newtontoppen skiekspedisjon
Dette er ein spesiell skitur der me blant anna skal bestige Newtontoppen (1713m), det høgaste fjellet på Svalbard. Me går også gjennom dei dramatiske Atomfjella og du får gått på drivisen på Austfjorden. Området ein skal gå gjennom er verkeleg arktisk villmark - det mest spektakulære og alpine området på Svalbard. (NB! Sjå info om alternativ rute dersom dårlege isforhold lenger nede på denne sida)
Eg arrangerer også Svalbard Fottur om sommaren.
NB! Viktig å melde seg på tidleg pga. liten hotellkapasitet i Longyearbyen i høgsesongen.
Reisemål | Newtontoppen |
---|---|
Land | Svalbard, Noreg |
Antall dagar | 14 (10 netter i telt) |
Datoar |
Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus NB! Denne turen vert i utgangspunktet arrangert annakvart år (oddetalsår) |
Min. antal | 8 |
Max antal | 14 |
Aldersgrense | 18 år |
Påmelding | Sjå påmeldingsskjema |
Påmeldingsfrist |
Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler alle å melda seg på minimum 8 månadar før avreise pga. liten hotellkapasitet i Longyearbyen i høgsesongen. Om du er seint ute så skal eg gjera mitt beste for å få deg med uansett. |
Pris 2025 |
35 900 (ikkje inkl. flybillett t/r Svalbard)
|
Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.
Prisen inkluderer
- All transport på Svalbard (unntatt flybuss frå og til flyplassen)
- Alle overnattingar på enkelt hotell/gjestehus
- Alle måltider på Svalbard, unntatt middag den siste kvelden
- Norske turledarar
- Search and rescue forsikring
PRISEN INKLUDERER IKKJE
- Fly frå fastlandet til Svalbard t/r
- Flybuss frå og til flyplassen
- Drikkevarer
- Middag den siste kvelden
- Evt. enkeltrom
TRANSPORT
SAS flyr frå Gardermoen kvar dag i høgsesongen. Norwegian flyr fleire dagar i veka. Eg kan ordne flybillettar for deg dersom du ønsker det. Vær oppmerksom på at om du har SAS Eurobonus-poeng så trengs det ikkje fleire poeng for ein tur til Longyearbyen enn for ein innanriks tur i Norge. På Svalbard blir det snøscootertransport fram til startpunktet for turen. Tilbake til Longyearbyen blir det båttransport frå området rundt Pyramiden. (NB! Forholda vil bestemme transportform, det kan også bli snøscooter begge vegar, eller båt begge vegar)
OVERNATTING
Me bur på dobbeltrom på eit enkelt hotell eller gjestehus på Svalbard. Det kan vera rom med felles bad på gangen, men som regel kan du oppgradera til rom med bad. På skituren bur du sammen med ein teltkamerat i eit romsleg 3-mannstelt (Helsport Svalbard 3).
Fellesutstyr
Eg har eit stort lager med pulkar, telt, liggeunderlag og kokeutstyr på Svalbard. Lån av dette er inkludert i prisen. Du får opplæring i alt utstyr som me brukar på turen, både oppsetting av telt og bruk av brennar. Men som du kan lesa meir om lenger nede stiller me krav om at du har litt erfaring med dette frå før.
Mat
Me lager mat sjølv i kvart telt. Frukost består som regel av havregraut med tilbehør. Lunsj og middag blir stort sett frysetørka mat i ulike smakar og variantar.
FYSISK FORUTSETNING
Dette er ein ekspedisjon i polar villmark og me stiller derfor høgare krav til erfaring og fysisk styrke enn på våre andre skiturar. Me har også ei aldersgrense på 18 år. Du må ha erfaring med å ligga i telt om vinteren. Konkret må du ha gått turar på fleire dagar på fjellski utanfor preparerte løyper der du har budd i telt på snø. Me trenar likevel på å sette opp telt og bruk av kokeutstyret før sjølve turen startar. Du må ha god kondisjon og styrke og du må vera i stand til å gå roleg i opp til 7-8 timar kvar dag. Det er ingen forutsetning at du har gått med pulk før, men du må i tilfelle ikkje ha rygg- eller hofteproblem. Temperaturen kan i dette området synka ned til -25 om natta, så du må ha utstyr som er tilpassa dette (sovepose, liggeunderlag, dunjakke og bekledning generelt – du får sjølvsagt detaljert utstyrsliste av oss). Vinden kan også vera tøff i det området denne turen går i. Er du i tvil om denne turen er noko for deg anbefaler me sterkt at du først blir med enten på Svalbard skitur eller Josten på langs for å få erfaring. Eg kjem til å stille konkrete spørsmål om din erfaring før du blir akseptert som deltakar på denne turen.
FORBEHALD OM ISFORHOLD / ALTERNATIV RUTE
Me tar forbehald om at isforholda er slik at det er mogeleg å krysse Tempelfjorden på snøscooter under transporten nordover til startpunktet for turen (og på returen), og at det er solid drivis på Austfjorden som dere skal krysse ein av dei siste dagane av skituren. Isforholda på Svalbard har forandra seg dei siste åra, det blir mindre og mindre drivis og den legg seg seinare og seinare. Dersom ein eller begge desse fjordane ikkje er farbare må me endre ruta litt. Utkøyring med snøscooter blir då til eit punkt lenger søraust, og ruta vil leggast opp som ein runde over dei store bremassiva nordover til Newtontoppen. Sannsynlegvis går ein då Akademikerbreen nordover og Lomonosovfonna sørover. Også generelle værforhold og værmeldingar kan gjera at ruta blir endra.