DAGBOK INKA TRAIL 30. SEP. - 16. okt. 2016
LØRDAG 15. OKTOBER
Flyet til Lima ble kansellert. Ingen sure miner, vi koser oss i Maldonado i stedet ??
- Eli Johanne
FREDAG 14. OKTOBER
Les om alt dei har opplevd dei siste dagane på Inka Trail og i Amazonas-jungelen i det detaljerte dagsprogrammet nederst på nettsida om denne turen.
Fisking i Amazonas. Lite fangst å få, men Mickey fekk piraia.
- Anita
ONSDAG 12. OKTOBER
Fekk dette flotte biletet frå Even i går kveld. Ser ut som dei hadde det topp på Inka Trail og i Machu Picchu... No bærer det direkte vidare til jungelen der dei heller ikkje har mobildekning, men eg får sikkert fleire bilete og oppdatering i kveld evt. etter dei er tilbake i Lima om nokre dagar.
- Jarle
LØRDAG 8. OKTOBER
Dei siste dagane har dei fått oppleva den fantastiske Inka-kulturen på nært hald, både på bussturen over Altiplano-sletta på torsdag og i i "Inkaenes hovedstad" Cusco i går. I dag starta dei på det som kanskje er høgdepunktet på turen for mange - vandreturen langs Inka Trail til Machu Picchu. Der er det ikkje mobildekning så no høyrer me sikkert ikkje frå dei før sannsynlegvis på onsdag. Eg har ikkje fått noko oppdatering dei siste dagane, men eg fekk to bilete frå Tito i kveld.
- Jarle
"Selfie" av gjengen vår, med Tito i framgrunnen.
Startpunktet for verdas mest kjente sti - eventyret er i gang...
ONSDAG 5. OKTOBER
I går forlot vi Lima og tok fly opp i høyden til 3850 moh. Turen endte i Puno hvor vi skal være et par netter. I går fikk alle kjenne på høyden og den tynne luften i større eller mindre grad, og natten var litt lang for noen. Tito gir oss gode råd underveis og dagen i dag har vært fin med tur ut til de flytende innsjøene i Titakaka-sjøen. Fasinerende opplevelse og en følelse av å reise tilbake i tid. Resten av dagen tilbringes med sightseeing i Puno.
- Gunn & Lise
MANDAG 3. OKTOBER
Nina sendte desse bileta frå det som ser ut til å ha vore begivenheitsrike dagar i Nazca, Ica og Ballestas:
Vi har det kjempefint på tur! Ørkenen i går og Ballestas i dag var begge utrolig fine opplevelser! Nesten litt uvirkelig! Lima er en overraskende inspirerende by, med skikkelig trafikkaos. Nå er vi solbrente og fulle av inntrykk etter dagene i Ica, og vi er veldig spente på hva morgendagen bringer! Til tross for litt lang busstur fra Lima til Ica, synes jeg dette var en fin måte å se mer av landet på. Gøy å se hvordan landskapet og klimaet endrer seg på bare noen timers kjøretur. Tror jeg satt å kikket ut av bussvinduet hele turen. Ikke kjedelig i det hele tatt! Tito og alle de andre involverte tar veldig godt vare på oss.
- Nina
Heile gjengen klar til avreise i båt til Ballestasøyane (Foto: Tito)
SØNDAG 2. OKTOBER
Fekk dette biletet frå Tito i kveld. Det er tatt atter at dei landa på flyplassen i Ica etter at dei hadde sett Nazca-linjene frå lufta. Nazca-linjene er på mange måtar fortsatt eit mysterium då det ikkje er heilt avklart kva det eigentleg er, eller kva funksjon dei hadde. Gigantiske "tegningar" i ørkensanden, av blant anna ein apekatt og ein kolibri. Dei som ikkje var med på flyturen slappa av ved badebassenget i formiddag, og alle var i ettermiddag på Beach Buggie-safari i dei enorme sanddynene i området. Kanskje fekk dei også prøva seg på sandboarding...
- Jarle
Fantastiske Las Dunas. Usikkert om Tito klarer å rive oss løs herfra i morgen ?
- Mette Lise
Jeg har ingen bra bilder av Nazcalinjene, men turen til og fra var også en opplevelse! Kjempefin tur, glad for at vi deltok!!
- Eli Johanne
Tito har tatt gjengen med på tur i naturens gigantiske sandkasse...
LØRDAG 1. OKTOBER
Alle vel framme i Peru og klar for det store Sør-Amerika-eventyret. I dag var det sightseeing i Lima som stod på programmet. Lima er ein av verdas største byar og har mykje spennende å by turistar. Etter å ha sett mange av Limas kjente og mindre kjente attraksjonar satte dei seg i bussen som køyrte dei nedover Stillehavskysten til Ica og Nazca. I morgon får dei oppleva denne mindre kjente - men svært fascinerande - delen av Peru. Følge med her for oppdateringar av alt det spennande som dei skal oppleva dei neste dagane.
- Jarle
Solgunn, Tina og Peggy på sightseeing. Basilica Catedral, Lima.
- Mette Lise
En liten oppdatering fra første fellesmiddag. Når første middag ender med karaoke må bare resten av turen bli bra.
- Gunn-Kristin
KLAR FOR INKA TRAIL!
Peggy, Tina, Signy, Mette Lise, Solgunn, Inger, Eli Johanne, Kaj, Svein Kåre, Christine, Britt Irene, Peter Michael, Lise, Gunn-Kristin, Anita, Mons-Kåre, Nina og Even drar på fredag til Sør-Amerika for å oppleve det utruleg flotte og varierte Peru.
Min faste turledar Tito ledar denne gruppa gjennom det omfattande programmet der dei blant anna skal gå Inka Trail til Machu Picchu, bu i Amazonas-jungelen og besøka Titicaca-sjøen. Men dei skal også besøka Ballestas-øyene - Peru sitt svar på Gallapagos-øyene, Ica-ørkenen - som har blant verdas største sanddyner, og dei som ønsker det skal fly over dei mystiske Nazca-linjene.
På denne sida kan du følga med kva som skjer på turen. Deltakarane sender meg oppdateringar og forhåpentlegvis bilete undervegs på turen.
Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.
Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka.
Bilete frå tidlegare turar (Foto: Anna-Marie Haugen og Jarle Trå)