dagbok everest BC / Island peak 2015

 

LØRDAG 21. NOVEMBER

Kathmandu. Kom oss frå Lukla i går, som ein av dei siste flya, då det er fullstendig drivstoffmangel i Nepal. Dette grunna ein blokkade på grensa mellom Nepal og India. Det er av den grunn mykje mindre trafikk i Kathmandu, enn vanleg. Allikevell er trafikken plenti stor nok! I går og i dag formiddag har tida gått til utforsking av bydelen Tamel, og i ettermiddag har me våre på sightseeing i byen. Kort oppsummert, Kathmandu er svært fascinerande, både på godt og vondt. Siste dagen i Kathmandu i morgon, før me setter kursen nordover mot snø og vinter, på mondag!

Gjengen helsar alle heima, og takkar for alle helsingar i gjesteboka!

- Andreas

 

TORSDAG 19. NOVEMBER

Sit no i Lukla med avslutningsmiddag etter turen. I går gjekk me frå Namche til Phakding, over dei same hengebruene som me hadde på veg oppover. I dag var det siste etappe med slak motbakke opp mot Lukla. Herleg å kome fram med eit kakestykke og kaffi på Starbucks Lukla. Me har vore utruleg heldig med veret og har hatt sol og nærast skyfri himmel kvar dag. Litt vemodig å vera ferdige, men kjenner det vert godt å kome til eit hotellrom i Kathmandu, der det venter både dusj og reine klede. Me skulle også hatt med oss Mona, men veit at ho har det bra på sjukehuset i Kathmandu og er på bedringens veg, og me møtar henne i morgon.

No kom det kake på bordet og kvelden er ennå ung...

- Andreas

 PART 1447938590035

 

TYSDAG 17. NOVEMBER

I går hadde me ein flott tur frå Pangboche til Namche. Mona, Buddhi og Brynjulv vart igjen i Pangboche for å vente på helikopter. Buddhi og Brynjulv vart med helikopteret til Namche, og Mona vart flogen til Kathmandu. Me andre gjekk etappen i roleg tempo, og koste oss i omgivelsane. Lang lønsj med elva, før me starta på motbakken opp og deretter fjellsida bort i retning Namche. Merkar no at den store sivilisasjonen kjem nærare og at me vert dratt mot den. Det var hærleg å spasera blant dei uttallige butikkane i Namche, og stappa i oss både boller og kaker på Hermann Helmers bakeri, samt kjenne at lufta me pustar i, er "mykje tjukkare". Litt seinare middag på lodgen enn vanleg, med mykje latter og skjemt. Det er ingen av oss som luktar spesielt godt, då mangel på dusj og samt reine kleder er påtrengande. Men det er litt godt å få prøve dette også.

Åse Britt tok også i går ein litt anna inngang til byen enn oss andre, då ho hang seg på ein flokk med "store" hestar. Men ho fann lodgen til slutt, utan hjelp frå andre. I dag ber det mot Phakding, med endå tjukkare luft. Dusjen og reine kler i Kathmandu, nærmar seg, medan dei store fjella forsvinn sakte bak oss...

- Andreas

PART 1447808966418  PART 1447808903869

 

MÅNDAG 16. NOVEMBER

Idag byrja vi på heimturen!

Når me vakna i basecamp skjønte me fort at me hadde vært heldige med været på toppstøtet i går. Idag var det mykje meir vind, og me fekk høyre at alle gruppene som hadde forsøkt seg på toppstøt i natt, måtte snu pga sterk vind og kulde. Me merka og at det var kraftig kastevind og til tider "sandstorm" nedover i dalen.

Vidare nedover til Chuchung og deretter Dingboche, der møtte me igjen Mona, Sissel og Britt. No var me atter ei samla gruppe. Mona har vore uheldig og pådrege seg sjukdom og ho fekk ein tung tur ned til Pangboche. Då morgodagens etappe er svært lang, er det beste for Mona at ho vert frakta til Kathmandu med helikopter. Ho vil då kome seg raskt ned fra høgda og verta frisk. Resten av gruppa fortsetter til Namche Bazaar i morgon.

- BrynjulvÅ halda seg frisk er ein utfordring i høgda, både fordi immunforsvaret vert litt redusert og fordi lufta er så tørr at det er fort å pådra seg hoste som kan utvikla seg til halsbetennelse osv. Mona var altså litt uheldig no på slutten av turen, men heldigvis var det berre dei siste dagane dei går ned att Khumbudalen ho no går glipp av. Helikoptertransport er den einaste måten å komma seg ut frå Khumbudalen på, her er det ingen vegar. I morgon går resten av gjengen altså til Namche Bazaar. Tippar dei er gira på å komma til Namche no, i forhold til dei små landsbyane dei har vore i dei siste dagane er Namche reine verdensmetropolen..

- Jarle

 Nepal9 2

 

SUNDAG 15. NOVEMBER

Alle på toppen.. Gratulerar til heile gjengen!

Brynjulv ringte akkurat og fortalte at dei no var nede igjen i Base Camp etter eit vellykka toppstøt. At alle kom på toppen er langt over kva ein kunne forvente på dette fjellet, statistisk sett er sjansen for å nå toppen langt lågare enn f.eks. Kilimanjaro. Men Brynjulv sa at alle hadde gjort ein kjempeinnsats i natt, 12 timar brukte dei totalt. Som prikken over i'en fekk dei sjå ein snøleopard rett etter dei starta i natt. Snøleoparden er eit ekstremt sjeldan dyr, og eg reknar med det var ein opplevelse dei aldri kjem til å gløyme. Det blas kraftig opp når dei var på veg ned att og Brynjulv sa at dersom dei hadde vore nokre timar seinare hadde dei måtta snudd. Tippar stemninga er høg nede i Base Camp no, sjølv om dei sjølvsagt er svært slitne.

- Jarle

 

FREDAG 13. NOVEMBER

(Godt toppstøtet ikkje er i dag, med tanke på kva dag det er i dag... :)

Dei er no i den vesle landsbyen Chuchung. No er det forberedelsar til Island Peak, for dei som skal prøva seg på den. Sissel, Britt og Mona bur litt lenger nede i dalen, i Dingboche, då dei ikkje skal vera med på Island Peak. Dei var med opp til Chuchung, men returnerte ned att etter lunch. Gjengen som skal førska seg på Island Peak har i dag trent på å gå i faste tau, med tauklemme og sikring. Treninga foregjekk i ein bratt grusbakke (med mykje støv i følge rapportane...). Dei har tilpassa utstyr og førebudd seg så godt dei kan. I morgon går dei opp til Base Camp der dei startar toppstøtet ca. ved midnatt natt til sundag, lokal tid. Gjengen er i god form, ved godt mot og gledar seg til ein fantastisk tur oppover mot den skarpe toppen av Island Peak. Toppstøtet kan ta ein stad mellom 13 og 18 timar. Akkurat no et dei middag, og "proppar i oss da me kan av energi". Veret er framleis flott, me får håpa det varer ei stund til. Gjengen helsar til alle heime.

- Jarle

 PART 1447412477048

 

ONSDAG 11. NOVEMBER

Fantastisk dag der alle kom på Khala Phattar. Gruppebilde på over 5500m, der me ser mot "fjellets mor" som ragar godt over 3000 meter over oss. Det er mektig! Det er ein tung tur opp, og det vart gjort formedabel innsats av alle. No skal me nyta karamellen, med lunch, før me deretter set vegen mot Lobuche, som er dagens overnattingsplass. Merkar at me no har vore ein stond over 5000 meter. Vert godt no å sove nokre netter i litt lågare høgde. Heile gruppa, men spesielt Sissel gratulerar Edvind so mykje med 19-årsdagen!

- Brynjulv

 PART 1447222398504  PART 1447222436946

 

TYSDAG 10. NOVEMBER

Base Camp! Vanskeleg å gjengi omgivelsane me vandrar i. Alle i gruppa var heilt inn i Base Camp, og fekk kjenna på følelsen og fortellingane frå sherpaene om denne sagnomsuste plassen. Me fekk forklart kor snøskredet feidde inn over BC i forbindelse med jordskjelvet. Ein vert liten og ydmyk og følar seg heldig som besøkje ein slik stad. Gruppa er framleis i fin form, men eit snev av hovudverk må påreknast når me vandrar i nesten 10 timar, over 5000 meter...

Været er upåklageleg og me ser alle fram til utsynet frå Khala Phattar i morgon, sjølv om me no er trøytte.

- Brynjulv

 PART 1447152093520 2  PART 1447152159026 2

 

MÅNDAG 9. NOVEMBER

Brynjulv ringte frå satelitt-telefonen i ettermiddag norsk tid. Dei kom til Lobuche i dag og slappar no av i den nest siste "landsbyen" før Everest Base Camp. Eg skriv landsby i hermeteikn fordi etter kvart som ein kjem lenger og lenger innover Khumbu-dalen blir det enklare og enklare forhold. Gorak Shep, den siste bebudde staden før Everst Base Camp, var heilt fram til for få år sidan berre nokre skur, men også her har det blitt betre dei siste åra. Alt står bra til med gjengen og Brynjulv påstår at han ikkje har høyrt så mykje som eit host frå nokon endå... det er svært lovande med tanke på Island Peak som nærmar seg etter dei har vore i Base Camp.

- Jarle

 

SUNDAG 8. NOVEMBER

Nydeleg aklimatiseringstur til 5080m, opp ryggen bak Dingboche. Strålande sol gjorde at utsikta vart upåklagelig i alle retningar. Gruppa forsatt i fin form, men merka i dag den tynne lufta. Påfølgande kvile gjer at me er godt rusta for nye høgder i dagane som kjem. I morgon går turen i retning Khumbubreen og Lobuche. Me kjem stadig nærare Everest BaseCamp...

- BrynjulvNoko av det som er viktigast når ein skal opp i stor høgde, er å ikkje gå for fort oppover. Turen frå Lukla til Everest Base Camp kan ein gå på 4-5 dagar om ein har det travelt, men då er ein nesten garatert å få problem. Kviledagane i Namche og i Dingboche er utruleg viktig for å forbereda kroppen gradvis til det låge trykk og oksygennivået. Eller kviledagar er det eigentleg feil å kalle det. Akklimatiseringsdagar er meir korrekt, sidan ein går turar høgare opp også desse dagane. Men ein søv ikkje høgare enn ein gjorde natta før. Det er viktig. Walk high, sleep low...

- Jarle

PART 1446983503525  PART 1446983412530

 

LAURDAG 7. NOVEMBER

Me våkna til eit fantastik vær og skue i Devoche idag. Med utsikt over Everest, Lhotse og ikkje minst Ama Dablam, byrja vi turen lenger oppover i dalen. Medan me var godt på veg mot vår destinasjon, hadde Yak-transporten vår begynt å ture mot Namche igjen, noko som ikkje var heilt i følge planen. Me i gruppa visste ikkje kva som hadde skjedd med det første, men etter å ha oppservert ein gjeng med småstressa sherpaer som snakka om Yak-oksar, begynte vi å forstå at bagasjen vår kom til å verte litt forsenka idag.

Me kom fram til Dingboche, utan bagasje, men det tok ikkje lang tid før me fekk beskjed om at bagasjen snart sto på trappa.

No gler me oss til morgondagen, med litt avslapping og ein liten aklimatiseringstur.
Gruppa er i meget god form, og i godt humør!

- Brynjulv

mms img 1615503344 2  mms img 666713780 2

 

FREDAG 6. NOVEMBER

Me gjekk frå Namche 08:15. Flott vandring i magiske omgjevelsar, med sol og utsikt mot alle dei store fjella. Lunch ved elva, før me byrja på den lange og bratte bakken opp til Tengboche. På toppen besøkte me minnetavla til Arne Næss, og hans Everest-ekspedisjon i 1985. Dette var ein spesiell opplevelse. Besøk hjå monkane i klosteret, der me også fekk bevitne ein seremoni. Unnlaug er idag 65 år, noko me lyt feira med brask og bram på Rivendell Lodge i Devoche.

Gruppa er framleis i svært god form og forventningsfulle for dagane som kjem.

Men idag tar me ein skål for Unnlaug... SKÅÅÅL!!

- Brynjulv

 

TORSDAG 5. NOVEMBER

Flott dag i Namche. Akklimatiseringstur til Everest View Hotel, med nydeleg utsikt over dei fantastiske fjella. Te på terassen på det store og flotte hotellet, som i si tid var meint for overnatting for rike japanarar. Det vart også bygd flyplass til hotellet, men prosjektet slo aldri til. Men ein fantastisk plass å ete eit lite måltid og/eller ta seg nokre koppar te. Etter lønsj vart det god tid til å utforska det fascinerande sentrum i Namche. Nokre jenter var på beauty salon og fekk hårvask av ypperste merke, og fekk samtidig beskjed om at vasken var høgst nødvendig. Andre såg film frå toppstøt av Everest og bollar og kaker vart testa på dei uttallige bakeria. Alle er friske, og klare til å fortsetja innover denne fantastiske dalen.

- Brynjulv

  IMG 3281  IMG 3280

 

ONSDAG 4. NOVEMBER

Me er i dag komne til Namche, etter å ha opplevd dei fantastiske hengebruene. Flott vėr, med sol og lettskya. Såg steinbukk/himalayabukk undervegs. Etter siste hengebru sette ei av jentene i gruppa opp eit drepande tempo opp mot Namche. Målet var å ta igjen vossingane, som viste seg å ligge langt bak. Ho vart etterkvart tatt igjen av springande sherpa, som spurte ho: skal du springe langt?

Gruppa er no samla, og godt innkvartert i Namche. Uttøyingsdrammen er inntatt, og alle i gruppa er friske og raske.

- BrynjulvNamche Bazaar er "hovudstaden" i Khumbudalen. Den vesle landsbyen ligg langt oppe i fjellsida, i eit naturleg amfi. Her har sherpaer og tibetanarar møttes i århundrer for å handla og byta varer. I dag er det mange butikkar der som sel utstyr til dei som går innover dalen. Her kan du få North Face dunjakke til 3000 kroner, eller til 200 kroner. Det er ditt valg kva kvalitet du vil ha...

- Jarle

 Nepal 2

 

TYSDAG 3. NOVEMBER

Flott fyrstedag. Opp kl 0430. Fly kl 0600. Flott tur til Lukla. Gode forhold. Lite søvn på de fleste, men får slappe av no. Overskya og delvis sol. Er begynt å innordne oss sherpakulturen og set fart på dei bønnehjul me ser. Flott gruppe!

- Brynjulv

 

MÅNDAG 2. NOVEMBER

Brynjulv melder at alt gjekk vel på flyreisa til Kathmandu, og at dei no er vel framme i denne fascinerande og yrande byen ved foten av Himalaya. Litt slitne er dei sjølvsagt etter ein så lang flytur, så i kveld er det kvile og søvn som står på programmet. I morgon tidleg flyr dei til Lukla, ein av dei flottaste flyturane i verda... Turen er i gang, følg med her framover for oppdateringar!

 DSC 0202

Foto: Brynjulv Eide

 

NAMASTE!

Så er det tid for årets Nepal-eventyr! Ei stor gruppe leda av Brynjulv Eide skal dei neste vekene vandra gjennom den myteomspunnede Khumbudalen heilt opp til Everest Base camp og Kala Pattar. Dette er sherpaene sin dal, her lever dei sitt enkle liv basert på skrint jordbruk, handel og turisme. Men til tross for tøffe naturgitte forhold er dei lykkelege, det er i alle fall få folkeslag som smiler og ler like mykje som sherpaene... Dei siste månadane har vore spesielt tøffe for folket i dette området, etter det store jordskjelvet som ramma området tidlegare i år. Men livet er no på full fart attende til det normale, og fjellturismen var noko av det fyrste som kom i gang att. Inntekta frå denne næringa er no viktigare enn nokon gong, i arbeidet med gjenoppbygging av dei hardast ramma områda. Eg vil i den sammenheng også takka alle som har vore med å bidratt i arbeidet som Mountain People gjer i Nepal etter jordskjelvet.

Etter at dei har nådd Everest Base Camp skal dei fleste i gruppa gjera eit forsøk på Island Pak. Eit fjell som ragar heile 6189 moh, men som i desse omgivelsane likevel blir eit "lite" fjell - fordi dei nærmaste naboane heiter Lhotse og Everest..

Men Island Peak er likevel ingen sundagstur. Som det står på nettsida mi: "Island Peak er ein bratt og skarp topp der du ikkje må lida av utprega høgdeskrekk. Det er fleire bratte og utsatte parti også på veg oppover mot toppen. Men me har med dyktige sherpaer som hjelper til med å sikre undervegs."

Eit ekte Himalaya-fjell der sherpaer hjeper deg på veg opp mot toppen, akkurat som på ekspedisjonane på dei aller høgaste fjella i verda altså. Her får du førstehånds kjennskap til kva Himalaya-klatring dreiar seg om, om enn i litt lågare høgder.

Unnlaug, Sverre, Britt, Sissel, Aase Britt, Mona, Svein, Marit, Egil og Andreas flyr frå Norge sundag 1. november. Les alt om dagsprogrammet for turen vidare her

På denne sida legg me ut oppdateringar frå turen. Ikkje forvent oppdateringar kvar dag, men me satsar på å få oppdatert alle heime med eit par dagars mellomrom.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

"Namaste" blir nytta som helsing i Nepal. Det tyder "Eg helsar guden i deg".