DAGBOK INKA TRAIL 17. MARS 2016 (GRUPPE 2)

 

LØRDAG 2. APRIL

Siste dag i Lima blei brukt til litt shopping og tur og lunsj på strandpromenaden. Ein fin avslutting på ein kjempeflott tur.

- Hilde

 

FREDAG 1. APRIL

Turens siste store ekspedisjon gikk til Puerto Maldonado.Det begynte med ein busstur på 18 km som tok 1 time og 15 min på støvete lokal veg, men masse kjekt å sjå. Fortsatte med ca 1 time med båt oppover elva. Me enda i ein koselig liten familiedrevne lodge. Me var 24 gjester der. Maten var lokal, spennande og kjempegod. Me vart innkvartert i enkle men koselige bungalower.Allerede på båtturen fekk me sjå fleire spennande dyr.Guide Claus tok oss med på nattevandring første kvelden. Ein spennande opplevelse. Neste morgon var det grytidlig opp for ein del av gjengen for å sjå etter papegøyer.Det fortsatte med dagvandring i regnskogen og på ettermiddagen var det båttur i ein lagune for å fiske. Ein flott opplevelse i solnedgangen. På vei heim fekk me sjå fleire kaimana (krokodille). På turen heim torsdag morgon fekk me med oss sovande apar og eit tre fullt av flotte papegøyer.

Mvh Kjell Tore og Kenneth

 

TYSDAG 29. MARS

Langfredag starta me tidlig med buss fra Cusco til Km 82. Alle kjente litt på nervene, men var i fin høydeform. Alain og Wally var klar til å følge oss opp i høyden. Første dag var eitt sjokk, høg temperatur, tung sekk og bratte bakkar. Me lurte vel litt på kva me hadde gitt oss ut på. Når me blei klappa inn til ein fantastisk lunsj fekk motivasjonen ny næring.Andre dagen starta med 1200 høydemeter stigning, og det var tøft, men Wally motiverte oss all med fantastisk fløytemusikk og Alain gav oss fine pauser med informasjon om planter og medisin.Tredje dagen starta grå og trist. Manglande utsikt blei kompensert med masse informasjon om Inka riket og besøk på Inkaplassar.Siste dag stod me opp midt på natta, og det blei ein liten nedtur å få beskjed kl 0345 om at porten ikkje opna får 0530. Når det er sagt blei det ei fantastisk vandring i nydelig vær mot Sungate og Matchu Picchu. Synet som møtte oss i Sungate med utsikt over soloppgang over Matchu Picchu kan ikkje beskrivast med ord.Alain følgde oss rundt og delte velvillig sine kunnskaper om denne fantastiske plassen. Ein fantastisk tur.

Mvh Heidi(Foto: Hilde Lyngås)

 

TORSDAG 24. MARS

(Foto: Hilde Lyngås)

 

ONSDAG 23. MARS

I dag forflytta me oss fra Puno til Cusco med buss, 380 km. Me kjørte over Altiplanoslettene. Der hadde me ein stopp på turens høgaste punkt, 4335 moh. Me hadde ein fantastisk boxlunsj ved elva som er starten på Amazonas. Vel framme i Cusco tok Giscard oss med på ein flott restaurant der me alle smakte på alpakka.

Mvh Lise og Heidi 

(Foto: Hilde Lyngås)

 

TYSDAG 22. MARS

Dagen begynte med lokal limousin service til havna der det venta båt som frakta oss ut til Uros øyane. Ein fin mottakelse av befolkningen på desse fasinerande sivøyane. Alle måtte handle litt souvenirar før det blei tur rundt øya med sivbåt og piknik.Resten av ettermiddagen er brukt til avslapping og turgåing. Nokon følgde Giscards sitt råd mens andre tøffa seg med større topptur (Lise og Kjell Tore).

Mvh Hilde

 

MÅNDAG 21. MARS

Opp tidlig og avgårde til flyplassen i Lima. Alle tok Giscards sin råd om kva me skulle gjera for å unngå høydesjuke alvorlig. Etter 1 times flytur landa me i Juliaca, 4000 moh. Deretter ein busstur til Puno. Puno er ein fredelig og sjarmerande by. Alle kjente litt på høydeforskjellen og fekk beskjed om å ta ein rolig kveld.

Mvh Lise og Heidi

 

SUNDAG 20. MARS

Dagen starta veldig tidlig etter ein sein kveld i ørkenen. Ballestasøyane sto på programmet. Ein flått båttur i nydelig vær. Me såg pellikanar, pingvin, sjøløver, sel og krabber. Etter lunsj gjekk turen tilbake til Lima. Etter fleire dagar med peruansk mat blei det middag på TGI Friday.

- Hilde 

(Foto: Hilde Lyngås)

 

LØRDAG 19. MARS

Våkna til ein fantastisk dag i Ica. Formiddagen starta med sol og bading i bassenget. Me fortsatte med brudeferd i ørkenen. Eit fartsfullt adrenalinkick uten sidestykker i sandboogi i solnedgangen. Enda opp i eit fantastisk flott pynta festtelt som var satt opp til oss langt uti ørkenen. Levande panfløytemusikk, lyslykter, blomster, kvit duk på bordene, deilig grillmat og masse champange. Alle gjorde ein kjempejobb for at me skulle få ein fantastisk kveld.Kom oss vel heim gjennom ørkenen seint på kveld, opp klokka 0600 for båttur.

- Hilde 

(Foto: Hilde Lyngås)

(Foto: Giscard)

 

FREDAG 18. MARS

God morgon fra Lima. Alle kom seg vel av gårde tidlig torsdag morgen. Lang flytur men alt gjekk bra. Ingen bager mangla og Giscard sto og venta på oss. Alle har fått seg ei god natt søvn og er klar til å utforske Lima i formiddag og reise til Ica i ettermiddag.- HildeSightseeing i Lima – 10 millioner innbyggere og kaos i trafikken. Fantastisk omvisning i Francisco kloster og katakombene. Busstur til Ica med stopp på fiskerestaurant ved Stillehavet der fiskerne tok inn dagens fangst. God stemning, godt og varmt vær.

- Lise

(Foto: Hilde Lyngås)

 

PERU NESTE...

Hilde, Kenneth, Lise, Kjell Tore, Brit-Anna, Øystein, Nina og Heidi er no klar for det store Sør-Amerika-eventyret. Dei skal oppleva blant anna Inka Trail, Machu Picchu og Amazonasjungelen - kanskje høgdepunkta av det denne verdensdelen kan by på av fantastisk natur og kultur.

Vennegjengen blir leda av Giscard Chavez (Gis), ein av mine to svært dyktige lokale turledarar i Peru. Det som kjenneteiknar turledarane mine i Peru er den ekte stoltheiten dei føler for landet sitt, og entusiasmen over å få lov til å visa kulturen og naturen til oss som kjem på besøk.

På torsdag flyr dei over Atlanterhavet. Følg med på denne sida framover - me oppdaterer med få dagars mellomrom.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka