DAGBOK NEWTONTOPPEN 2007

 

Sjå bilder frå turen her

 

Her kan du lesa detaljert dagsprogram og masse informasjon om denne turen.

 

Dersom du syns denne turen høyres litt tøff ut, er min ordinære Svalbard skitur kanskje noko for deg?

 

Svalbard skitur og Newtontoppen skiekspedisjon vil i utgangspunktet bli arrangert annakvart år. Svalbard skitur i oddetals-år og Newtontoppen skiekspedisjon i partals-år.

 

For deg som likar lange skiturar arrangerer eg også Josten på langs med bærarar i mai kvart år.

 

For Svalbardofile arrangerer eg også Svalbard fottur i august kvart år.


Ski-ekspedisjonen til Newton-toppen på Svalbard er over, og alle 11 som var med sit igjen med utrulege og storslagne naturopplevelsar som me aldri kjem til å gløyme. Me hadde stort sett fint vær på heile turen og me la bak oss eit ca. 140 kilometer langt skispor. Svalbard er storslagent og ekstremt - me kryssa dei uendelege breane, me mista pusten når me tok oss ned gjennom Atomfjella og me måtte knipa oss nervøst i armen når den svære bamsen kom nærmare og nærmare...

 

Me vart køyrt ut med snøscooterar til eit punkt ca. 900 meter over havet på Lomonosov-fonna - og henta 12 dagar seinare på Ragnabreen over Petuniabukta. Snøscooter-turane var ein flotte opplevelsar i seg sjølv - me fekk oppleva mykje av den fantastiske naturen på Svalbard frå komfortable snøscooter-seter.

 

Ruta vår gjekk over Lomonosov-fonna (1255 moh. på det høgaste), gjennom Keppler-passet til foten av Newtontoppen, Svalbards høgaste fjell (1713 moh.). Dette besteig me før me satte kursen vidare mot Trebrepasset og nedover den enorme brearmen Veteranen som endar opp i Hinlopen-stredet mellom Spitsbergen og Nordaustlandet. Me tok av vestover ved Gallerbreen og enda opp på kanten av Gallerpasset som stuper ned mot Tryggvebreen. Her tok me oss ned, delvis rutsjande på den bratte snøen - sikkert komisk å sjå på oss der me kava oss nedover med pulkane som gjekk kast i kast rundt oss. No var me midt i hjertet av Atomfjella - det mest alpine og storslagne området på heile Svalbard. Me tok oss deretter ned Tryggvebreen heilt ned til Austfjorden. Me var no i bamse-strøk (dei held seg stort sett ved kysten) og derfor måtte me ha isbjørn-vakt heile natta. Me hadde med ein stor pose bamsemums som ein kunne kosa seg med mens ein sat vakt - me satsa på at det var den einaste formen for bamsemums den natta... Berre dagar før me kom der, hadde dei jaga 20 bjørnar på ei natt i hytta ved Austfjordneset. Me hadde snublebluss rundt alle leirane, også dei heilt oppe på Lomonosov-fonna. Det gjekk heldigvis ingen bamsar i fella, men Olav klarte å vekka heile gjengen (og det i ein viss fart...) når han skulle ut på eit nødvendig ærend... Me gjekk langs Austfjorden heilt inn til der den enorme Mittag-Leffler breen fløymer ut i fjorden. Her fekk me møta bamsen for første gong. Me fekk først auga på den svære ruggen av ein hannbjørn då den angreip eit par selar som låg på isen - men jakta var mislykka. Deretter satte den kursen mot oss, og me kunne tydeleg sjå i kikkerten at den sleika seg rundt munnen mens den sakte men sikkert kom nærmare og nærmare... Den såg liksom opp i lufta heile tida for å gje oss inntrykk av at den absolutt ikkje var interessert i oss, men berre tilfeldigvis gjekk i vår retning... Men heldigvis kom det brått ei søt lubben binne innover fjorden, og den bestemte seg for å satse på litt kos - og ikkje mat. Heldigvis for oss!

 

Deretter gjekk me opp Mittag-Leffler breen, og me hadde vår siste leir ved Hoglandsvatnet, eit vatn som låg oppe på breen heilt til for få år sidan. Proppen gjekk på ein eller annan måte ut, og vatnet "forsvant" i løpet av veldig kort tid. No ligg det berre gigantiske isfjell hulter til bulter på den tidligare botnen, og det er ein spesiell opplevelse å vandre gjennom. Frå vår siste leir gjekk me ein kveldstur opp til Tarantellen, ein av Svalbards mest merkverdige fjellformasjonar. Ein 40 meter høg formasjon med to gigantiske tunnellar gjennom som står på toppen av ein fjellrygg nesten 800 moh.

 

Sjå bilder frå turen her
Vil du vera med på ein ski-ekspedisjon på Svalbard? Les meir