DAGBOK KILIMANJARO 3. SEPTEMBER 2011

 

På toppen... (Foto: Brynjulv Eide)


På veg opp til High Camp, 4880 moh. (Foto: Brynjulv Eide)

Himmelcampen, nesten 5 kilometer over havet. (Foto: Brynjulv Eide)

SØNDAG 11. SEPTEMBER

I dag har dei vore ein tur inn i landsbyen Moshi, som er den største byen ved foten av Kilimanjaro. Der besøkte dei blant anna den hektiske og intense marknaden der dei lokale handlar. Ellers har dei hatt ein roleg dag. "Litt merkeleg ganglag på dei fleste" skriv Brynjulv...
- Jarle

LØRDAG 10. SEPTEMBER

Alle på toppen!! Gratulerer... Før sola stod opp var heile gjengen på Uhuru Peak, Afrikas tak. Brynjulv forteller om eit forholdsvis kaldt toppstøt, men været var ellers strålande og ein tilnærma fullmåne lyste opp stien. I dag satsar dei på å gå heilt ned igjen til gaten der dei blir henta og frakta tilbake til hotellet. Det er 4000 høgdemeter ned på ein dag...
Oppdatering kl. 1900:
Dei klarte faktisk å gå heilt ned på ein dag, det er verkeleg imponerande. Først 1000 meter opp, så 4000 meter ned. Dyktig slitne ramla dei inn på hotellet for kort tid sidan. Om beina er såre og musklane er ømme, så er det nok likevel ein kjempefornøyd og glad gjeng som no er klar for dusj og kald drikke...
- Jarle

FREDAG 9. SEPTEMBER

Då er dei vel installert i Kosovo Camp, heile 4880 moh. Frå denne campen skal dei støta mot toppen i natt. Dei startar rundt klokka 0100 lokal tid. Alle i bra form. Været er overskya men bra og temperaturane er lågare enn normalt i følge Brynjulv. Følg med her i morgon tidleg for å sjå om dei nådde toppen. NB! Odd har både bursdag og bryllupsdag i dag! Hipp hipp! Brynjulv melder atl det har blitt markert…
- Jarle

FREDAG 9. SEPTEMBER



Frukost over skyene. (Foto: Odd Clemet Haugerud)


Nokon av dei lokale hjelparane. (Foto: Odd Clemet Haugerud)


Johan og morgente. (Foto: Odd Clemet Haugerud)

TORSDAG 8. SEPTEMBER

Då er me i Karanga Camp (4050m). Til fleire sin store overraskelse vakna alle i god form idag. Kvalmen var borte og den store stemningen var tilbake. Odd clemet viser seg som ein trollmann med mob tlf og får kontakt med omverda. Me andre lyt nøya oss med å snakka med kvarandre... Nydeleg dag med sol. No er det å samla krefter som gjeld. I morgo ber det oppover. Me er så klare som me kan vera:)
- Brynjulv

ONSDAG 7. SEPTEMBER

Brynjulv melder på satelitt-telefon at dei har hatt ein flott tur i bra vær over til Barranco Camp. Dette er den tøffaste etappen dersom ein ser bort frå toppstøtet. Ca. 7 timar totalt på tur heilt opp til 4700 moh. og så går dei heilt ned igjen til 4000 moh. der Barranco ligg. Tre av deltakarane var opp på Lava Tower, ein spektakulær 70 meter høg "lavasøyle". I kveld har eit par av deltakarane merka litt til hodepine og lett høgdesjuke. Typisk Barranco... Men det går fort over, som regel er dei som merkar høgda friske igjen etter nokre timar. I morgo startar dagen med den "berykta" Breakfast wall. Den ser vanskeleg ut på avstand, men det går ein fin og god sti oppover fjellsida. Ein forholdsvis kort etappe (4 timar) endar i Karanga camp på ettermiddagen. Frå Karanga er det kun ein motbakke igjen til toppen, men den er nesten 2000 meter høg...
- Jarle


Lava Tower (4700m) i bakgrunnen (Foto: Odd Clemet Haugerud)


Barranco Camp. (Foto: Odd Clemet Haugerud)


Sprek og morgenfrisk (?) gjeng! (Foto: Odd Clemet Haugerud)


Frukost i 4000 meters høgde kl. 8 om morgonen, varmt og fint... (Foto: Odd Clemet Haugerud)

TIRSDAG 6. SEPTEMBER

Då er me i Shira Camp (3850m). Alle friske og raske. Overskya men flott tur i dag. Dette er den mest humørfylte gruppa på fjellet!!! Mykje vatn går inn men truleg meir går ut att. Nokon uttalte at urinen ikkje berre er blank, men faktisk kvit... :)God mat og mange ukjente fjellfolk frå heile verda. Desse har me no blitt kjent med, alle som ein, Høg O2-metning og endå høgare stemning :)
- Brynjulv og gjengen


I dag har dei gått gjennom grensesona mellom regnskog og høgalpint terreng. Mange merkelege plantar i dette området. (Foto: Odd Clemet Haugerud)


Eige do-telt kun til våre deltakarar er litt luksus me må unne oss... (Foto: Odd Clemet Haugerud)

MANDAG 5. SEPTEMBER

Flott dag, der latteren til tider har runget gjennom regnskogen. Ikkje alt som har blitt sagt er like fornuftig... og til tider kanskje litt barnslig vil mange mene :) Men du og du så morsomt. Gutta koser seg på tur. Overskya og flott turvær. Såg toppen i dag. Vakkert. Mykje folk i fjellet. Lattermusklane får sikkert prøvd seg i morgo også. Gjengen helser heim til alle.
- Brynjulv

SØNDAG 4. SEPTEMBER

Brynjulv melder at dei er vel framme på Ameg lodge. All bagasje er på plass og gjengen er i godt slag. Latteren sit laust og alle er i godt humør, men samtidig spent på kva som no ventar dei... Afrika er ikkje som andre stader i verda, du blir alltid overraska på ein eller annan måte. Resten av dagen slappar dei av på hotellet og forbereder sjølve fjellturen som startar i morgon.
- Jarle

FREDAG 2. SEPTEMBER

I morgon drar ei lita privat gruppe leda av Brynjulv Eide til Tanzania med mål om å stå på Afrikas tak nokre dagar seinare. Haakon, Johannes, Johan, Henning og Odd Clemet er klar for ein av sine største utfordringar. Følg med her for oppdateringar undervegs.
- Jarle

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka