OVER GRØNLAND PÅ SKI

MAI 2001
 

Utdrag frå boka mi: Livet i fjella
Sjå fleire bilete nederst på sida


2001 Grnland p tvers 1


I 2001 kom eg i kontakt med tre trønderar som hadde planar om å kryssa grønlandsisen på ski. Christer Rognerud hadde gått over Grønland året før og hadde vore aktiv langrennsløpar, Arild Dahl var lidenskapeleg jeger og friluftsmann, og Kristian Nastad var i Forsvaret, og også han hadde vore aktiv langrennsløpar. Fire svenskar hadde også planar om å kryssa isen, og då det viste seg at både me og dei hadde planar om å senka den gamle rekorden, blei det fort klart at dette ville bli ein slags uof­fi­siell landskamp. Den nesten 600 kilometer lange ruta skulle gjennomførast på under 11 døgn, 13 timar og 20 minutt, som var den ståande rekorden på dette tidspunktet. Dei fleste brukar over 20 dagar.

Det svenske teamet bestod av Magnus Persson, Henrik Rünell, Niclas Blohm og Johan von Heideken. Året før hadde Magnus og Henrik sett ny rekord til Nordpolen. Me valte å satsa på ein ekstremt lett pulk, nærmast som eit avansert akebrett. Vekta er berre litt over to kilo, mens vanlege pulkar på same størrelse er minst tre gonger så tunge. Den spesielle plasten som brettet er laga av, toler ekstreme temperaturar og glir mykje lettare på snøen enn vanlege pulkar. Me limte og stif­ta på eit overtrekk og laga eit trekksystem av eit tynt, statisk klatretau, som me enten festa direkte på hof­tebeltet på ryggsekken eller til ein eigen pulksele. Me kunne ha spart litt vekt ved å bruka eitt stort telt i staden for to mindre, men me valde likevel å bruka to telt. Ved ein eventuell teltbrann ville det vera krise dersom me berre hadde eitt telt. Det kunne også lettare bli irritasjon og gnissingar mellom oss dersom alle fire skulle bu i eitt telt. Eg og Kristian budde i det eine teltet og Arild og Christer i det andre.

17. mai møttest me i Elverum til den siste gjennomgangen. Alt var pakka og klart, og me reiste frå Gardermoen tidleg om morgonen dagen etter. Vekta på pulken og sekken hadde me fått ned mot 40 kilo. Me blei overraska då me høyrde at svenskane berre skulle bruka ryggsekk, og at dei hadde med mat for berre 10 dagar. Me hadde med mat for 14 dagar og syntest eigentleg at me hadde kutta marginane vel langt ned med tanke på at me kunne få uvêr og liggedagar.

Det var ei spesiell stemning då flyet kom innover grønlandsisen på austkysten. Sjølv med eit moderne jetfly brukte me nesten ein time på å fly over breen. Vel framme i Søndre Strømfjord eller Kangerlussuaq, som staden heiter på grønlandsk, møtte me svenskane for fyrste gong. Dei var svært sympatiske, og me var mykje saman med dei før starten gjekk. Det blei bestemt at me skulle starta nøyaktig eitt døgn før dei. Grunnen til dette var at dei trong eit døgn til å filma og ta bilete i brefallet fordi dei ikkje skulle ta med seg kamera eller videokamera på sjølve turen.

Me blei fråtatt ammunisjonen til revolveren som me hadde med på Gardermoen, og klarte berre å skaf­fa to kuler på Grønland. Dermed var taktikken grei dersom me skulle møta isbjørn. Me hadde ingen skremmeskot å ofra, så dersom me ikkje klarte å skremma vekk dyret ved hjelp av signalbluss, hadde me berre to sjansar. Risikoen for å møta isbjørn på grønlandsisen er liten, men det er eit faktum at skulle ein fyrst møta ein, er det svært sannsynleg at han er av den lite samarbeidsvillige typen. Isbjørnar som har forvilla seg opp på breen, har problem med å finna mat, og er derfor svoltne.

Maten er kanskje det aller viktigaste på ein slik tur. Det er ikkje mogeleg å få i seg like mykje næring som ein forbrenn, men me prøvde å erstatta så mykje me kunne. Til frukost åt me havregraut med soyaolje, det same til lunsj, og to porsjonar frysetørka mat til middag. I tillegg åt me store mengder nøtter, sjokolade og marsipan.

Etter eit hektisk døgn med førebuingar på Grønland stod me på «startstreken», og nøyaktig klokka 12.00 den 19. mai starta me oppover brefallet. Motivasjonen var på topp og vêret perfekt. Fjella bak oss blei mindre og mindre, men me såg dei framleis då me slo leir om kvelden. Me var litt nervøse for gnagsår og blemmer den fyrste dagen, men føtene hadde klart seg bra. Dersom gnagsår fyrst skulle oppstå, ville det vera vanskeleg å hindra dei i å utvikla seg til store kjøtsår. Brefallet var heldigvis lettare å forsera enn me hadde frykta, og pulkane gleid godt. Strålinga frå sola var enorm om dagen, og me brukte ansiktsmaske for å unngå solforbrenning i ansiktet. Temperaturen var ikkje lågare enn 15 minus den fyrste natta, men det skulle bli betrakteleg kaldare etter kvart som me kom høgare og lenger inn på isen.

Dei neste dagane blei fyrst Christer sjuk og mista appetitten. Heldigvis varte det ikkje lenge før han blei frisk att, men Arild skulle derimot få større problem dei neste dagane. Han klarte nesten ikkje å få i seg mat i det heile, og han fekk også ein stygg hoste. Penicillinkur og senking av tempoet nokre dagar måtte til for at han skulle bli frisk att, men innsatsviljen til Arild imponerte oss alle. Ikkje mange hadde klart 40–50 kilometer om dagen med så lite næring som Arild fekk i seg desse dagane. 

Svenskane tok oss att det tredje døgnet, og sjølv om me hadde hatt startproblem, blei me imponerte over farten deira. Me hadde problem med sastrugi, det vil seia formasjonar i snøen som vinden har grave ut. Pulkane våre bråstoppa kvar gong dei trefte rett på ein slik formasjon. mens svenskane sannsynlegvis kunne gå rett over dei utan å måtta ta omsyn til pulken som kom bak.

Dei neste døgna passerte me det svenske teltet om natta, mens dei passerte vårt om dagen. Me gjekk om natta, men på grunn av trått føre i kulda snudde me etter kvart døgnet att. Den fjerde dagen såg me den nedlagde amerikanske radarstasjonen DYE-2 som eit fata morgana fem–seks mil lenger sør.

Etter kvart blei Arild betre, og dagsetappane blei lengre for kvar dag. Dag sju fekk me den fyrste dagen med «whiteout». Skyene låg heilt nede på isen, og me hadde absolutt ingen referansepunkt som me kunne fokusera blikket på. Det var ingen kontrast mellom isen og himmelen, alt var totalt kvitt. Dermed var me heilt avhengige av nøyaktig navigering, viss ikkje ville me gå i ring. Dette er mentalt svært slitsamt, og balanseevna blir sett på ei hard prøve for den som går fyrst.

Natt til dag ni vakna me av kraf­tig vind. Om morgonen bles det endå meir, og me bestemte oss for å sjå forholda litt an. Det hadde bygd seg opp enormt med snø over inngangen og forteltet til Kristian og meg. Me måtte ropa på Christer og Arild, slik at dei fekk spadd oss ut. Svenskane hadde målt vinden til 25 m/s, det vil seia sterk storm. Det største problemet med slik vind er ikkje nødvendigvis å gå, men det å ta ned og setta opp leir inneber ein stor risiko for å mista telt eller anna viktig utstyr. Me venta derfor ei stund utover formiddagen før me til slutt bestemte oss for å ta ein heil kviledag sidan vinden ikkje såg ut til å løya.

Dei neste dagane gjekk me nesten 60 kilometer om dagen. Me passerte det høgaste punktet på turen, 2450 meter over havet, og lengta etter den dagen då me endeleg skulle sjå at terrenget byrja å skråna nedover. Me byrja å bli svært slitne. Lite søvn, dei siste dagane berre tre–fire timar kvar natt, og opp mot 16–17 timar med fysisk slit, gjorde at me verkeleg var nede og tærde på reservane i kroppen. Me merka på den stramme sveittelukta at kroppen hadde byrja å forbrenna protein. Når kroppen forbrenn protein, det vil seia muskelmasse, er avfallsproduktet som kroppen skil ut, rein ammoniakk.

Den nest siste natta på isen fekk me vår desidert kaldaste natt, om lag 40 minusgrader. Akkurat då me kom inn i brefallet ned mot austkysten, fekk me whiteout igjen. Me likte dårleg at me ikkje såg noko framfor oss, med tanke på at me gjekk i eit område med enorme bresprekkar og smeltevasshol. Me gjekk i tau og navigerte ved hjelp av GPS. Det var ei spesiell og positiv oppleving då det for fyrste gong på turen blei bratt nok til at me faktisk kunne skli nedover. Ein liten fugl sette seg rett ved sida av oss då me tok ein pause. Aldri før har fuglesong vore så flott.

Etter ein lang innspurt gjennom farleg breterreng og eit sørpeføre som gjorde at me faktisk måtte bruka skifeller sjølv i nedoverbakke, nærma me oss endeleg fjorden. Gleda var stor då me heiv skia av oss og sprang som småungar bortover svaberget. 12 dager, 11 timer og 25 minutt hadde me brukt. Me såg skispora etter svenskane, og sjølv om me visste at dei hadde slått oss, la det ingen dempar på gleda. Me var den tredje raskaste ekspedisjonen over Grønland nokosinne, og med dei problema me hadde hatt, var det ein prestasjon me var svært godt nøgde med.

Me rekna med å bli plukka opp av eit helikopter neste morgon, men tekniske problem gjorde at det tok fleire dagar før dei fekk henta oss. Det var heller ikkje mogeleg å bli henta med båt, fordi drivisen stengde den enorme fjorden som låg mellom oss og Tasiilaq. Me bestemte oss derfor for å gå til Isertoq, om lag 15 kilometer i luftlinje lenger sør. Men terrenget såg ut til å vera tøft. Me måtte over langstrakte morenerygger, kryssa ei stor breelv og forsera eit fjell som me verken visste størrelse eller vanskegrad på. Men all bekymring forsvann etter kvart som me nærma oss Isertoq. Vêret var strålande, og me gjekk langs ein fjord som var tettpakka med store isfjell. Snart såg me rett ned på det vesle fiske- og fangstsamfunnet. Tettstaden låg på ei lita øy, og me måtte kryssa isen for å komma over til øya. Det var litt skummelt i byrjinga, for isen var i ferd med å gå i oppløysing. Men etter kvart som me lærte oss å stola på isen, gjekk det fint.

Då me nærma oss land på den andre sida, blei me møtte av ei eldre dame saman med ein liten unge. Det lukta alkohol lang veg, og det var også det fyrste ho spurde oss om – om me hadde med oss alkohol som ho kunne få. Me klarte ikkje å kommunisera noko vidare med henne då ho berre snakka grønlandsk. Me blei overraska over kor ille det såg ut, husa må nesten beskrivast som rønner. Boss og slakteavfall låg og flaut overalt. Me vassa i tarmar og hundelort. Men dei var svært vennlege, og dei viste oss opp til eit hus som dei kalla «servicehuset». Dette var det finaste huset i landsbyen, med moderne kjøkken, toalett, dusj og vaskemaskin.

I den vesle og sparsamt utrusta butikken på øya fekk me handla inn det me trong, sjølv om det absolutt ikkje blei noko gourmettilvære dei dagane me oppheldt oss her. Frosen pytt-i-panne, spagetti og loff med syltetøy var stort sett det butikken kunne tilby. Men me hadde madrassar å sova på og bunkevis med gamle danske Se og Hør å lesa i, så me hadde ingenting å klaga på. I butikken blei det også for alvor klart for oss at denne staden hadde eit seriøst alkoholproblem – sjølv han som stod bak disken, var full. Det var nesten vanskeleg å forstå at eit heilt samfunn kunne bli så til dei grader prega av alkoholen.

Ein positiv ting var likevel alle ungane som flokka seg rundt oss. Det var heilt tydeleg at dei ikkje fekk den omsorga og merksemda dei trong, og me fekk ein heilt unik kontakt med dei. Dei heiv seg over oss med ein gong me forlét huset, for å leika eller ha snøballkrig med oss. Ungar ned i fire–femårsalderen leika ute til langt på natt, og det var tydeleg at for mange av dei vaksne her kom omsorgen for barna i skuggen av det daglege strevet med å skaf­fa seg alkohol.

Då helikopteret endeleg henta oss, var det med ei blanding av lette og vemod at me forlét Isertoq. Staden hadde sett varige spor i oss på godt og vondt. Helikopterturen til Tasiilaq blei eit kapittel for seg. Fyrst flaug me rett utover fjorden, og piloten styrte den store maskina i krappe svingar mellom 30–40 meter høge isfjell. Så flaug me innover breen over kolossale bresprekkar, over den gigantiske fjorden, for så å klatra bratt over nesten 1000 meter høge fjell og stupa ned i dalen på den andre sida. Slik fortsette det heile den 45 minutt lange flyturen. Inntrykka var så mange at då me gjekk ut av helikopteret, var det med ein salig glis om munnen. Glisen stivna likevel fort då me blei presenterte for rekninga for flyturen. Nesten 15 000 kroner.

Tasiilaq er ein idyllisk liten by i forhold til Isertoq. Over 3000 menneske bur i denne «austkystens hovudstad». Me overnatta i sovepose under open himmel ved fjorden, som også her var full av av store isfjell. På andre sida reiste høge fjell seg opp frå sjøen, og då sola gjekk ned og kasta sine siste raude strålar på isfjella og fjella i bakgrunnen, er det vel unødvendig å seia at det var ei magisk stemning. Ein tur over grønlandsisen er så mykje meir enn berre is og snø.
 

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 7

2001 Grnland p tvers 8

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 20

2001 Grnland p tvers 20

2001 Grnland p tvers 20

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 20

2001 Grnland p tvers 20

2001 Grnland p tvers 20

2001 Grnland p tvers 20

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 26 

2001 Grnland p tvers 27

2001 Grnland p tvers 30

2001 Grnland p tvers 30

2001 Grnland p tvers 30