335m)
Ny superdag - samme fantastiske føre som på søndag. Sju nedkøyringar i dag, tre ned bollen på sørsida av Olsskavlen.

 

SUNDAG 10. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 8t 15min
Akk. høgdemeter: 4700
Rute: Liaset (335m) - Stavaskarsnuten (1349m) - Nordrebotn (780m) - Olsskavlen (1576m) - Nordrebotn (780m) - Nordbotnnuten (1471m) - Trollabotnen (970m) - Olsskavlen (1576m) - Nordrebotn (780m) - Hestastodnuten (sørtoppen, ca. 1395m) - Botnen (620m) - Stavaskarsnuten (1349m) - Liaset (335m)
Slush-bonanza på sørsida av Raundalsryggen. Har sjeldan opplevd maken til føre. Klarte ikkje stoppe, det var eigentleg ikkje planen å ta så mange som seks lange nedkøyringar i dag. 4700 høgdemeter er ein del på mellomtungt utstyr som eg hadde i dag.

0410 

 

FREDAG 8. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1330
Fjell: Grøtdalstinden (1420m)
Fantastisk tur på ein av dei store i Sunnmørsalpane. Stort sett blå himmel og 15 cm. pudder ned att. Forskjellen på turen for to dagar og i dag sidan kunne ikkje vore større.

0408 4

0408 4

0408 4

0408 4

 

TORSDAG 7. APRIL
Aktivitet: Springing
Totaltid: 55 min
Akk. høgdemeter: ca. 250
Område: Engeset - Habostadsætra

 

ONSDAG 6. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 810
Fjell: Roaldshornet (1230m)
Møkkavær og tidenes sugeføre! Det einaste positive med dagens tur er at det var ekstra koseleg å komme ned att til ei varm hytte og sette seg framfor peisen.

 

TYSDAG 5. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 695
Fjell: Kleivdalsfjellet (1154m)

 

MÅNDAG 4. APRIL
Aktivitet: Spasertur
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: ca. 150
Fjell: Aksla (ca. 160m), Ålesund

0404 3

0404 3

0404 3

 

SUNDAG 3. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 880
Fjell: Auskjeret (1203m)
Tidleg morgontur på Auskjeret, som har ein av dei flottaste nedkøyringane eg har opplevd, spesielt når sola berre har tint dei øverste to centimetrane som i dag. Perfekt slush frå toppen heilt ned til parkeringsplassen.

0403 2

0403 2 

 

LAURDAG 2. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 790
Fjell: Roaldshornet (1230m)
Nydeleg slush frå toppen ned til 700 moh, sugeføre lenger nede.

0402

 

FREDAG 1. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 790
Fjell: Roaldshornet (1230m)

0401