DAGBOK MAGDALENAFJORDEN - EKMANFJORDEN 2023

 

LAURDAG 20. MAI

Dei er tilbake i Longyearbyen!

(Foto under: Kristoffer Eide)

(Foto under: Bård Karlsen)

(Foto under: Unni Austefjord)

 

FREDAG 19. MAI

I dag har dei sett bamsen! Det håpar me sjølvsagt skal skje på kvar tur - men det er ikkje alltid det gjer det (det er kanskje ikkje alle deltakarane som håpar det...). Den var langt vekke, ca. 1 kilometer. Når dei er så langt vekke treng ein ikkje gjera noko konkret, men ein følger sjølvsagt nøye med for sikkerheits skuld. Dei har i dag slått leir på ei øy i Ekmanfjorden. Der blir dei henta av ein båt ved iskanten i morgon. Turen er altså snart over. Eg reknar med dei nyter den siste kvelden i den arktiske villmarka - kanskje et dei opp siste rest av maten og fyrer litt ekstra i telta i kveld.

- Jarle

(Foto over: Bård Karlsen / Foto under: Kristoffer Eide)

 

TORSDAG 18. MAI

Blå himmel og sol i hele dag. Flott etappe i fantastisk natur. Gikk 24 km. i dag. Ligger ca. 6 km. fra sjøisen i Ekmanfjorden.

- Bård

 

ONSDAG 17. MAI

Tradisjonen tro er det hvitt ved Tre Kroner. Men vi har hatt sofa med pølser, konjakk og reinhjerte så alt vel.

- Bård

 

TYSDAG 16. MAI

Bård melder at dei i kveld ligger tre kilometer frå Diademet, eit fjell på 1281 moh. som ligger veldig nær den kjente fjellformasjonen Tre Kroner øst for Kongsbreen. Dagen i dag har dei altså tilbrakt med å krysse den store Holtedahlfonna, ein enorm bre som matar store brearmar i alle himmelretningar. I morgon går dei "halv dag", fordi dei vil feire dagen litt også. Alt vel med alle - nokre gnagsår har det blitt, men det høyrer med på ein slik tur.

- Jarle

 

MÅNDAG 15. MAI

Dei har i ettermiddag slått leir ca. 500 moh. på Vonbreen. Det var tendensar til whiteout i dag, dvs. at skylaget ligg så lågt at horisont og konturar blir vanskeleg å sjå. Det er krevande å navigere under slike forhold på ei bre. Men heldigvis ser det ut til at sola vil vise seg dei neste dagane - i alle fall av og til. Dei ligg godt i rute og satsar sannsynlegvis på ein kviledag 17. mai. Dersom dei arrangerer eit lite tog rundt leiren blir det etter all sannsynlegheit verdas nordlegaste 17. mai-tog.

- Jarle

 

SUNDAG 14. MAI

I går gjekk dei til Woodfjorden, så forholda var litt betre enn værmeldingane tilsa. Dei såg ein del sel, men ingen bamse - til tross for at dei no verkeleg er i bamseland. Bård melder at det er ein del tung våt snø, men at gjengen hjelper til med å brøyte. Skikkeleg teamwork altså.

I dag har dei gått sørover Woodfjorden, nesten til Vonbreen. Kaldt og surt i følge Bård. Kun sett ei rype i dag. 

Som du kanskje såg på bileta har dei på denne turen med ein alaskan malamute. Ho heiter Miira og fylte 10 år i april. Det er absolutt ikkje berre for kos at ho er med. Polarhundar er svært årvåkne når det gjeld isbjørn, og dei vil som regel oppdage bjørnen lenge før menneske gjer det. Det er stort sett kun nede ved kystlinja at det er isbjørn, så der har me som regel nattevakt. Kvar deltakar sit altså våken ein time eller to om natta. Det er ein fantastisk opplevelse, med midnattssol som fargar landskapet i ein helt spesiell farge - og med ein arbeidsvillig og årvåken Miira ved di side (som sjølvsagt ikkje takkar nei til litt kos også...)

- Jarle

 

FREDAG 12. MAI

I kveld har dei slått leir fem kilometer frå Bockfjorden. Bård skriver at dei har hatt ein strålande dag og alt er vel med alle.

Monacobreen - som dei hadde leiren på natt til i dag - er ein av dei verkeleg store brearmane på Spitsbergen. Rett før den når fjorden går den saman med Seligerbreen som kjem ned frå vest, og dannar ein imponerande sju kilometer brei front som kalvar ut i fjorden. Breene på Svalbard oppfører seg annleis enn på fastlandet. Dei er vanlegvis frosne fast i underlaget, noko som fører til at dei ikkje beveger seg mykje. På fastlandet beveger breene seg som regel jevnt heile tida, mens på Svalbard bygger presset seg opp (snø bygger seg opp over fleire tiår eller hundreår) til den "surgar". Når ein bre surgar så løsnar den brått frå underlaget pga. presset og vatn som kjem inn under breen og fungerer som glidemedium. Dermed fløymer den med voldsom fart ned mot dalen eller fjorden. Voldsom fart når det gjeld Monacobreen (som surga i tidsrommet 2017 – 2019) var opp til fire meter for dagen. Men ein brefront på sju kilometer som beveger seg fire meter om dagen er imponerande nok… Andre mindre brearmar kan surge over 100 meter om dagen. Det er ikkje så mange surgar som har blitt fanga på film, men søk gjerne opp "Surge of Variegated Glacier" på Youtube så får du ein imponerande time-lapse av ein brearn som surgar i Alaska på 80-talet.

- Jarle

 

TORSDAG 11. MAI

Dei har slått opp leiren på den enorme Monacobreen, som fløymer ned mot Liefdefjorden. Dei hadde fint vær i starten av dagens etappe, men etter kvart skya det til og i kveld er det dårlig sikt. Men i morgon er det meldt sol og kanonvær. Laurdag ser ut til å bli ein liggedag slik værmeldingane er no. Då skal det blåsa hardt om komma ein god del snø. Dermed gjeld det å finne ein fin leirplass i morgon kveld som ligg litt i le for sønnavinden. Det er ein del av planen å ligge i ro dersom ein får vind og dårleg vær på slike turar. Det som er problemet med dårleg vær og vind er ikkje nødvendigvis å gå, men det å ta ned telt og sette det opp att kan vera utfordrande. Når dei solide telta først står, tåler dei alt... men dei er litt sårbare i fasen der ein slår dei opp, og tar dei ned. Og ein vil sjølvsagt også unngå at anna utstyr blir tatt av vinden. Men det å ligge i teltet ein dag er som regel eit deilig avbrekk - og deltakarane kosar seg og et kanskje litt ekstra god mat...

- Jarle

 

ONSDAG 10. MAI

Bård melder om ein dag med tung snø å gå i, men flott og vilt landskap. I dag har dei gått frå Miethebreen til Teltpasset (ca. 800 moh). Det snøar no, og skal fortsette med det heile natta, men i morgon og fredag ser det ut til å bli bra vær. Litt vind får dei også i natt, men også den løyar i morgon.

- Jarle

Fekk desse flotte bileta frå Better Moments som køyrte gjengen opp til Magdalenafjorden i går, tatt i det dei setter dei på "land" (på isen...) i Magdalenafjorden og startar å gå (Foto: Dan Postolachi)

 

TYSDAG 9. MAI

Undervegs... Fekk desse bileta frå Kristoffer i det dei "segla" ut frå Longyearbyen i dag. Dette var siste gongen dei var i kontakt med vanleg mobilnett, så me vil ikkje få fleire bilete før dei er tilbake i Longyearbyen. Oppdateringane vil komme via satellitt-telefon. 

- Jarle

 

MÅNDAG 8. MAI

I går møttes dei i Longyearbyen, og på kvelden hadde dei eit informasjonsmøte med turledarane, med påfølgande middag. Ein fin måte å bli kjent på. I dag har dei trent på å sette opp dei solide telta me brukar på denne turen, og på bruk av bensinbrennar og andre ting som er viktig å kunne før turen startar. Igjen er me heldige med været, slik det ser ut no i alle fall. Det blir lite vind i morgon, og det er viktig med tanke på den lange båtransporten opp til startpunktet. Sjølv med komfortable seter i båten, kan det vera litt slitsomt dersom det er mykje bølger. I kveld nyter dei den siste "skikkelege" middagen på 10 dagar. Frå no av blir det litt enklare, med ein god del frysetørka. Men ein frysetørka biff stroganoff er eit herremåltid etter ein lang dag framfor pulken...

- Jarle

Dei pakkar pulken i eit lager i Longyearbyen (Foto: Bård Karlsen)

 

ÅRETS SVALBARDTUR STARTAR SUNDAG 7. MAI

Årets skitur på Svalbard blir ein variant av turen me har gått både i 2021 og 2022.

Førstkommande sundag møtes gjengen i Longyearbyen. Måndag blir det pakking og øving på oppsetting av telt, bruk av brenner osv, og tysdag legg dei ut på den lange båtturen oppover vestkysten av Spitsbergen i ein overbygd rib, til startpunktet i Magdalenafjorden. Når båten forlet dei er dei heilt åleine, og eit 12 dagars arktisk villmarkseventyr er i gang.

Ina Beate, John Anders, Unni, Dag Gjert, Marte, Janne, Tor, Ronny, Steinar og Jomar er klar for langtur, og turledarane Bård og Kristoffer - og ein husky - vil leda dei trygt gjennom den fantastiske Svalbard-naturen.

Følg gjerne med på dette topografiske kartet over Svalbard.  Magdalenafjorden finn du  i nordvesthjørna på Spitsbergen. Grovt sett går ruta slik: Magdalenafjorden - Monacobreen - Bockfjorden - Woodfjorden - Vonbreen - Tre Kroner - Ekmanfjorden

Følg med her for oppdateringar undervegs. Bilete får me først når dei er tilbake i Longyearbyen..


Bilete frå fjorårets tur (Foto: Bård Karlsen)