DAGBOK KILIMANJARO 23. FEBRUAR 2006

 

Seint i går kveld kom ein sliten gjeng tilbake til Flesland etter ein lang og opplevelsesrik ekspedisjon til verdas høgaste vulkan; Kilimanjaro - 5895 meter.

Totalt 7 av 8 av oss kom på toppen denne gongen, Morten gjorde eit heilhjerta forsøk men måtte gi seg på rundt 5100 meter pga. høgdesjuke. Resten av oss fekk oppleva soloppgangen på Afrikas tak litt etter kl. 0600 forrige onsdag. Høgdepunktet på safarien var då me såg geparden som me hadde fulgt i fleire minuttar, aksellerere opp mot toppfart i jakta på ein antilope. Verdas raskaste dyr... det var vel fleire av oss som ikkje heilt trudde det me såg - det er jo slikt ein berre ser på Globus 2!!! Stammebesøk hjå buskmennene enda også denne gong med ekorn på menyen... Køyreturen tilbake til Moshi vil vel heller ingen gløyma; då den eine Landcruiseren gjekk tom for diesel, satte liksågodt sjåføren i den andre fronten inn i baken på den og dytta den vidare... det høyrer med til historien at me til slutt måtte skaffa ein taxi til gjengen i denne bilen. Taxien gjekk tom for diesel 200 meter før den kom fram til hotellet... sånn er Afrika!!!

FOR Å SJÅ UTSIKTA FRÅ HOTELLET VÅRT TIL KILIMANJARO - KLIKK DEG INN PÅ: WWW.KILICAM.COM