HAUTE ROUTE
MARS 2008
Frode, Pål og eg har akkurat avslutta ein heilt fantastisk skitur frå Chamonix (Frankrike) til Zermatt (Sveits). Over 6000 høgdemeter vart det totalt. Stort sett nydeleg vær og endå nydelegare pudder. Me er sannsynlegvis dei første som har fullført heile Haute Route i år. Me var heldige og fekk tidenes vêr og føre. Ein perfekt pudderdag i skianlegget i Vesonnaz vart det også tid til før Pål og Frode reiste heim att.