DAGBOK KILIMANJARO 9. JANUAR 2013

 

LØRDAG 19. JANUAR

Ein opplevelsrik safari går mot slutten. I går såg dei blant mykje anna heile 17 løver! I dag reiste "Sognagjengen" vidare til Zanzibar, resten følger etter i morgon. Dette er den perfekte måten å oppleva Afrika på - først fotturen til toppen av Uhuru Peak, så safari og til slutt strandliv på Zanzibar... dette er Afrika i eit nøtteskall! På Zanzibar skal dei bu på Langilangi Beach Bungalows heilt nord på øya. No er det velfortjent med nokre late dagar på stranda etter den imponerande innsatsen med å nå toppen. Takk for at du har fulgt med på denne sida undervegs. Eg tippar at den du har fulgt spesielt på denne turen har mykje å fortella når vedkommande kjem heim om nokre dagar.
- Jarle

TORSDAG 17. JANUAR


I går gjekk dei den siste etappen ned til Moshi. Det var nok ein sliten og skitten gjeng som gleda seg til ein lang dusj og til å eta middag utan hodelykt... Det er ein av tinga som er så kjekt med slike turar, kontrasten mellom det forholdsvis enkle livet på fjellet og den behagelege tilværelsen når ein kjem ned i sivilisasjonen att. Og følelsen blir ikkje dårlegare ved tanken på den bragden ein akkurat har gjennomført - å ha stått på toppen av Afrikas tak! No er det safari dei neste tre dagane. Eg reknar med tilbakemeldingar også frå Lake Manyaras store skogar og Ngorongoro-kraterets fascinerande sletter, etter kvart som løver, elefantar, gepardar, flodhestar, nashorn, sebraer, giraffer og mange andre fyr vert observert.
- Jarle

TYSDAG 15. JANUAR


Habari! Når me kom til Kosovo camp i går, vart det sterkare og sterkare vind utover kvelden. Doteltet og messeteltet tok til slutt kvelden... Me sov heller ingen mykje. Likevel gjekk heile gruppa til topps på 6 t og 2t ned att! Me starta kl. 01:45 og var på toppen kl 07:45. Det var veldig sterk vind nesten heilt opp til Stella point, så det var eit skikkelig slit opp bakken og kaldt, men kanon innsats frå alle! På toppen måtte me omtrent slåss for å få 'låna' skiltet i eit par minuttar frå ein gjeng galne Sør-Koreanarar. Jon Olav fekk skremt dei vekk til slutt :) No er me lykkelige nede i Millenium camp og klar for å sova. Det er 2 døgn sidan sist... Lalla salama
- Knut

Alle på toppen!!! Så mykje meir enn det klarte eg ikkje å få med meg på ei meget vindfull og dårleg satellittelefonlinje frå Afrikas tak. Men det var det viktigaste, og det står bra til med alle. Fleire detaljar får eg forhåpentlegvis i kveld, når dei har gått heilt ned igjen eit par tusen høgdemeter. Men her heime kan feiringa begynne! Ein kjempeprestasjon...
- Jarle

MANDAG 14. JANUAR


No er gjengen samla i den øverste leiren, klar for å starta toppstøtet i natt. Det står bra til med alle fortsatt, det lovar bra før toppstøtet startar. Været er fint, men litt vind. Følg med på denne sida i morgon tidleg, eg oppdaterer så fort eg høyrer nok frå gjengen. Kryss alle fingrar - det er i natt det gjeld...
- Jarle

SØNDAG 13. JANUAR


Alt er vel med gjengen i Karanga camp (4000m). Frå denne leiren har dei nydeleg utsikt til toppen. Dagens etappe starta med den berykta Breakfast Wall, ca. 250 stupbratte meter rett opp ein bratt klippevegg. Ein tøff start på dagen, men heldigvis var det ein kort etappe, for no gjeld det å samle overskudd før toppstøtet som startar seint i morgon kveld. I dag klarte Knut å få sendt over eit par bilete. Heilt ferske direkte frå 4000 meter på Kilimanjaro...


LØRDAG 12. JANUAR


Snakka med Knut på telefonen i dag, og dei har det bra på fjellet. Men desverre måtte Britt kasta inn håndkleet i dag pga. ein skade i ei hand som ho pådrog seg den første dagen. Men ellers er alle i fin form og været har vore perfekt for fjellvandring. Gjengen var i dag heilt opp til Lava Tower, og omtrent halvparten var opp på toppen av sjølve tårnet - noko som krever litt klyving og kanskje at du ikkje har ekstrem høgdeskrekk... :)
- Jarle

FREDAG 11. JANUAR


Alle framme i Shira Camp (3850m) i god form. Bra vær i dag etter at ei skikkeleg regnbyge gjorde at dei fleste vart våte rett før dei ankom Machame camp i går kveld. Shira camp ligg over det meste av vegetasjon, så utsikta er storslagen - spesielt ved solnedgangen sidan ein er på sørvestsida av fjellet. I morgon er det turens lengste etappe til Barranco camp. Kanskje er forholda slik at dei kan gå opp på Lava Tower, eit 70 meter høgt lavatårn som ruvar over det omkringliggande landskapet.
- Jarle

TORSDAG 10. JANUAR


I går kveld var alle på plass ved foten av Kilimanjaro, etter ein lang flytur frå Norge via Amsterdam. Akkurat no går dei den første dagsetappen oppover mot Machame camp (3000m). I dag går dei i jungelen heile dagen, men i det dei kjem fram til leiren er dei heilt på grensa mellom regnskog og litt meir sparsam fjell-vegetasjon. Om dei er heldige får dei sjå apekattar på veg oppover jungelen...
- Jarle

ÅRETS FØRSTE KILIMANJARO-TUR STARTAR NO...


Ein stor gjeng set seg onsdag på flyet i retning Afrika. Dei har vore så heldige at dei denne jula ikkje har trengt å tenka på kaloriar og feittprosent. Det er berre ein fordel å ha litt å gå på før ein slik tur... Trude, Knut, Erik, Brit, Gudveig, Marta, Hans, Nils-Inge, Åse Karin, Kenneth, Siv Kristin, Arild, Randi og Melania er klar for ein av sine livs opplevelsar. Afrika set varige spor i kropp og sjel.

Knut og Jon Olav sammen med sine lokale kollegaer skal leda gjengen trygt til topps på Afrikas høgaste fjell.

Etter å ha forsøkt seg på Afrikas høgaste fjell, sluttar også Kjell-Erik seg til gruppa. No er det Afrikas dyreliv som står for tur. Ein fantastisk safari i nasjonalparkane Lake Manyara og Ngorongoro-krateret. Til slutt flyr gjengen ut til Zanzibar, der inntrykka frå turen skal fordøyast liggande under palmane på dei krittkvite strendene. Nokon som er misunnelege...?

Følg med på denne sida framover. Eg legg ut oppdateringar etter kvart som dei nærmar seg toppen.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

(Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Øyvind Birkeland)