KILIMANJARO PÅ EIN DAG

27. JANUAR 2009 

Utdrag frå boka mi: Livet i fjella
Sjå fleire bilete nederst på sida

Kilimanjaro p ein dag 14 

- Mister Jarle, can I ask you a question?
- Yes, of course.
- Mister Jarle, why do you want to do this?

Klokka er 0520, og det er berre få minutt til eg skal ta fatt. Julias ser på meg med det beskjedne blikket sitt, det er berre så vidt han tør å stilla meg spørsmålet. Julias har arbeidd som guide for meg på Kilimanjaro i fire år. Han er eit av dei mest pliktoppfyllande og ærlege menneska eg kjenner. Korleis skal eg forklara ein som har nok med å stilla dei nedste behova i Maslows behovspyramide, kvifor eg vil prøva å nå til topps på Kilimanjaro på éin dag? Sjølvrealisering har dei nok aldri høyrt om i den vesle, fattige landsbyen som han kjem frå. Uansett har eg ikkje noko godt svar. Eg veit ikkje svaret.

Seks timar seinare, då eg har rota meg ut i farleg terreng rett under dei stupbratte klippebanda på 5500 meter, stiller eg meg sjølv det same spørsmålet. Nysnøen dekker den dårlege stien som går i sikksakk oppover, og gjer det nesten umogeleg å finna ut kvar eg skal gå, og det endar med at eg kjem skikkeleg på avvegar. Tett tåke gjer ikkje situasjonen betre. Western Breach-ruta er svært spesiell, og få bruker ho i dag. Det er bratte parti mellom 5200 og 5700 meter som er utsette for steinsprang. Då eg endeleg finn att stien, ser eg ein knust klatrehjelm. Eit tragisk minne om ulykka som skjedde for tre–fire år sidan som kravde tre menneskeliv og fleire hardt skadde. Eit stort fjellparti rasa nedover i mørket rett inn i gruppa, som berre høyrde lyden av det som kom.

Men attende til start. Michael, Julias og eg køyrer oppover den dårlege vegen mot Umbwe Gate. Her må du ha firehjulstrekk og eit relativt lite kjærleg forhold til bilen din. Det ristar verre enn eg nokosinne har opplevd i Afrika, men Michael bremsar berre når han må. Han er nervøs, innrømmer han seinare. Han er redd for at det skal skje noko med meg. Det er kjent at det er «bandittar» i jungelen over Umbwe. Det er også leopardar og andre ville dyr der. Leoparden er eit nattdyr som jaktar i mørket. Det er mørkt då eg legg i veg frå Umbwe Gate. Michael har åtvara meg på førehand, men eg har trudd at han overdriv. Etter at turen er over, fortel Michael meg at han har vore svært uroleg heile dagen – også fordi han såg i kikkert at det var snø og is i partiet under toppen.

Eg har ei god kjensle i kroppen. I byrjinga er det berre slak stiging, og eg kan springa mesteparten av tida, men etter kvart blir det brattare, og eg må slå over til rask gange. 20 minutt etter start ser eg det flakkande ljoset frå eit bål som lyser opp skogen kanskje 50 meter frå stien. Eg dempar den kraf­tige hovudlykta mi maksimalt og vender ho rett ned slik at ho berre lyser opp bakken rett framfor skotuppane mine. Eg prøver å ikkje laga ein lyd idet eg passerer, i tilfelle dei er den typen folk ein ikkje har lyst til å møte i jungelen midt på natta. Nokre minutt seinare skremmer eg opp eit dyr som går på stien. Eg ser det ikkje, men eg høyrer lyden i det det spring gjennom jungelen. Heldigvis blir lyden svakare og svakare.

Etter kvart byrjar det å lysna, og den praktfulle Umbwe-ruta imponerer med sin dramatiske natur. Sidan det regna døgnet før, er stiane glatte. Men det legg ingen dempar på humøret mitt. Eg kosar meg. Eg har funne rytmen som er så avgjerande for så lange turar. Men eg har uroleg mage. Typisk. Eg har ikkje hatt noko særleg problem med magen på nokon av Afrika-turane mine tidlegare, og så må det skje akkurat denne dagen. Eg må på do fleire gonger oppover. Noko av grunnen er truleg dei store mengdene karbohydrat som eg har dytta i meg det siste døgnet. Eg er også litt småkvalm, men det er heller ikkje uvanleg når ein et så mykje ekstremt energirik mat.

Eg passerer Barranco, nesten 4000 meter over havet, etter litt over tre timar. Eg har no gått nesten 2400 høgdemeter. Her ventar Eliezer på meg som avtalt. Det var heilt umogeleg å få lisens til å gjera dette utan guide, så på papiret går Julias og Eliezer saman med meg. Julias starta saman med meg, men etter fyrste svingen la han seg bak, og eg ser han ikkje att før i Millenium Camp åtte–ni timar seinare, rett før eg er nede att. Eliezer har overnatta i Barranco saman med ein berar, og han skal ifølgje papira gå over toppen saman med meg. Men også han går snarvegen til Millenium.

Idet eg spring forbi hovudleiren i Barranco, høyrer eg brått eit rop og deretter klapping og jubling på ein måte som berre afrikanarar kan. Ryktet om planane mine har tydelegvis gått over heile fjellet, og det er litt av ei oppleving når mange berarar og guidar stemmer i for full hals. Kilimanjaro sin versjon av Kollenbrølet er det eg kjem til å hugsa best av alt som skjedde denne dagen.

Resten av turen til toppen er eg stort sett åleine. Vidare oppover frå Barranco er eg på kjende trakter. Her har eg gått mange gonger før, og då eg nærmar meg Lava Tower, tar eg snarvegen rett opp mot Arrow Glacier camp, 4900 meter over havet. Dei siste 1000 metrane mot toppen er bratte og dominerte av klippeparti som ser ut som gigantiske legoklossar stabla på kvarandre. Dette er eit berykta område, og nesten ingen kommersielle ekspedisjonar nyttar denne ruta i dag. Det er to ting eg ikkje vil ha på dette partiet. Snø og tåke. Frå Arrow Glacier camp ser eg at det ligg snø i det øvste brattaste partiet. Og sjølvsagt kjem også tåka sigande.

Eg slår på GPS-en, ikkje for å finna vegen opp, men for å ha eit spor attende til trygt område dersom eg må avbryta. Her er stien mykje dårlegare, til tider nesten ikkje-eksisterande. Eg kjem etter kvart opp i snøen, og det går som det måtte gå – eg mistar stien. Eg byrjar å gå i store sikksakksvingar oppover for å finna han att. Problemet er at det blir brattare og brattare, og alt er laust rundt meg. Med ein gong eg set foten ned, byrjar det å skli ut under meg, og eg må derfor halda stor fart for at eg ikkje skal gå fortare nedover enn oppover. Eg taper mykje tid før eg finn att stien, og eg eksponerer meg for farleg terreng. I tåka over meg ligg ustabile klipper. Dei veldige kratera etter store steinar som har rulla nedover fjellsida, vitnar om stor aktivitet frå steinsprang og ras.

Endeleg finn eg stien att, og idet eg får ei lita opning i tåka, ser eg at stien følgjer ein rygg vidare oppover. Ryggen er ikkje spesielt eksponert for steinprang. Same regelen gjeld her som på skitur i vinterfjell om vinteren: Følg rygg – ver trygg. Ryggen er bratt og byr på artig, enkel klyving oppover. Brått kjem eg over tåka, og eg ser kanten på krateret rett over meg. Eg er svært sliten. Det er fyrst og fremst den tynne luf­ta som tvingar meg til å redusera tempoet kraf­tig. Eg brukte berre om lag fire timar på dei fyrste 3300 høgdemetrane, men over tre timar på dei siste 900.

Eg har fått i meg for lite karbohydrat og tømmer ein stor tube energigelé og et ein sjokolade. Brått er eg over kanten og står i sjølve vulkankrateret. Her har eg aldri vore før. Vanlegvis kjem me opp på Stella Point og følgjer kraterkanten opp til Uhuru Peak, som er det aller høgaste punktet. Krateret er over to kilometer i diameter og er i dette området flatt som eit stovegolv. Det er som å gå på månen. Naturen her – kombinert med den tynne luf­ta og det faktum at eg er svært sliten – gjer at det kjennest som om eg er i ei slags eventyrverd. Det er berre meg og fjellet. Eg tar meg tid til å studera dei merkelege isbreane som ligg her, litt nærmare. Så er det den aller siste motbakken som står for tur. 200 meter bratt rett opp. Ein kald vind møter meg idet eg rundar opp på kraterkanten berre få minutt før toppen. Eg er på ekvator, nesten 6000 meter over havet. Eg går berre i kort løpetights og vindjakke. Eg har heldigvis med meg ein tynn fleecegenser som eg tar på rett før eg når toppen.

Det er stort å nå toppen. Det er 7 timar og 19 minutt og 4265 høgdemeter sidan eg starta. Eg er sjølvsagt meir sliten enn eg har vore dei andre gongene eg har stått på dette punktet. Eg er heilt åleine på toppen. Eg er glad, men også litt bekymra. Det er langt ned att, og til vanleg likar eg å springa fort nedover. Eg tvingar meg sjølv til å fokusera og til å avgrensa farten ned dei fyrste bratte flankane mot Kosovo og Barafu Camp. Det er fort gjort å vrikka ein ankel eller å snubla. Etter Millenium Camp avgrensar farten seg sjølv. Det byrjar å regna, og då eg spring ned i jungelen, blir det skøytebane. Eg må innom heile tre forskjellige leirar og skriva meg inn. Irriterande, mest fordi det tar fem–ti minutt på kvar stad. Men slik er det i Afrika.

3 timar og 27 minutt etter at eg starta frå toppen, spring eg inn på den store, opne plassen ved Mweka Gate. Nøyaktig samtidig køyrer Michael inn på plassen, skrensar opp rett framfor meg og nesten hiv seg rundt halsen min. Eg er svært sliten og ikkje heilt førebudd på ein slik veldig og fysisk velkomst. Fyrst no forstår eg at Michael har vore svært bekymra for meg.

Då me kjem til hotellet, møter dei tilsette meg med afrikansk song og jubel då eg stig ut av bilen. Michael har tydelegvis fortalt om dette til alle han kjenner. Også då me, ein heil gjeng, et middag inne i landsbyen Moshi om kvelden, kjem fleire bort til bordet vårt for å gratulera. Så er det massasje, som Michael har vore så framsynt å bestilla til meg. Eg må be ho vera litt forsiktig med låra, ikkje fordi eg er spesielt sår i musklane, men fordi eg har fått ein temmeleg intens raudfarge i løpet av dagen. Kven tenkte vel på solkrem på ein slik dag

Kilimanjaro p ein dag 4

Kilimanjaro p ein dag 4

Kilimanjaro p ein dag 4

Kilimanjaro p ein dag 14

Kilimanjaro p ein dag 14

Kilimanjaro p ein dag 14

Kilimanjaro p ein dag 14

Kilimanjaro p ein dag 14

Kilimanjaro p ein dag 14

Kilimanjaro p ein dag 14

Kilimanjaro p ein dag 14

Kilimanjaro p ein dag 14

Kilimanjaro p ein dag 14

Kilimanjaro p ein dag 15

Kilimanjaro p ein dag 17

Kilimanjaro p ein dag 17