DAGBOK KILIMANJARO 4. DESEMBER 2008

 

Bilder nederst på sida. Siste oppdatering øverst.

Klikk her for å lesa meir om Kilimanjaro-ekspedisjonane som eg arrangerer.

14. DESEMBER

Også den siste safari-dagen vart spektakulær, med elefantar, giraffar, flodhestar og bavianar i massevis. Avskjedsmiddagen var svært koselig og tårevåt. No sit me på flyplassen og venter på flyet heim til gråvær og kulde. Pia, Gudrun, Astrid, Linda og Jens drar vidare til Zanzibar i morgon og får nyte Afrikas varme endå nokre dagar.

13. DESEMBER

I dag har me faktisk sett 4 av "The big 5". Løver, neshorn, bøfler og elefanter. I tillegg såg me gepard, hyener, flodhest og sjølvsagt tusenvis av sebraer, gnu, gaseller, struts, villsvin osv. Ngorongoro-krateret vert kalla verdas 8. underverk og skuffar aldri...

12. DESEMBER

Etter ein 4200 meter lang nedoverbakke fordelt på to dagar, var me nede i sivilisasjonen igjen midt på dagen i går. Massasje, svømmebasseng og avslapping stod på programmet utovver ettermiddagen. Om kvelden fekk me oppleve ein flott solnedgang over Kilimanjaro frå taket av eit hotell i Moshi, mens me starta feiringa av bragden. Akkurat no er me på veg til Lake Manyara og ein eksotisk sykkel-safari...

10. DESEMBER

Fantastisk innsats av gjengen. Me starta denne gongen frå Barafu, og hadde dermed over 1200 høgdemeter til toppen. Me stod på Uhuru Peak (5895m) kl. 07.10 i dag. Astrid og Gunnar hadde desverre ein dårlig dag, og måtte kaste inn kortene tidlig. Me hadde veldig bra forhold oppover, lite vind og heilt grei temperatur. Soloppgangen var som vanleg fantastisk, og champagnen flomma på toppen...

9. DESEMBER

Ankom vår øverste leir Barfu (4660m) kl. 13. Nå er det kvile, drikke og spise som gjeld før toppstøtet rundt midnatt. Sol og varmt vær i dag, og snøen på fjellet har smelta. Me satser på at været held, då blir det kjempegode forhold oppover mot toppen. Nesten-fullmånen vil lyse opp stien for oss. Marianne er ikkje heilt i form og har bestemt seg for å stå over toppstøtet. Alle helsar heim, og håper alle krysser fingrer og tær for oss!

8. DESEMBER

Me starta dagen med å "bestige" den berømte Breakfast Wall. Frå leiren ser den stupbratt ut, men det slynger seg ein fin sti oppover fjellsida. Skodda kom tidleg i dag også, men det regna heldigvis ikkje mens me gjekk. Men då me satt ved middagsbordet regna det kraftig, og fjellet vart dekka av eit lag nysnø. Humøret er på topp, og alle er spente framfor toppstøtet som nærmar seg.

7. DESEMBER

Til tross for at me hadde ein kald dag, med nokre regnbyger, var 10 på toppen av Lava Tower. Alle er fortsatt friske og fine. og alt er berre velstand. No et me popcorn, og gledar oss til Benson sin fantastiske 3-rettars.

6. DESEMBER

Me er no på 3850 moh. Gjengen syng og dansar seg oppover fjellsida... Våre lokale guidar lurar nok litt på kva me eigentleg har på drikkeflaskene våre. Pia har laga kampsong, og har til og med koreografert dans som høyrer til. Elles går alt fint med alle, og me skal i morgon opp på Lava Tower. Maten og servicen me får er herskapeleg. 3-retters både lunsj og middag.

5. DESEMBER

Første etappe unnagjort. Høg stemning i middagsteltet i kveld. Stor overvekt av damer på turen, så lydnivået er høgt... Alle er einige om at dette er den sprekaste, raskaste og vakraste(?) gjengen nokonsinne! Me har også gått lengst, for bussen køyrte seg fast og me måtte gå siste kilometeren fram til startpunktet. I kveld har me fantastisk flott utsikt mot toppen. Alle helsar heim til familie og venner.

4. DESEMBER

Om litt over to timar setter eg meg i bilen for å køyra til Flesland. Der møter eg Pia, Liv, Eli, Linda, Jens Gunnar, Birgitta og Erling (forhåpentlegvis... håpar alle har hugsa å stilla vekkarklokka!). I Amsterdam møter me Gudrun, Signe, Sissel, Gunnar, Marianne, Per og Astrid. Etter nye 8,5 timar i fly, setter me beina våre på varm Afrika-jord. Dagstemperaturen i Moshi er ofte over 25 grader på denne tida, sjølv om kvelden er det varmt og godt. Eg gledar meg til å sjå igjen Michael, Eliezer og alle dei andre i mitt faste team der nede. Dei vil sørga for at me alle får ein fantastisk opplevelse!

30. NOVEMBER

14 personar frå forskjellige stader i Norge driv akkurat no og pakkar blant anna solkrem, solhatt og solbriller... det skal bli godt å komma vekk frå surt vintervær i Norge. Men me skal også opp i kulden. Sjølv om det er shorts-temperatur det meste av tida på Kilimanjaro, så er sjølve toppstøtet litt kaldare. Det kan fort bli nokre få minusgrader når me er på veg oppover mot toppen midt på natta. Følg med korleis det går oppover med oss oppover på verdas høgaste frittståande fjell!

DELTAKAR:
Pia
Sissel
Liv
Eli
Marianne
Per
Astrid
Linda
Jens Gunnar
Birgitta
Erling
Gunnar
Gudrun
Signe