DAGBOK KILIMANJARO 8. JANUAR 2011

 

Sjå bilete frå turen nederst på sida.

TIRSDAG 18. JANUAR

Då var ein flott dag i Lake Manyara over. Me såg mange flotte dyr og inntrykka var mange, det var derfor ein del som sovna i bilen etter safarien... Så var det lunsj og ein kjapp dusj på Migunga før me satte kursen mot Arusha og Aru Meru hotell og restaurant. Der var det ein flott avskjedsmiddag for gjengen som no deler seg. Asbjørn, Jan Are og underteikna reiser heim, mens resten av gjengen fortsetter Afrika-eventyret på Zanzibar! Det var trist å skilles frå resten av gruppa, dette har vore ein kjempeopplevelse for alle. Asante Kilimanjaro, Tanzania og Afrika!
- Knut

MANDAG 17. JANUAR

Melding frå Knut og safari-gjengen:
Me ankom Migunga i går ettermiddag og var på kjempeflott sykkelsafari i solnedgang i området rett ved Lake Manyara. Så var det vin og god grilla biff til middag. Alle er blitt så fascinert av eksotiske Migunga lodge. I dag var det frukost 0630 og så bar det av stad mot Ngorongoro-krateret der me er no, blant zebraer og mange andre fantastiske dyr. Me har lest alle helsingane i gjesteboka og setter stor pris på gratulasjoner og helsingar :-) No gjekk det eit neshorn forbi...

Neste melding kom nokre timar seinare:
Då var safarien over for i dag og gjengen er slitne, men dei fleste har krefter til ein forfriskning i baren på Migunga. Dette må ha vore årets løve-dag, me såg ikkje langt unna 15 løver og ei stor hannløve gjekk mellom to av bilane. Fantastisk! Nå skal me ha oss ein god dusj og ein god middag, så er me klare for elefanter og giraffer i Lake Manyara i morgo. Lala Salama! ("Godnatt" på swahili)

LØRDAG 15. JANUAR

Då har gjengen kommet ned til hotellet i Moshi. No er det dusj og reine klær som står øverst på ønskelista. Menyen ved ankomst hotellet besto av hamburgere... det er sikkert fleire som har drøymt om det dei siste dagane. Dei brukte ca. 5 timar frå Horombo camp ned til Marangu gate i dag. Det vert sikkert litt feiring av prestasjonen i kveld. Det er i alle fall fortjent!

FREDAG 14. JANUAR

Gratulerer! Tidleg i dag tidleg fekk alle sammen oppleva soloppgangen frå Afrikas tak. 11 stod på det aller høgaste punktet, Uhuru Peak, mens 4 stod på Gilmans Point. Ein utruleg prestasjon av alle sammen, og ikkje minst av Knut og Eliezer og resten av gjengen med guidar og bærarar.

TORSDAG 13. JANUAR

Knut ringte i kveld frå den aller høgaste leiren, Kibo Camp. No er det berre den siste bratte motbakken på omtrent 1200 høgdemeter att før dei står på toppen. Men den er tøffare enn nokon av dei andre dagsetappane. Knut er optimistisk, det er ein svært sprek gjeng og med unntak av litt hovudverk hjå nokon av deltakarane, er det fortsatt også ein frisk gjeng. Dei første 1100 høgdemetrane går rett opp til Gilmans Point, deretter flatar det ut fram til toppen, Uhuru Peak. No er det berre å ønska alle lykke til på "innspurten", oppdatering kjem på denne sida så fort eg høyrer frå gjengen i morgo tidleg.

ONSDAG 12. JANUAR

Knut ringte med satelitt-telefonen frå leiren som ligg ved foten av Mawenzi, ein "ventil" på sjølve hovudvulkanen Kibo. Mawenzi er i motsetning til Kibo prega av opprevne og alpine fjell som er vanskeleg å bestige. Dei har hatt litt tåke og regn også i dag, men heldigvis begynte det ikkje å regne skikkeleg før dei var komne inn i telta, akkurat som i går. Dei er nesten åleine på denne sida av fjellet. Først i morgo når dei kjem opp til Kibo camp, får dei kontakt med alle som går normalruta (Marangu). Knut fortel at alle er friske og fine fortsatt. Toppstøtet nærmar seg, natt til fredag er dei i gang. Alle helsar heim til kjente og kjære.

TIRSDAG 11. JANUAR

Melding frå Knut (i dag er det tydelegvis mobildekning):
I natt regna det mykje. I dag har det og regna ein del. Fint å gå, er no i Kikelewa camp på 3630 moh. I morgo går me til Mawenzi camp på 4300 meter. Alle er i fin form. Benson (kokken) diskar opp med det eine praktmåltidet etter det andre.

MANDAG 10. JANUAR

Snakka med Knut på satelitt-telefon i dag. Dei er no ved Second Cave på ca. 3400 meter. Alle er stort sett friske og fine, og dei gledar seg no til ein forholdsvis kort etappe i morgo, opp til Kikelewa camp på 3630 meter. Terrenget på nordsida av fjellet er tørrare og med mindre vegetasjon enn på sørsida. Etter kvart som dei kjem høgare og høgare, blit utsikta utover det afrikanske steppelandet meir og meir imponerande.

LØRDAG 8. JANUAR

Melding frå Knut og gjengen som ankom Moshi i kveld:
Impala hotell har tatt oss vel i mot med god middag og Michael har gitt oss god informasjon om morgendagen. Godt og varmt! Det er ein ivrig gjeng som ser fram til å starte i morgon tidleg.

---

På lørdag drar ei ny stor gruppe til Afrika for å bestiga det høgaste fjellet på kontinentet. Dei skal gå den spesielle og lite brukte Rongai-ruta på nordsida av fjellet. Knut Horvei er reiseledar. Følg med her for oppdateringar undervegs.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka


Foto: Knut Horvei