DAGBOK KILIMANJARO 7. JULI 2010

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

SØNDAG 18. JULI

Ein Afrika-tur full av uforgløymelege inntrykk er over. Dvs. ikkje for alle... Tone og Marit avsluttar opphaldet med nokre dagar på Zanzibar. Badeliv og varme sandstrender, det er vel den ideelle avslutninga etter Kilimanjaro-ekspedisjon og safari.

(Alle foto: Marit Tesdal)







TORSDAG 15. JULI

No er feiringa sannsynlegvis over og Afrikas ville dyr står på agendaen. Tre dagars safari i Lake Manyara og Ngorongoro, med overnatting på ein spesiell safari-lodge.

ONSDAG 14. JULI

Terje er 50 år i dag! Michael møter gjengen med kake og champagne når dei kjem ned til Mweka gate, punktet der dei har tatt sitt siste steg på veg ned att frå Kilimanjaro. Det blir nok litt av ein feiring i kveld - både 50 år og bestigning av Afrikas høgaste fjell.

TIRSDAG 13. JULI

ALLE NÅDDE TOPPEN! Klokka 06.30 fekk alle oppleve den fantastiske soloppgangen over Afrika frå Uhuru Peak (5895 m). Dei er no komme ned til Millenium Camp, 2000 meter lenger nede på fjellet. Dei er trøtte og slitne, men følelsen i kroppen er likevel utruleg god når du har stått på toppen av Afrikas høgaste fjell, ein av Seven Summits.

LØRDAG 10. JULI

Litt varierande mobildekning, men i dag fekk eg ein oppdatering frå Heidi. Dei er no i Barranco, ca. 4000 meter over havet. Dette er den tredje leiren, og dei har ein fantastisk utsikt både mot toppen og utover Afrika. Terje har ein solbrent nakke, men ellers står det bra til. Dei var i dag også opp på Lava Tower, eit hundre meter høgt tårn av lava. Litt småklyving for å nå toppen, men det er det verdt - det er eit flott utsiktspunkt.

MANDAG 5. JULI

Ei lita privat gruppe på 5 deltakarar uten norsk reiseledar er no i gang med dei aller siste forberedelsane før dei drar til Afrika førstkommande onsdag. Michael, Eliezer og alle dei andre står klar til å ta i mot dei i Tanzania, og sørga for at dei får sin livs opplevelse, i alle fall når det gjeld høge fjell! Dagen etter startar dei på sjølve fjellet og dersom alt går etter planen står dei på Afrikas tak tidleg om morgonen 13. juli. Deretter er det safari i Lake Manyara og Ngorongoro-krateret, og nokon av deltakarane skal avslutte Afrika-oppholdet på Zanzibars krittkvite strender.

Følg med her for oppdateringar undervegs. Dersom mobildekninga spelar på lag vert nettsida oppdatert stort sett kvar dag mens dei er på fjellet.