MOUNT KENYA - FOTTUR PÅ EKVATOR
Visste du at litt over 30 mil nord for Kilimanjaro ligg det eit fjellmassiv som er nesten like høgt? Mount Kenya-massivet kan beskrivast som ein krysning av Kilimanjaro og Alpane. Fjellet er ein eldgammal gigantisk vulkan, men det er det ikkje så lett å sjå lenger. Sylskarpe pinnaklar som strekker seg mot himmelen minnar meir om alpine fjell i heilt andre strøk av verda. Men likevel har du det typiske Afrikanske landskapet med alle sine spesielle plantar og vekstar i liene under dei høge fjella.
Små fjellvatn med flott ørret ligg nede i dei mange dalane som deler fjellet opp på ein dramatisk måte. Men det er ikkje berre fjellet som vil gjera inntrykk på deg på denne turen. Afrika kan skilta med så utruleg mykje meir. Venlege menneske, fascinerande kultur og variert natur. Våre afrikanske vennar med hovedguiden David i spissen, sørger for at me slepp å bæra meir enn ein lett dagstursekk undervegs, og at me får førsteklasses mat langt oppe i fjellet.
Mount Kenya er Afrikas nest høgaste fjell. Dei tre høgaste toppane er Batian (5199m), Nelion (5188m) og Lenana (4985m). Me skal gå ein lang trekkingtur gjennom fjellmassivet og på vegen bestiger me Lenana, som er den høgaste toppen du kan gå på utan omfattande klatring. Mount Kenya ligg så å sei på ekvator, men likevel vil du sjå både nysnø og breer. Me går ikkje den kortaste ruta, men den mest spennande og varierte. I tillegg traverserer denne ruta rundt mykje av fjellet - så du får sjå fjellet frå fleire sider. Me brukar tilstrekkeleg med tid på turen slik at me blir skikkeleg akklimatisert og dermed aukar sjansane for å nå toppen betrakteleg. Me får også ein langt meir behageleg tur med mykje mindre risiko for hovudverk, kvalme og dei andre typiske utslaga av mild høgdesjuke.
På denne turen vil du også få oppleva ein safari ved foten av Mount Kenya der du får sjå mange av dei spesielle dyra som kun lever i Afrika. Og dersom du ønsker det kan du avslutte Afrika-turen med nokre avslappande dagar på dei krittkvite strendene på Zanzibar for verkeleg å la inntrykka frå fjellturen og safarien synka inn (sjå nederst for meir informasjon om den valgfrie Zanzibar-pakken min).
NB! Viktig å melde seg på tidleg - f.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir
Reisemål | Mount Kenya |
---|---|
Land | Kenya |
Max. høgde | Lenana, 4985 moh. |
Antall dagar | 10 (6 på fjellturen) |
Datoar |
Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus NB! Denne turen vert i utgangspunktet arrangert annakvart år (partalsår) |
Min. antal | 7 |
Max antal | 16 |
Påmeldingsfrist |
Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler tidleg påmelding. Ved sein påmelding kan det bli eit tillegg for flybilletten. F.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir |
Pris 2024 | 49 900 |
NB! 1000 i rabatt ved tidleg påmelding |
Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.
Prisen inkluderer
- Fly tur/retur frå Gardermoen (tilslutningsavgift frå andre flyplassar f.o.m. 2025)
- 6 dagars trekking på Mount Kenya med lokale guidar, kokkar og bærarar
- 1 dag safari
- 1 opplevelsesrik dag i Nairobi
- All transport i Afrika
- Alle hotellovernattingar i delt dobbeltrom
- Alle tillatelsar og parkavgifter
- Alle måltid
- Norsk turleiar
PRISEN INKLUDERER IKKJE
- F.o.m. 2025: Evt. tilslutning til Gardermoen
- Visum til Kenya (50 dollar, ordnast på flyplassen i Nairobi)
- Drikkevarer
- Evt. enkeltrom
- Tips til lokale guidar, kokkar, bærarar osv. (100 - 120 dollar, avhengig av gruppestørrelse)
- Flyplass-skatt for dei som skal til Zanzibar
TRANSPORT
Fly frå Norge til Nairobi. Me nyttar privatbuss til transport til og frå hotell, og til og frå Mount Kenya.
OVERNATTING
I Nairobi bur me på hotell av forholdsvis høg standard. På fjellturen bur me i moderne tre-mannstelt, to personar i kvart telt. På fjellet har me også med eigne toalett. På safarien bur me på ein safarilodge av høg standard.
Mat
Maten på hotella er omtrent som du er vant med her heime. Frukosten er typisk litt enklare enn kva me nordmenn er vant med. Når me er på sjølve fjellturen har me med eigen kokk og kokkeassistentar. Dei gjer sitt beste og me blir stadig overraska og imponert over kva dei klarer å få til langt oppe på fjellet. Me vil stort sett ha tilgang på kjøtt til middag gjennom heile ekspedisjonen. Havregraut er ein av fleire rettar du kan velga til frukost, andre valg er egg, pølser, toast, frukt osv.
FYSISK FORUTSETNING
Mount Kenya er eit stort fjell og må ikkje undervurderast. Det er bratt sti det siste stykket mot toppen, du må derfor ha god generell kroppskontroll i bratt terreng. Du må vera i bra fysisk form, dvs. at du ikkje har problem med å gå ein roleg tur på mange timar i norske fjell. Toppdagen er lang og fysisk krevande, men me går veldig sakte mot toppen. Toppen er 900 meter lågare enn Kilimanjaro så turen kan beskrivast som litt enklare med tanke på høgde-utfordringane. Også dagsetappane er litt kortare enn på Kilimanjaro, som regel 4 - 6 timar. Bærarane tar seg av all bagasjen din, du sjølv bærer kun det du treng under sjølve marsjen. Det er vanskeleg å setta opp noko konkret øvre aldersgrense for denne turen, då det ofte ikkje er noko sammenheng med kor god form ein er i og korleis ein fungerer på fjellet. 75-åringar kan vera sprekare enn 30-åringar i mange høve. Det kan bli forholdsvis kaldt på toppstøtet, kanskje ned i nokre få minusgrader. Ellers vil temperaturen stort sett vera behageleg. Mine turar til Mount Kenya er i dei tørre periodane, dvs. at det er mindre sjansar for nedbør.
AVSLUTT MED BADEFERIE PÅ ZANZIBAR?
Har du lyst til å avslutta Afrika-turen med ein avslappande badeferie på ei kvit sandstrand på Zanzibar? Dumt spørsmål kanskje... men eg kan i alle fall tilby ein Zanzibar-pakke som består av 4 netter i Nungwe på nordspissen av øya. Zanzibar er også eit paradis viss du er interessert i dykking og snorkling. Pakken kostar kr. 8900,- pr. pers. i dobbeltrom og består av:
- 1 natt ekstra på hotell i Nairobi
- Fly til og frå Stonetown, "hovedstaden" på Zanzibar
- 4 netter på ein resort som ligg rett på stranda
- Transport mellom hotell og flyplass (t/r)
- Frukost
Standarden på romma er heilt ok, men ingen luksus. Dersom du vil ha høgare standard kan du velge suite med havutsikt til kr. 500,- ekstra pr. pers. pr. natt. i dobbeltrom.
Ta kontakt for enkeltromstillegg. Opphaldet kan sjølvsagt gjerast lenger eller kortare. Den norske turledaren drar heim etter safarien og er ikkje med til Zanzibar.