DAGBOK KILIMANJARO 18. SEPTEMBER 2013

 


Alle på toppen!! (Foto: Knut Horvei)

LØRDAG 28. SEPTEMBER


I dag har dei vore i Lake Manyara, ein av dei andre kjente og storslagne nasjonalparkane i Tanzania. Her såg dei heilt sikkert giraff også, eit av dei få dyra som ikkje er nede i Ngorongoro-krateret der dei var i går. Nasjonalparken Lake Manyara er sentrert rundt den store innsjøen med samme navn. Dei var tidleg i gang i dag for å få med seg "morgonstellet" til dyra. Dei er forholdsvis aktive på morgonen og på kvelden. Midt på dagen er det så varmt at dei fleste prøver å halda seg i ro. I ettermiddag køyrde dei tilbake til Arusha. Nokre av dei er no ferdige med turen, dei sit akkurat no og søv på flyet i retning Amsterdam. Andre drar vidare til Zanzibar i morgon, for å bada og kosa seg på dei fantastiske strendene der. Takk for at du har fulgt med på denne sida! Dersom du vil vera med på denne turen kan du sjå dei forskjellige avreisedatoane for 2014 og åra vidare framover her.
- Jarle

FREDAG 27. SEPTEMBER


Heisan! Då har me nettopp kasta oss i bassenget på lodgen etter ein lang og flott dag i Ngorogoro på safari. Starta 07:30 frå Kudu Lodge. Fekk sett alt me håpte på untatt gepard. Me såg 8 løver, inkl ei løve som var på jakt, det var eit fantastisk skue. Men det blei ikkje fangst... Me avslutta med eit besøk i ein Masaai-landsby på kanten av Ngorogoro-krateret som er ein gammal vulkan som har kollapsa.
- Knut

TORSDAG 26. SEPTEMBER


Hei! Starta dagen med avreise 08:00 frå Aru Meru River Lodge. Satte kursen vestover mot Kudu Lodge og vår base for safarien dei neste to dagane. Stoppa og handla nødvendig proviant (cola og øl) og shoppa litt souvenirar på vegen. Nokon røde bananer i Lake Manyara måtte me og smake på :) Framme i Karatu hadde me lunsj på lodgen og så var det sykkeltur rundt i Karatu. Spesielt å sykle rundt i tjukkaste Afrika... No ligg me og slappar av ved bassengkanten på Kudu Lodge og ladar opp til safari i Ngorogoro-krateret i morgo.
- Knut

ONSDAG 25. SEPTEMBER


I dag starta dei tidleg og kom derfor forholdsvis tidleg nedatt til sivilisasjonen. Tippar at ein kald øl og ein varm dusj fristar no... Turen ned frå Millenium Camp gjekk veldig bra. Det er alltid spesielt å gå frå tynn luft og ned att i oksygenrik luft. Du kjenner at lufta vert tjukkare etter kvart som du kjem lenger og lenger ned. Ein god følelse. I kveld vert det nok feiring på den litt luksuriøse lodgen Aru Meru River Lodge. Men dei er nok fortsatt slitne etter strabasane dei siste døgna, så eg blir overraska dersom det er nokon som held ut til langt på natt. I morgon begynner nemleg safarien. Tre spennande dagar blant løver, elefantar, giraffar, bøflar, sebraer og mange, mange andre av dei spennande dyra i Afrika.
- Jarle

Fekk ein god del bilete frå turen tilsendt i kveld...



Foto: Knut Horvei




Foto: Joar Holme Støylen



Foto: Erlend Rongen


Foto: Michael Kilawila

TIRSDAG 24. SEPTEMBER


Alle på toppen!!
Etter den imponerande innsatsen i natt og i morgontimane, gjekk dei ned igjen til Kosovo Camp der dei kvilte eit par timar før dei gjekk vidare ned til Millenium Camp. No er det nok ein svært trøtt gjeng som tar tidleg kveld i teltet. Ofte søv ein 10-11 timar i strekk natta etter toppstøtet. Men det har dei fortjent!
- Jarle

Fekk følgande oppdatering via satelittelefon no i kveld:
"Då sit me og spelar yatzy og drikk aqevit i Millenium Camp. Starta toppstøtet 00:30 i natt og var på toppen 06:30. Det var skodde, rim, vind og kaldt. Men supergjengen lot seg ikkje skremme!"
- Knut

(Bilete frå toppstøtet på ein tidlegare tur. Foto: Øyvind Birkeland)

MANDAG 23. SEPTEMBER


Alle framme i Kosovo klare til toppstøt. Me starter å gå ca. ved midnatt. Alle er i fin form, litt hodepine, men ingen problem. Været er fint - ikkje kaldt og ikkje vind. Skal prøve å gi lyd så snart me har vore på toppen :)
- Knut

Dei ligg no og prøver å få sove litt i Kosovo Camp (4880m). Det er ikkje så enkelt å sove når spenninga framfor nattas toppstøt sitrar i kroppen. Dei går om natta for å sleppe varmen på dagtid, og i tillegg er grusen fast og fin å gå på då, mens den er laus og krevande på dagtid. Som ein bonus får dei oppleva soloppgangen omtrent når dei står på toppen. Dei brukar nok ca. 6-7 timar før dei står på toppen, men det er ikkje sikkert Knut får gitt beskjed før dei er på veg ned att. Men du kan rekna med ein oppdatering her før kl. 0900 dersom teknikken står oss bi. Håpar alle kryssar fingrane for at dette går til topps!
- Jarle


(Bilete frå toppstøtet på ein tidlegare tur. Foto: Øyvind Birkeland)

SUNDAG 22. SEPTEMBER


Hei. Me brukte 5 og ein halv timar til Karanga i dag. Fint vær og god stemning. Alle akklimatiserer veldig bra så langt! Mykje yatzy-speling og fotografering. Erlend som er litt meir enn gjennomsnittleg interessert i vær, fortel oss andre litt om sol, ozonlag og termikk :-)
- Knut

Dagens etappe starta med ein bratt kneik opp den såkalte Breakfast Wall. Denne delen av ruta kan sjå vanskeleg ut på avstand, men når ein kjem innpå ser ein at det går ein spektakulær sti oppover fjellsida. Ingen problem sjølv om ein ikkje skulle like høgder. Karanga Camp ligg også på ca. 4000 moh. så dette er tredje natta dei søv på denne høgda før det for alvor begynner å gå oppover i morgon.
Og forresten, Arsenal slo Stoke 3-1 i dag så då reknar eg med Knut sovnar med eit smil om munnen i kveld...
- Jarle

LAURDAG 21. SEPTEMBER


SMS frå Knut via satelittelefon 4000 moh. på Kilimanjaro:
"Framme i Barranco. Brukte heile dagen, ni timar. Men alle i fin form. Litt hodepine rundt omkring. No er det middag! Alle var opp på Lava Tower. Flott innsats. Kan du finne ut om Arsenal vant i dag?"
- Knut

Slik er det å ha Knut på jobb på Kilimanjaro... No spelar ikkje Arsenal før i morgon, håpar dei vinn slik at motivasjonen hans er på topp no når toppstøtet etter kvart begynner å nærma seg :) Han melder altså at formen er fin på alle. At nokon kjenner litt på litt hodepinen må ein rekna med denne dagen sidan ein har vore heilt opp på Lawa Tower som ligg ca. 4700 moh. Men ein går altså ned att 700 meter før ein slår leir, det er blant anna dette som gjer Machame-ruta til ei så god rute med tanke på akklimatiseringa. Walk high - sleep low. Og når Machame-ruta også er den flottaste så er det ingen tvil kva rute ein bør velga på Kilimanjaro!
- Jarle

FREDAG 20. SEPTEMBER


Knut melder om ein fin tur på 4,5 timar opp til Shira Camp (3850m). No er dei heilt i øverste del av vegetasjonen, berre nokre buskar og diverse merkelege vekstar klorer seg fast i det karrige lava-landskapet. Faktisk er forholda her så spesielle at ein del av dei plantane som veks her ikkje finns nokon andre stader i verda. Alle er i fin form, i kveld har dei spelt yatzy i det store messeteltet der dei får servert alle måltid. Kokken og hjelparane hans sørger for at dei får meir enn nok næring, det er utruleg kva dei klarer å få til langt til fjells. Fin temperatur i dag, men i natt blir det nok sikkert ei minusgrad eller to, det er normalt på denne høgda.
- Jarle

TORSDAG 19. SEPTEMBER


Bra dag. Nokre små regnbyger. Flott gjeng å vera på tur med! Nydeleg stjernehimmel og fullmåne i kveld.
- Knut

I dag starta fjellturen med at dei gjekk frå Machame Gate (1800m) til Machame Camp (3000m). Ei vandring gjennom regnskog - eit miljø heilt uvant for dei fleste nordmenn. Fascinerande og mystisk. I det etappen gjekk mot slutten vart vegetasjonen betrakteleg lågare, denne leiren ligg eigentleg heilt øverst i jungelen, på grensa mot det meir sparsommeleg vegetasjonsbeltet mellom 3000 og 4000 meter. Det betyr at dersom dei står på dei rette plassane kan dei frå denne leiren sjå utover det afrikanske steppelandet langt der nede. Og i horisonten i vest såg dei sikkert ein fantastisk solnedgang bak Mt. Meru tidlegare i kveld, det einaste andre fjellet du ser frå Kilimanjaro.
- Jarle

ONSDAG 18. SEPTEMBER


Knut melder frå Moshi at gjengen er trygt på plass på hotellet i Moshi etter ein lang flytur via Amsterdam. Dei har i kveld hatt eit møte med Mike, min dyktige samarbeidspartner i Moshi og dei har fått den aller siste informasjonen dei treng før pakking av bag og ryggsekk i kveld. Dei skal sjølv bæra ryggsekken sin med det dei treng på kvar etappe, mens ein bærar bærer den store bagen med alt utstyret dei treng når dei kjem fram til leiren om kvelden. Spenninga er nok til å ta og føle på rundt om på dei forskjellige hotellromma akkurat no. Kun ei natts søvn skiller dei frå Kilimanjaro-eventyret dei sannsynlegvis har drøymt om i årevis...
- Jarle

KILIMANJARO 2013 - AVREISE 18. SEPTEMBER


Førstkommande onsdag drar Lise, Tone F, Anne-Brith, Tone H, Joar, Eva, Vegard, Inger Marie og Erlend til Tanzania for å bestiga Kilimanjaro og utforska nasjonalparkane Lake Manyara og Ngorongoro. Nokon av dei avsluttar med badeferie på Zanzibar - vel fortjent...

Følg med på denne sida framover. Dei vil forhåpentlegvis stå på toppen grytidleg på morgonen neste tirsdag. Eg legg ut oppdateringar som turledar Knut Horvei sender meg etter kvart som dei nærmar seg toppen.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

(Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)