DAGBOK SVALBARD SKITUR 2012

 

Bilete frå turen nederst på denne sida.

 

LØRDAG 28. APRIL

Framme i sivilisasjonen igjen!
I ettermiddag kom dei ned Bolterdalen der bussen venta på dei for å køyra dei til varm dusj, god middag og sikkert ein solid feiring... Melding frå Knut: "Då er me tilbake i Longyearbyen og klar for festmiddag.Dette har rett og slett vore ein fantastisk tur på alle måtar! Været, føret og gruppa har vore heilt topp."
- Jarle

 

TORSDAG 26. APRIL

I etterdag har dei slått leir i Bolterdalen og denne leiren blir ståande i to netter. I morgon blir det nemleg topptur, sannsynlegvis opp på Buralltoppen, som med sine 970 meter over havet gir ein voldsom utsikt over mesteparten av Nordenskiöld Land. Føret er fortsatt førsteklasses, så kanskje blir det flotte svingar nedover fjellsida.
- Jarle

 

ONSDAG 25. APRIL

Kort samtale med Knut før forbindelsen vart brutt. Flott dag også i dag, men litt overskya og vind. Dei er no nede i den breie og lange Reindalen. Denne skal dei følge ned til Tverrdalen som dei skal gå nordover. Alle kosar seg og nyter den spesielle polare villmarka. Deltakarane set opp sitt eige telt kvar kveld og to og to søv sammen i kvart tremanns-telt. Dei grev kuldegrop i forteltet og dei forbereder alltid teltet på sterk vind sjølv om det er vindstille når dei setter det opp. Dei lagar også maten sin sjølv og smeltar snø til drikkevatn. Dette er altså ikkje berre ein fantastisk tur, men også eit intensivt kurs i vintercamping...
- Jarle

 

TIRSDAG 24. APRIL

Ein ny strålande dag på breen - Knut vert nesten euforisk når han via satelitt-telefonen prøver å beskrive kor flotte forhold dei har... Knallblå himmel og akkurat passe mykje pudder. Kaldt om natta, men fin temperatur om dagen. Dei gjekk i dag ned Bergmesterbreen til Reindalen.
- Jarle

 

MANDAG 23. APRIL

Det var ein opprømt turledar som ringte i kveld. Knut kunne fortella at dagen har bydd på heilt fantastiske forhold - været er strålande og føret optimalt. Dei starta frå Gruve 7 i går og har i kveld slått leir ved Pjalten midt oppe på det store bremassivet. I morgon går dei enten ned Bergmesterbreen eller Drønbreen, avhengig av værmeldinga for dei neste dagane. Akkurat no ser det veldig bra ut framover, kanskje litt nedbør og vind på torsdag, ellers fint. På dagtid er det berre såvidt under 0 grader, mens om natta er det ned mot 15 minusgrader. Dvs. natt er det eigentleg ikkje, sola gøymer seg berre såvidt bak fjella i nord nokre timar før den står opp igjen. I natt, som alle andre netter, deler deltakarane på å stå isbjørnvakt. Sjølv om sjansen for å møte isbjørn oppe på breane på våren er så godt som null, har me likevel beredskap for dette. Timen kvar deltakar må stå vakt er ein filosoferande opplevelse som ein aldri gløymer. Stillheita og midnattsola i polarnatta gjer inntrykk på alle som er så heldig å få oppleva det.
- Jarle

 

SØNDAG 22. APRIL

Gjengen ankom Svalbard seint i går kveld og vakna i dag til eit fantastisk vær. Akkurat slik det skal vera! Dagen midnattssola viser seg for første gong i Longyearbyen brukte dei til å gjera seg kjent med oppsetting av telt, bruk av kokeutstyr osv. samt å pakke pulkane. Så vart dei frakta ut til Gruve 7 der turen starta no i ettermiddag. Eg reknar med å få ei oppdatering frå Knut i løpet av morgendagen om korleis starten av turen har vore. Følg med...
- Jarle

 

TORSDAG 19. APRIL

På lørdag startar ei gruppe på 9 deltakarar på årets skitur på Svalbard. Leda av Knut og Torbjørn skal dei få oppleva den heilt spesielle arktiske villmarka. Vigdis, Trond, Tor Andre, Stig, Sigrun, Sigbjørn, Anne, Lars og Trine skal kryssa dei store breene i området med pulk. Det er scooterfritt område dei beveger seg i gjennom mesteparten av turen, så dei vil heilt sikkert få oppleva den polare stillheita som ein må oppleva for å forstå. Følg med her for oppdateringar undervegs.
- Jarle

 

(Foto: Knut Horvei)