DAGBOK KILIMANJARO 7. SEPTEMBER 2012

 

LNS TIL KILIMANJARO 2012

 








(Foto: Nancy Schreiner)








(Foto: Brit Volden)

MANDAG 17. SEPTEMBER

Hei! Nå er vi fem som venter på boarding på flyplassen, de andre er tilbake på Ameg Hotel. Flott safari idag også; mange aper, elefanter og giraffer. Flere shopping-stopp og herlig middag på Arumeru River Lodge.
- Brit
Etter nok ein flott safari-dag går no turen mot slutten for dei som ikkje skal til Zanzibar. Dei er tilbake i Norge på formiddagen i morgon. Dei som skal til Zanzibar har fortsatt mange fine dagar igjen av turen. Tidleg i morgon flyr dei til øya som ligg rett utanfor kysten av Tanzania. Her kan dei slappe av, sole seg og bade på dei krittkvite strendene og la alle inntrykka frå dei siste dagane synka inn. Velfortjent!
- Jarle


(Foto: Jan Magnar Klinkenberg)

SØNDAG 16. SEPTEMBER

I dag har dei sett det meste! Løver, gepard, neshorn, flodhest, bøffel, sebra + utallige gaseller, antilopar og alle mogelege andre dyr og fuglar. Ngorongoro skuffar aldri. Det einaste som ikkje fins nede i denne gigantiske kalderaen er giraffen. Dei 600 meter høge sidene på den 21 kilometer i diameter store kalderaen er for bratte til at den langbeinte giraffen tar sjansen på å gå ned. Men dei får garantert sjå giraff i Lake Manyara i morgon. Ein kaldera oppstår når visse typar vulkanar kollapsar ned i seg sjølv, både fordi magmakammeret under begynner å bli tomt, men også fordi dei kan vera veldig porøse sidan lavaen har skapt mange kanalar opp mot overflata. Nede i dette krateret er det i dag ein stor nasjonalpark, og dyrelivet er akkurat som det har vore i tusenvis av år. Å dra på safari i Afrika er ingen dyrepark eller zoologisk hage med utplasserte dyr og Disneyworld-fasilitetar. Dette er "the real thing" - og ingenting er vel som å komme berre meter unna ein løveflokk som ligg og kviler på dei store steppene. Dei kviler - men likevel speidar dei med svært oppmerksomme auge utover viddene - dagens middag må snart skaffast.
- Jarle




(Foto: Jan Magnar Klinkenberg)



(Foto: Thomas Richardsen)

LØRDAG 15. SEPTEMBER

Hei! Kom til Kudu Lodge i mørket etter en flott sykkeltur og lunsj på Migunga. Det ble både dyr, kultur, bananøl og handel... Kl. 0800 i morgen drar vi til Ngorongoro. Alle gleder seg. Lala salama!
- Brit
Etter det eg antar var ein lang og solid feiring i går kveld, var det i dag tid for å starte andre del av Afrika-turen. Tre dagar på safari i nasjonalparkane Lake Manyara og Ngorongoro-krateret - begge er blant dei mest berømte og fascinerande nasjonalparkane dersom ein skal sjå Afrikas heilt spesielle dyreliv. I dag starta det heile med ein sykkel-safari der dei blant anna fekk sjå gaseller, sebraer, gnu og pelikaner på nært hold. Heldigvis går ikkje løvene og leopardane ut på dei store slettene der sykkel-safarien skjer. Då gjeld det i tilfelle å ikkje vera sistemann i sykkelfeltet... Dei besøkte også ein masaai-landsby der dei får sjå korleis desse primitive stammene lever i jordhytter. Primitive etter vår materielle standard - men kanskje ikkje etter livskvalitet og livsglede.
- Jarle



(Foto: Nancy Schreiner)

FREDAG 14. SEPTEMBER



Beviset - LNS-gjengen på toppen av Kilimanjaro! (Får betre bilder seinare)
(Foto: Nancy Schreiner)

TORSDAG 13. SEPTEMBER

Alle på toppen!!! Fantastisk bra innsats... Det er litt av ein prestasjon at absolutt alle i ei gruppe på 18 personar når toppen av Kilimanjaro. Det skal bli spennande å høyre detaljar frå nattas toppstøt. Akkurat no kviler dei i leiren på 4880 moh, før dei seinare i dag går vidare ned til Millenium eller Mweka, der dei skal tilbringe si siste natt i telt.
- Jarle
(Eg har ikkje fått bilder frå gjengen på toppen endå, det er ofte vanskeleg å få gjennom bilder frå Kilimanjaro. Det afrikanske mobilnettet er ikkje heilt som det me er vant med... i alle fall ikkje høgt oppe på fjellet. Eg prøver å få dei til å sende i morgon så fort dei er nede frå i sivilisasjonen litt utpå dagen).

ONSDAG 12. SEPTEMBER

Frokost i sol og super utsikt mot Kibo og Mount Meru. Pole pole (sakte sakte på swahili...) til Barafu! Varm lunsj der. Gikk videre i tåke og hagl til high camp (4880m). Alle grugleder seg til nattens summitpush. Alle i fin form.
- Brit
I natt skjer det altså! Toppstøtet på Afrikas høgaste fjell. Brit, Eliezer og assistentguidene vil lede gruppa sakte men sikkert mot toppen. Eg reknar med å få ein telefon i morgon tidleg. Sjekk nettsida då for å finne ut korleis det har gått. Fekk i dag fleire bilete frå turen. Sjå nedover i referatet for å sjå korleis dei har det på turen.
- Jarle


(Foto: Nancy Schreiner)

TYSDAG 11. SEPTEMBER

Dagen starta med den bratte og tøffe Breakfast Wall, ein "vegg" som ser vanskeleg ut på avstand. Men det åpenbarer seg ein fin og spektakulær sti oppover når ein kjem heilt inntil. Kanskje turens flottaste etappe? Vel over kanten fortsetter det litt småkupert bort til Karanga Camp, som også ligg på rundt 4000 meter. Brit melder at alle har det veldig bra. Dei få som kjente litt på hodepinen pga. høgda i går, har no blitt kvitt den. Dagens etappe var ein av dei kortaste, det er viktig å bruke resten av dagen på å kvile og restituere. I morgon er det også ein forholdsvis kort etappe opp til High Camp, men då startar toppstøtet ved midnatt. Dette begynner å bli spennande... Følg med!
- Jarle


Foto: Jan M. Klinkenberg


MANDAG 10. SEPTEMBER

Alle var med opp til Lawa Tower på dagens etappe, det er eit veldig tydeleg tegn på at det er ei sterk gruppe. Litt vind, tåke og hagl måtte vike for sol då dei nærma seg Barranc Camp (4000m). Evy sin bursdag vart feira med sang og kake... Dagens etappe er kanskje den tøffaste av alle på fjellet, bortsett frå toppstøtet. Leiren dei søv i i natt ligg på samme høgda som den dei låg i i går natt, dette er ein av grunnane til at Machame-ruta er så bra med tanke på akklimatisering. Walk high, sleep low!
- Jarle


SØNDAG 9. SEPTEMBER

Brit melder via satelitt-telefon om ein flott dagsmarsj opp til Shira Camp, som ligg på 3850m. Nokon få regndråpar i dag men stort sett flott utsikt ut over det afrikanske steppelandskapet langt der nede. Alle er i god form, nokre få kjenner litt på ein lett hodepine - men det er som normalt... No skin sola i leiren og dei kosar seg skikkeleg. Brit melder også om usedvanleg god stemning i gjengen - med så mange deltakarar nordfrå så er vel det også som normalt...,
- Jarle


LØRDAG 8. SEPTEMBER

Fin tur gjennom regnskogen uten en reggndråpe! 5,5 timer fra fra startpunktet til Machame Camp. Alle i fin form og klar for første natt i telt. Stjerneklart, men masse støv i leiren. Dala salama!
- Brit
Første etappe på Machame-ruta går i sin heilheit i regnskogen. Dei har kanskje vore heldige og sett apekattar og nokre fargerike fuglar. Når dei kom fram til leiren stod telta ferdig oppsatt og middagen var nesten ferdig. Bærarane, kokken og guidane på fjellet gjer ein kjempejobb for at alle skal ha det så fint som mogeleg. I natt blir det ein heilt spesiell atmosfære der telta står tett i tett, og stille mumling på Swahili frå bærarane er nok det siste våre venner høyrer før Ole Lukkøye kjem på besøk.
- Jarle

FREDAG 7. SEPTEMBER

Eventyret er i gang! Grytidleg i dag starta LNS-gjengen ferda mot Afrika og Kilimanjaro og akkurat no sit dei på flyet ein stad over Nord-Afrika. Det er nesten som ein ser forventningane og reisefeberen bobla på biletet under...
Fekk melding frå Brit i kveld om at flyturen gjekk fint og dei landa på skjema på Kilimanjaro International Airport. I kveld har dei hatt eit kort informasjonsmøte om morgondagen, og no er det berre å finne senga for siste gong på ei veke. Den neste veka er det sovepose og liggeunderlag som gjeld.
- Jarle

KLAR FOR AVREISE...

Så er det klart for årets største Kilimanjaro-gruppe så langt. Firmaet Leonhard Nilsen & Sønner AS (LNS) har det siste året gjort eit kjempeløft for å inspirere og motivere sine 850 ansatte til å fokusere på trening og helse. Mitt firma og Mykje Meir har sammen med ledelsen i LNS utarbeida eit prosjekt som no kuliminerer med at 36 LNS-ansatte drar til Kilimanjaro i haust. Den første gruppa på 17 deltakarar drar førstkommande fredag med Brit Volden som turledar. Dei siste 19 drar 23. november med Brynjulv Eide som turledar. LNS er blant Norges største entrepenørar og dei er spesialistar på å løysa krevande prosjekt på stader med vanskeleg logistikk. Kjerneverksemda er bygging av vegar og tunnelar, samt gruvedrift. LNS har verksemd på dei fleste kontinent, inkludert Antarktis...

Etter å ha forsøkt seg på Afrikas høgaste fjell skal dei på ein fantastisk safari i nasjonalparkane Lake Manyara og Ngorongoro-krateret, og dei fleste avsluttar turen med nokre late dagar på stranda i paradiset Zanzibar.

Følg med på denne sida framover. Eg legg ut oppdateringar og forhåpentlegvis ferske bilete etter kvart som dei nærmar seg toppen.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

Bilete frå tidlegare turar (Foto: Jarle Trå)