DAGBOK KILIMANJARO 8. JANUAR 2014

LØRDAG 18. JANUAR

I dag var det Lake Manyara som stod på programmet på safarien. I motsetning til Ngorongoro-krateret, som er ein gigantisk kaldera (dvs. vulkan som har kollapsa ned i seg sjølv og skapt ein forseinkning i landskapet) er Lake Manyara ein innsjø som ligg akkurat der Afrika er i ferd med å revne i to - Rift Valley. Om nokre millionar år er det hav her, og Vest- og Aust-Afrika glir lenger og lenger frå kvarandre. I Lake Manyara er det også giraffar, som ikkje finns i Ngorongoro-krateret. Det er rett og slett for bratt for dei langbeinte giraffane å gå ned dei bratte fjellsidene i kalderaen. I ettermiddag køyrer dei tilbake i retning Arumeru, der dei som skal til Zanzibar overnattar ei natt til før dei flyr dit i morgon, mens Knut set seg på nattflyet heimover. På Zanzibar kan gjengen slappa av på den krittkvite stranda og begynne å la alle inntrykka frå turen synka inn. Det er litt av ein jobb - for det er mange inntrykk... Takk for at du fulgte med her på alt som skjedde på denne turen - kanskje er det din tur neste gong!
- Jarle

FREDAG 17. JANUAR

Då er me komme attende til Kudu Lodge etter ein super dag med safari i Ngorogoro-krateret. Det første som møtte oss midt i vegen på veg ned i krateret var ein megasvær han-elefant, med to svære støttenner! Etter kvart kom det fleire elefantar ut fra buskane. Topp start! Nede på sletta såg me masse antiloper, gnu, zebra, bøffel, to neshorn og 12 løver! Ei av løvene var på jakt, men var for seint ute til å snike seg innpå ein gnu. Spennande. To av dei andre løvene var meir i det romantiske hjørnet og slett ikkje sjenerte der dei låg :) På veg heim stoppa me i ein masaai-landsby og fekk omvisning i husa deira. Eg prøvde å joina nokon masaaiar som dreiv å laga eld med ein fikenpinne. Eg fekk til å laga glød, men blei lite med flammar. Godt at me har lighter heime :)
- Knut

(Bilete frå tidlegare turar, foto Jarle Trå)

Blir du frista til å realisera den store Kilimanjaro-draumen også? Eg arrangerer turar i januar, juli, september og desember kvart år. No i månadsskiftet februar/mars arrangerer eg informasjonsmøter i Bergen, Stavanger og Tromsø. Alle er velkomne! Les meir

TORSDAG 16. JANUAR

Gjengen har hatt ein roleg dag på veg frå Arusha til Kudu Lodge som er basen for safarien dei neste dagane. Dei har vore på ein sykkelsafari rundt i landsbyen Karatu der dei blant anna besøkte ei kyrkje, ein barneskule og marknaden i byen. No sit dei - i følge Knut - og kosar seg med ein gin tonic på den eksotiske lodgen. Dei som reiser heim att i morgon var i dag på ein safari i Arusha Nasjonalpark som ligg mykje nærmare Kilimanjaro enn dei store nasjonalparkane som dei andre besøker.
- Jarle

Bilete mottatt frå Knut i dag:




ONSDAG 15. JANUAR

Det var ein sliten men glad gjeng som kom ned til Umbwe Gate etter å ha gått dei siste nesten 2000 metrane nedoverbakke i dag. No er det dusj, badebasseng og kald drikke som står øverst på agendaen... Det er litt av ein innsats dei har lagt ned den siste veka, så no er det berre å nyte Afrika. Dei fleste skal no på safari og deretter avslutte med badeferie på Zanzibar. Følg med her så kjem det nok oppdateringar frå den spektakulære safarien også.
- Jarle

TIRSDAG 14. JANUAR

Då er me nede i Millenium Camp, slitne etter toppstøtet i natt. Christin starta ikkje på grunn av sjukdom og Ranveig snudde halvvegs oppe i bakken, resten var på toppen. Det var veldig klart vær og me såg langt i alle retninger. Fantastisk soloppgang! Det var kanskje -5 grader på det kaldaste, så det var ingen problem for turvante nordmenn :) Sola kom opp ca. 06:00 i aust over Mawensi og det er både eit fantastisk skue og hjertelig velkommen varme etter nesten 6 timar i mørket opp mot Stella Point. Me starta nærmare 00:30 og var på toppen ca 07:15. Det har vore ein makalaus innsats av alle på turen. Alle som ein har gitt full gass oppover fjellet:) Det blir nok ein tidlig kveld i kveld og så er planen å stå tidleg opp i morgo og gå ned gjennom regnskogen og ut til Mweka gate.
- Knut
Kl. 0547 norsk tid kom den gledelege meldinga direkte frå Afrikas tak - dei klarte det!!! Knut skriver at dei brukte sju timar til topps, og at soloppgangen på toppen var den flottaste og mest magiske han har opplevd (og han har opplevd mange!). Dessverre gjorde forkjølelsen til Christin at ho valgte å ikkje starte i dag tidleg, og Ranveig snudde halvvegs. Slik er det av og til på dette fjellet - om ein ikkje er heilt på topp så kan det vera hardt å nå toppen. Alle er no på veg nedover igjen mot leiren. Etter kvart som sola kjem høgare og høgare over horisonten vert temperaturen svært høg, sjølv i slike store høgder. Det er ein sliten gjeng som snart legg seg inn i telta for å kvile nokre timar før dei går vidare nedover fjellet til Millennium Camp. Frå dei starta frå toppen for kort tid sidan skal dei gå 4000 høgdemeter nedover dei neste 30 timane. Me gratulerer gjengen med imponerande innsats og reknar med at feiringa blir solid når dei kjem ned att i morgon kveld.
- Jarle

Slik var det kanskje på toppen i morgontimane i dag... (Bilete frå tidlegare turar)


MANDAG 13. JANUAR

Gjengen er no i Kosovo Camp på 4880 moh. Dvs. at det kun er ein motbakke igjen til toppen som ligg rett over leiren. Men motbakken er 1000 meter høg... og blir nok definitivt turens største utfordring. Å gå oppover sikksakk-stien mot toppen kun i lyset frå hodelykta si og ein nesten full måne er noko ein aldri gløymer. Stemninga er heilt spesiell og ein ser lange rekker med hodelykter langt nede i lia under seg - og over seg. Andre grupper er på veg mot det samme målet, Uhuru Peak, 5895 moh. Formen er stort sett bra i gruppa, men litt forkjøling, hodepine og magesjau hjå nokre av deltakarane. På morgonkvisten norsk tid står dei forhåpentlegvis på toppen. Følg med her for nyheiter frå Afrikas tak, eg oppdaterer så fort eg høyrer frå Knut. Kryss fingre og tær - det er i natt det skjer...
- Jarle

SØNDAG 12. JANUAR

Habari! 4,5 timar fram til Karanga i dag. God tur, overskya og fint tur vær. Dagen begynte med ein pangstart opp Breakfast Wall. Alltid like morsomt - porters, turistar og guidar om ein annan. Skriking, latter og jubel! Me var ute før morgenrushet, så me brukte ikkje så lang tid opp. På toppen var det skodde, så ingen utsikt. Vel framme i Karanga fekk me veldig god lunsj. Pommes frites, kylling og salat. No før middag har me hatt oss ein liten rusletur ein halvtime oppover lia bak leiren, det er fortsatt skodde så me har dårleg med utsikt enn så lenge. Alle i fin form og spente foran morgendagen og toppstøtet. Tutaonana!
- Knut
I morgon går dei først ein forholdsvis kort etappe opp til Barafu (4700m) eller Kosovo Camp 4880m), der toppstøtet startar seint i morgon kveld (ca. midnatt). Dei går så gjennom natta og står forhåpentlegvis på toppen tidleg tysdag morgon. Grunnen til at dei går om natta er først og fremst at den lause sanden er fastare i minusgrader enn når sola steiker. Temperaturen i sola på dagtid er også så høg - sjølv på 5-6000 meter, at eit toppstøt då ville blitt ein lidelse i den steikande sola. Og som ein bonus får dei sjå soloppgangen frå Afrikas tak...
- Jarle

Parti frå morgondagens vandring i gold, vulkansk natur opp til den øverste leiren. (Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

Blir du frista til å realisera den store Kilimanjaro-draumen også? Eg arrangerer turar i januar, juli, september og desember kvart år. 25. februar arrangerer eg eit informasjonsmøte på Terminus Hotel i Bergen der eg presenterer alle turane og ekspedisjonane mine. Alle er velkomne! Les meir

LØRDAG 11. JANUAR

Turen frå Shira idag tok heile 10 timar! Men det var ikkje fordi me sleit, men fordi me kosa oss! Var ein flott dag, men ingen utsikt frå lava Tower :( Me har gått tidlig i seng om kveldane, så det har blitt lite yatzy speling, men Terje har stort sett noko high-tec utstyr å visse fram som f.eks kamera styrt av mobilen eller gps-sendar til mobilen :) Og Kristin gir oss faglig innput om medisiner :) Så med andre ord så koser me oss stort.
- Knut
I dag har dei altså gått den lange etappen opp til Lava Tower og ned igjen til Barranco Camp (4000m). Dette er ein av dei flottaste leirane på heile turen, dramatisk beliggande rett under den bratte "veggen" under Uhuru Peak, toppen av Kilimanjaro. Men det er fortsatt 2000 høgdemeter opp dit, og dei skal runde fjellet austover før dei for alvor setter kursen oppover. Det er akkurat det som gjer denne ruta så bra akklimatiseringsmessig. Du får ein fin tilvenning til høgda fordi du forholdsvis raskt kjem opp på 4000 meter, for så å holde deg på den høgda eit par dager. Kokken og hans crew sørger for at gjengen vår får den næringa dei treng. Middagen er som regel tre-rettars, verkeleg imponerande kva dei klarer å få til langt oppe på fjellet. Og bærarane gjer ein kjempejobb med å frakte utstyr opp og ned fjellet. Uten våre afrikanske venner ville det vore svært mykje vanskelegare å nå Afrikas tak... I dag tidleg måtte dessverre Solveig ta den tunge beslutninga om å avbryte turen. Ho vart rett og slett ikkje venner med høgda, og då er det ubehageleg å fortsetta. Men ho er no tilbake på hotellet i Moshi og har det veldig godt der. Michael og dei andre sørgar for at ho får oppleve Afrika på andre måtar til resten av gjengen kjem ned att om nokre dagar.
- Jarle

FREDAG 10. JANUAR

Ein fin dag er over for gjengen vår, og dei er no på veg ned i soveposane. Det er viktig å få nok søvn på ein slik tur. Flott vær i dag også, varmare enn normalt. Nokon har kjent litt på hodepinen i dag, men det er heilt normalt i denne leiren, Shira Camp (3850m). Hodepinen er eit resultat av at kroppen arbeider intenst for å tilpasse seg høgda, dvs. akklimatisere. Kroppen begynner å produsere mange fleire raude blodceller enn normalt for at oksygentransporten skal fungere betre, sidan det er så lite oksygen her i forhold til på havnivå. Dagens etappe gjekk gjennom siste rest av jungel, opp til eit område der det berre fins nokre få buskar og nesten ikkje dyreliv i det heile tatt. Utsikta mot toppen er fantastisk, og solnedgangen frå denne leiren er spektakulær. I kveld gjekk fleire av dei ein tur litt oppover i fjellsida bak leiren. Knut skriv at det er ein sprek gjeng, og stemninga er høg.
- Jarle

Slik blir utsikta frå frukostbordet i morgon tidleg... Frå Shira Camp (3850m) er det ein fantastisk utsikt ut over Afrika. (Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

TORSDAG 9. JANUAR

Knut melder at alt står bra til og at dei brukte rundt fem timar på den første etappen i dag. Den første leiren heiter Machame og ligg på rundt 3000 moh. Dei gjekk 1200 høgdemeter gjennom frodig og tett regnskog. Dei har kanskje vore heldige og sett apekattar og nokre fargerike fuglar. Når dei kom fram til leiren stod telta ferdig oppsatt og middagen var nesten ferdig. Bærarane, kokken og guidane på fjellet gjer ein kjempejobb for at alle skal ha det så fint som mogeleg. I natt blir det ein heilt spesiell atmosfære der telta står tett i tett, og stille mumling på Swahili frå bærarane er nok det siste våre venner høyrer før Ole Lukkøye kjem på besøk.
- Jarle

ONSDAG 8. JANUAR

Dei har i kveld hatt eit informasjonsmøte med Knut, Dickson (vår dyktige lokale fjellførar som sammen med sitt team skal føra dei til topps på Kilimanjaro) og min samarbeidspartner Michael. Det er alltid mange spørsmål den siste kvelden før fjellturen startar. Kva skal eg ha i den vesle ryggsekken som eg bærer sjølv? Kva skal eg pakke i bagen som bæraren bærer? Kva klær skal eg ha på meg i dag? I kveld har dei fått alle svara. Flyturen ned gjekk også fint, og eg har ikkje fått rapportar om verken sakna bagasje eller deltakarar...
- Jarle

KILIMANJARO 2014 - AVREISE 8. JANUAR


2014 er i gang og året startar med den tradisjonelle og populære Kilimanjaro-turen til Kilimanjaro. No på onsdag drar Anne, Marianne, Kristine T, Ranveig, Solveig, Bodil, Terje, Kristine H, Christin, Ingegerd og Kjell sammen med turledar Knut Horvei til Tanzania for å bestiga Afrikas høgaste fjell og utforska nasjonalparkane Lake Manyara og Ngorongoro. Rundt halvparten av dei avsluttar med badeferie på Zanzibars kvite strender.

Følg med på denne sida framover mot neste tirsdag, då dei forhåpentlegvis står på toppen grytidleg på morgonen. Eg legg ut oppdateringar som Knut sender heim etter kvart som dei nærmar seg toppen.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

(Bilete frå tidlegare turar, foto: Jarle Trå)