DAGBOK KILIMANJARO 3. - 14. SEPTEMBER 2016

 

LØRDAG 10. SEPTEMBER

No er dei nede igjen i sivilisasjonen etter å ha gått nesten 4000 høgdemeter ned i løpet av gårsdagen og i dag. Ein sliten men meget fornøyd gjeng sit no og nyter ein kald øl ved bassenget. Det er veldig fortjent! Alt gjekk bra på toppstøtet i går, og dei stod på toppen akkurat i det sola kom over horisonten. Kilimanjaro kastar skygge langt opp i atmosfæren rett før sola står opp (sjekk bilete nr. 3) og det skapar eit heilt spesielt og litt "magisk" syn. No er det safari som står på programmet. Kanskje sender dei meg nokre bilete frå den også.

- Jarle

image10

image11

image12

Foto: Halvard Stave

 

FREDAG 9. SEPTEMBER

Dei klarte det! Fekk ei melding frå Halvard rett etter dei hadde vore på toppen i dag tidleg: "7 av 8 til topps. På vei ned igjen nå. God stemning".  Gratulerer med topp innsats! Får sikkert fleire detaljar seinare.

- Jarle

kilimanjaro 07

 Bilete frå ein tidlegare tur

 

TORSDAG 8. SEPTEMBER

Dei er no i den øverste leiren, Kosovo Camp (4880 moh). I natt og morgontimane skal dei traske opp dei siste 1000 høgdemetrane til toppen, Uhuru Peak (4985 moh). Dixon og hans crew med assistentguidar syng seg heile vegen til toppen - ein utruleg opplevelse når du går der i lyset frå den vesle hodelykta di og ser ein milliard krystallklare stjerner på himmelen over deg. Å bestige Kilimanjaro er verkeleg ubeskriveleg flott - men sjølvsagt også fysisk krevande. Derfor er det veldig bra når Halvard i kveld kan melde at alle fortsatt er i kjempefin form og klare for det som skal skje i natt. Kryss fingrane, no skal Afrikas tak bestigast! Eg oppdaterer denne sida så fort eg høyrer frå dei i morgon formiddag.

- Jarle

 

ONSDAG 7. SEPTEMBER

Dei er no på toppen av Breakfast Wall og den desidert tyngste delen av etappen er unnagjort. Bærarane danna eit tog oppover lia, og det er veldig spesielt å sjå dei forsere den bratte stien med store bører på hovudet eller nakken - i Afrika bærer dei ikkje på ryggen... Halvard kunne fortelle at alt fortsatt går veldig bra med alle, og på biletet han sendte ser det ut som dei også har veldig bra vær.

- Jarle

9

 

TYSDAG 6. SEPTEMBER

Halvard ringte i kveld og kunne melde at gjengen hadde hatt ein flott dag frå Shira til Barranco. Begge leirane ligg på rundt 4000 moh, men dei har vore heilt opp mot 4700 moh. undervegs på dagsmarsjen i dag. Dette gir ei god akklimatisering, walk high - sleep low! Dagens etappe er den hardaste dersom ein ser vekk frå toppstøtet, men alle gjennomførte i god stil. Formen er fin og humøret på topp. Morgendagens etappe er ein god del kortare, men dei startar med den "berykta" Breakfast Wall, som ser svært bratt ut frå leiren dei ligg i no. Men det slynger seg ein spektakulær sti oppover lia, og etter at dei første 250 høgdemetrane er forsert er det tyngste av dagsetappen unnagjort. Neste leir, Karanga, ligg også rundt 4000 moh. med ein fantastisk utsikt ut over Afrika...

- Jarle

6 

8

 

MANDAG 5. SEPTEMBER

Alle i Shira. Ingen hodepine. God matlyst. Noen slitne ben. Topp innstilling.

- Halvard

3

4

 

 

SØNDAG 4. SEPTEMBER

Klar til start!

1 

2

 

LØRDAG 3. SEPTEMBER

Halvard, Marianne, Marit, Alf, Kjell Per, Ole Petter, Kjell og Andreas landa i kveld på Kilimanjaro flyplass. No begynner det afrikanske eventyret!

I kveld fekk dei detaljert informasjon frå hovedguide Dixon før den første etappen begynner i morgon. Det er mange detaljar som er viktig å ha på plass før ein startar turen mot Afrikas tak - Uhuru Peak, 5895 moh.

På denne sida legg me ut oppdateringar frå turen stort sett kvar dag.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

kilimanjaro 01

kilimanjaro 04

kilimanjaro 09

Bilete frå tidlegare turar