dagbok NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON 2017

 

LAURDAG 13. MAI

Akkurat no (kl. 17:15) sit dei i den superraske rib-båten på veg tilbake til sivilisasjonen - dusj, kald pils, biff, dundyne... alt dei har sakna dei siste 11 døgna. Men det går nok ikkje lang tid før dei ønsker seg ut igjen i den arktiske audemarka, Svalbard set varige spor hjå dei som likar barsk natur. Dei har gjennomført ein tur som dei aldri kjem til å gløyme, med mange høgdepunkt - dei har kryssa dei store innlandsbreane, besteget det høgaste fjellet, fulgt dei enorme brearmane ned mot havet, gått på sjøisen i Austfjorden - blant mykje anna. Og i dag fekk dei påfyll når det gjeld det historiske og kulturelle også, ved at dei var på sightseeing i den gamle nedlagte russiske gruvebyen Pyramiden. Der virkar det verkeleg som om tida har stått stille sidan russarane brått forlot staden i 1999. Takk til deg som har fulgt med på denne dagboka undervegs. Dersom du vil vera med på ein liknande tur arrangerer eg denne turen annakvart år, og den litt kortare Svalbard skitur kvart år. Ta kontakt dersom du vil ha meir informasjon.

- Jarle

19

19

19

19

19

19

19

 (Foto: Jakob Sørbotten)

 

TORSDAG 11. MAI

Dei ligg godt an tidsmessig (dei har faktisk ikkje hatt ein einaste liggedag pga. uvær...) og dei flytta derfor ikkje leiren ved Hoglandsvatnet i dag. Dei tok seg heller ein topptur opp til den heilt spesielle fjellformasjonen Tarantellen. Grunnen til at den har fått dette navnet er at det kan sjå ut som ein gigantisk edderkopp med tre bein som står på toppen av eit fjell. Ein geologisk raritet... Været er fortsatt nydeleg og endeleg har vinden løya også. I morgon går dei 350 høgdemeter oppover breen, før dei slepper seg ned Ragnarbreen mot sørvest. Deretter er det sjarmøretappen igjen til Pyramiden, der dei sannsynlegvis slår leir.

- Jarle

 

ONSDAG 10. MAI

Gallerpasset viste seg for bratt så vi gikk ned Smutsbreen. Flotte omgivelser og deilig med lang nedoverbakke! Tåkedekt bre og navigering på kompasskurs. Fin forandring etter flere dager i sola. Utfordrende  navigering i Smutsbremorenen med mye is og stein. Camp der Smutsdalen møter Austfjorden. Første dag med bjørnevakt for gruppa. Kaldt og surt med vind fra nord. I dag: lang etappe til sørenden av fjorden til Overgangshytta og lunsj. Forbi spektakulær brefront på Mittag Lefler-breen. Ingen bjørn observert i fjorden. Videre opp breen til morenen på vestsiden ved Trikolorfjellet. Etter nesten 25 km var det en imponerende gjeng som peiset på til camp ved Hoglandvatnet. 31 km totalt. Alle ved godt mot. Tror mange sover godt i natt. Supert vær og vindstille.

- Jakob

Newtontoppen 6

Austfjorden langt der nede (Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

Newtontoppen 6 

Den mektige brefronten på Mittag Leffler-breen (Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

 

MANDAG 8. MAI

Fekk ein tekstmelding frå Jakob i ettermiddag (via satellitt, her oppe er det ingen dekning via vanleg mobil - heldigvis...). Dei ligg no på Gallerbreen etter å ha gått anstendige 25 kilometer i dag nedover den enorme brearmen Veteranen som går rett mot nord. Mot slutten av etappen svinga dei av mot vest og gjekk oppver Gallerbreen mot Gallerpasset som dei skal over i morgon. Følg med på kartet. Sol og vindstile i dag og Jakob melder om karbonader til middag i "solveggen" - det tyder på at det kanskje har vore litt varmare i dag (alt er relativt... her kan du sjå temperaturen). I morgon satsar dei altså på å komma seg over Gallerpasset og bratt ned til Tryggvebreen.

- Jarle

 

SUNDAG 7. MAI

Vi har akkurat vært på toppen. Veldig kaldt, men sol og god utsikt. God stemning. Blir i leiren på Keplerbreen i natt. Går til Gallerbreen i morgen.

- Jakob

 1070357057

(Foto: Jakob Sørbotten)

 

LAURDAG 6. MAI

Jakob ringte i kveld og dei ligg no ved Astronomfjellet, dvs. rett sør for Newtontoppen. Dei vurderer om dei skal gå opp i kveld eller venta til i morgon. Det bles litt akkurat no, men det er meldt mindre vind i morgon og vidare framover. Newtontoppen er 1713 meter høg og er med det det høgaste fjellet på Svalbard. Sjølv om mange av dei største fjella på Svalbard er bratte og skarpe, er heldigvis Newtontoppen enkel. Du kan gå til topps med heilt vanleg fjellski.

- Jarle

Bilete frå "toppstøtet" på ein tidlegare tur til Newtontoppen:

Newtontoppen 17

Newtontoppen 10

Newtontoppen 10 

(Foto: Jarle Trå)

 

TORSDAG 4. MAI

I går køyrte dei opp til sørenden av Filchnerbreen. Jakob meldte om mykje vind, men milde temperaturar. I dag løya vinden litt og dei gjekk 22 kilometer over Filchnerfonna til Lomonosovbreen. Følg med på kartet. Stemninga er på topp i gruppa og dei gledar seg til morgondagens etappe. Med samme framdrift som i dag vil dei ikkje vera så veldig langt frå Newtontoppen i morgon kveld. Dei får heldigvis ikkje spesielt låge temperaturar dei første nettene - værmeldinga for Lomonosov viser minus 16 i natt. Det er nesten shortstemperatur på desse trakter... Dei er no oppe på dei store bremassiva i dei nordvestlege delane av Spitsbergen, omtrent 1000 meter over havet. Etter at dei forhåpentlegvis har besteget Newtontoppen i løpet av nokre dagar, skal dei bevega seg nedover i "låglandet". Langtidsmeldingane ser framleis strålande ut, kanskje klarar dei å gjennomføre turen utan ein einaste liggedag pga. dårleg vær? Men det er vinden som bestemmer det, og vind kan det bli sjølv om været generelt er fint. Men ein liggedag eller to i teltet er berre triveleg, i alle fall så lenge ein har gode marginar på å nå fram til Billefjorden der dei skal bli henta av båt om 9 døgn.

- Jarle

 

ONSDAG 3. MAI

Tidleg i dag starta dei turen nordover med snøskuterar til startpunktet for skituren. Dei køyrer frå Longyearbyen austover og over til Sassendalen, vidare nordover og opp Phillippbreen til Lomonosovfonna. Du kan som nevnt følga med på dette kartet undervegs. Newtontoppen - som er turens første mål - ligg eit stykke nord for Lomonosovfonna. Værmeldingane ser lovande ut. Litt vind på fredag ellers stort sett flott vær framover.

- Jarle

b6

b6

b6

b6

b6

 

TYSDAG 2. MAI

Deltakarane på denne turen har vore ute ei vinternatt før (bokstaveleg talt...) men det er likevel viktig å bruke litt tid på forberedelsar og gjennomgang av utstyr. I dag har dei derfor, saman med turledarane Jakob, Morten og Bjørn, trent på å setta opp telt, bruka bensinbrennarar og dei har sett korleis pulksystemet vårt fungerer. Me brukar lette plasbrett (paris-brett) på Svalbard-turane våre, men me brukar likevel stive drag, altså ikkje taudrag, som er mest vanleg. Dette er etter vår meining ei veldig god løysing som gjer at me får fordelane frå begge "pulksystema", men få av ulempene. Etterpå tok dei ein tur på museumet i Longyearbyen, eit must når ein er på Svalbard. Fangsthistorien på Svalbard er noko som nordmenn flest ikkje har noko særleg forhold til, men det er eit svært fascinerande kapittel i norges historie - med begivenheiter og skjebnar så eventyrlege at det kunne vore laga mange spennande spelefilmar med dette som tema.  I morgon startar sjølve skituren, følg med her framover for å sjå kva som skjer no når gjengen vår startar sitt eige arktiske eventyr.

- Jarle

5

5

5

5

5

Frå dagens forberedelsar. (Foto: Jakob Sørbotten)

 

FREDAG 28. APRIL

Årets Newtontoppen skiekspedisjon er snart i gang! Værmeldingane ser bra ut, ikkje noko nedbør eller vind å snakke om og ikkje spesielt låge temperaturar. Perfekt... Johanna, Tove, Grete Karin, Sigbjørn, Anders og Alf er klare for å oppleva den arktiske villmarka på sitt beste. På mandag kveld møtes dei i Longyearbyen for å gjera dei siste forberedelsane. Onsdag startar dei med ein lang snøskutertur nordover til Lomonosovfonna der skituren startar.

Jakob ledar denne turen med stø og erfaren hånd. Med seg har han Morten som assistent og Bjørn som utplassert student frå Arktisk Naturguide-linja i Longyearbyen. Dette er ein kompetent turledar-trio som til saman har lang erfaring med å leda turar på Svalbard.

Følg med på denne sida for oppdateringar frå gjengen undervegs, me satsar på å få til oppdateringar via satellitt-telefon ca. annakvar dag.

Les alt om turen og dagsprogrammet her.

Dersom du vil følge med på kvar ruta går, sjå dette kartet. Eg skal prøve å forklare så nøyaktig i referatet at du lett kan følge med.

Sjå også det spektakulære webkameraet som står i Longyearbyen. Det er no midnattssol i Longyearbyen så sjølv om du går inn og ser på webkameraet midt på natta vil det vera lyst.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka.

(Bilete frå tidlegare turar. Foto: Jarle Trå)

newtontoppen 04

newtontoppen 04

newtontoppen 04

newtontoppen 04