DABGOK KILIMANJARO 14. JULI 2012

 


Nok ein fantastisk Kilimanjaro-tur er over, sjølv om nokre av deltakarane fortsetter ferien på dei flotte strendene på Zanzibar. Eit bilete kan sei meir enn 1000 ord - sjå nederst på denne sida for å sjå Øyvinds bilete frå turen.

MANDAG 23. JULI

I går var dei på ein heilt spesiell sykkelsafari. Ikkje mange som får oppleve det i Afrika! I dag har dei vore i Ngorongoro-krateret - kanskje den mest spektakulære av alle stadene du kan dra på safari i Afrika. Øyvind melder at dei til no har sett fire av "the big five". Sannsynlegvis er det leopard som står igjen. Den er sjelden men kanskje det byr seg ein sjanse i morgon når dei skal utforske Lake Manyara nærmare.
- Jarle

LØRDAG 21. JULI

Snakka med Øyvind i kveld. Dei kom ned til sivilisasjonen forholdsvis tidleg i dag etter å ha gått ned "verdens lengste nedoverbakke". Alt står bra til og dei gledar seg no til safarien som startar i morgon tidleg. Det er sikkert litt spesielle følelsar for mange i kveld - ein kanskje livslang draum har blitt realisert dei siste dagane. Til tross for såre bein og ømme musklar tippar eg det er ein lykkeleg gjeng som sovnar nydusja i ei god hotellseng i kveld - ein stor og herleg kontrast til det enkle livet dei har levt den siste veka.
- Jarle

FREDAG 20. JULI

Kl. 0615 nådde heile gruppa Afrikas høgaste punkt, Uhuru Peak! Fantastisk innsats av alle! No gjenstår bere ein lang nedoverbakke før safarien.
- Øyvind
Imponerande at heile gruppa kom seg til topps. Som Asbjørn så poetisk skriv i ein sms: "Med vossafår i kroppen klatra heile gjengen til toppen". No skal dei gå ned til Millenium eller Mweka Camp, og i morgon går dei vidare ned til Mweka Gate. Deretter blir det feiring...
- Jarle

TORSDAG 19. JULI

Alle på plass i Kosovo Camp (4900m). Nokon kjenner høgda no men alle gledar seg til å komma i gang med toppstøtet ved midnatt. Fortsatt fint vær!
- Øyvind
I natt vil ca. 8-10 guidar og bærarar følga gjengen mot toppen. Eliezer ledar an i sitt jevne og rolege tempo, på samme måte som han har gjort nesten 100 gonger tidlegare. Benson, vår faste kokk, står klar med mat og kald juice når dei returnerer til leiren i morgon formiddag. Uten den store gjengen av lokale hjelparar ville det vore umogeleg å nå toppen - dei gjer ein fantastisk jobb! Følg med her i morgon formiddag for oppdateringar korleis det gjekk på toppstøtet...
- Jarle

ONSDAG 18. JULI

God stemning i Karanga Camp! Yatzy og kryssord er pop... Dagen starta med tøffe tak opp Barranco Wall, men alle opp i god stil. No byrjar folk å bli spente på toppstøtet som nærmar seg.
- Øyvind

TYSDAG 17. JULI

Alle til topps på Lava Tower i dag! Lava Tower er eit ca. 70 meter høgt tårn av lava som ligg på rundt 4700 meter. At alle kom opp betyr at det er ei sprek gruppe og at det er få som merkar noko til høgda. Litt hodepine melder Øyvind om, ellers er alle i strålande form. Eg forsto det slik at også i dag har været vore veldig bra. Lang etappe til Barranco (4000m) i dag. I morgon kort etappe til Karanga.
- Jarle

MANDAG 16. JULI

Øyvind melder at dagen har vore strålande og stort sett alle er i god form. I dag har dei gått frå Machame Camp (3000m) til Shira Camp (3850m). Mens gårsdagens etappe gjekk utelukkande i regnskog og jungel, gjekk dei i dag ut av vegetasjonsbeltet og opp i det golde og tørre landskapet høgt på Kilimanjaro. Det er fortsatt ein del hardføre buskar og plantar, men det er dårleg med vekstvilkår for både plantar og dyr her oppe. Og det gjeld også for menneske, så det blir spennande å sjå om nokon merkar noko til høgda, eller om det går smertefritt for alle. Vanlegvis vil 10 - 20% merka litt til høgda i form av litt hovudverk og kanskje litt kvalme den andre eller tredje dagen. Men heldigvis går det stort sett fort over. I morgon skal dei heilt opp til like under Lava Tower om været er bra, før dei går ned til Barranco Camp som ligg omtrent på samme høgda som Shira Camp. Dette gir ein veldig god akklimatisering - walk high, sleep low!
- Jarle

SØNDAG 15. JULI

I dag har me hatt ein strålande fint tur opp til Machame Camp. Alle opp på under 5 timar. No nyt me popcorn og fortel skrøner i matteltet.
- Øyvind

ONSDAG 11. JULI

Akkurat no driver 15 forventningsfulle personar frå heile landet og pakkar ryggsekken for å legga ut på det store eventyret - Kilimanjaro med påfølgande safari i Lake Manyara og Ngorongoro-krateret. Fleire av dei skal også vidare til Zanzibar etterpå. Tidleg lørdag morgon drar dei frå Norge og søndag er dei på gang på fjellet. Turledar for denne turen er Øyvind Birkeland. Følg med her for oppdateringar undervegs. Ann Karin,Tine, Sondre, Hallvard, Jan Erik, Åshild, Kari N, Kari V, Per, Mette, Linda, Anette, Leif Martin, Torbjørn og Asbjørn er klar for sitt livs eventyr.

Les alt om turen her
Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka
Foto: Øyvind Birkeland