Svalbard skitur
Det er noko spesielt med ein skitur på Svalbard. Denne store arktiske øygruppa som ligg "rett under" Nordpolen, og som kan samanliknast med kva som helst når det gjeld flott natur. Og kanskje får me sjå bamsen...
Les GlobetrotterElisa sin fine reiseskildring frå denne turen.
NB! Viktig å melde seg på tidleg pga. liten hotellkapasitet i Longyearbyen.
Reisemål | Svalbard Skitur |
---|---|
Land | Svalbard, Noreg |
Antall dagar | 9 (6 netter i telt) |
Datoar | Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus |
Min. antal | 8 |
Max antal | 14 |
Påmelding | Sjå påmeldingsskjema |
Påmeldingsfrist |
Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler alle å melda seg på minimum 8 månadar før avreise pga. liten hotellkapasitet i Longyearbyen i høgsesongen. Om du er seint ute så skal eg gjera mitt beste for å få deg med uansett. |
Pris 2023 |
24 900 (ikkje inkl. flybillett t/r Svalbard)
|
Pris 2024 | 26 900 (ikkje inkl. flybillett t/r Svalbard) |
Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.
Prisen inkluderer
- All transport på Svalbard (unntatt flybuss frå og til flyplassen)
- Alle overnattingar på enkelt hotell/gjestehus
- Alle måltider på Svalbard, unntatt den siste middagen
- Norske turledarar
- Search and rescue forsikring
PRISEN INKLUDERER IKKJE
- Fly frå fastlandet til Svalbard (t/r)
- Flybuss frå og til flyplassen
- Drikkevarer
- Middag den siste kvelden
- Evt. enkeltrom
TRANSPORT
SAS flyr direkte frå Gardermoen til Longyearbyen kvar dag i høgsesongen. Norwegian flyr fleire dagar i veka. Eg kan ordne flybillettar for deg dersom du ønsker det. Vær oppmerksom på at om du har SAS Eurobonus-poeng så trengs det ikkje fleire poeng for ein tur til Longyearbyen enn for ein innanriks tur i Norge.
OVERNATTING
Me bur på dobbeltrom på eit enkelt hotell eller gjestehus på Svalbard. Det kan vera rom med felles bad på gangen, men som regel kan du oppgradera til rom med bad. På skituren bur du sammen med ein teltkamerat i eit romsleg 3-mannstelt (Helsport Svalbard 3).
Fellesutstyr
Eg har eit stort lager med pulkar, telt, liggeunderlag og kokeutstyr på Svalbard. Lån av dette er inkludert i prisen. Du får opplæring i alt utstyr som me brukar på turen, både oppsetting av telt og bruk av brennar.
Mat
Me lager mat sjølv i kvart telt. Frukost består som regel av havregraut med tilbehør. Lunsj og middag blir stort sett frysetørka mat i ulike smakar og variantar.
FYSISK FORUTSETNING
Du må ha erfaring i å gå på fjellski utanfor preparerte løyper. Det er ein fordel at du har budd i telt vinterstid før, men ikkje noko ufråvikeleg krav. Du får opplæring i å sette opp telt og bruk av kokeutstyr. Det er ikkje ein forutsetning at du har gått med pulk før, men du må i tilfelle ikkje ha rygg- eller hofteproblem. Du må ha ein viss kondisjon og du må vera i stand til å gå roleg 6-7 timar kvar dag. Me avpassar dagsetappane etter formen i gruppa, dersom nokon syns dagsetappane blir korte så kan me heller ta ein topptur etter at leiren er etablert. Det er flust av mogelegheiter for kveldsturar frå leiren. Sol har me uansett nesten heile døgnet... På denne turen kan det bli alt frå t-skjorte vær dersom sola skin og det er vindstille, til kraftig vind og -20. Men sidan sola ikkje er under horisonten veldig mange timar kvar natt, blir det ofte ikkje skikkeleg kaldt før ut på kvelden.