DAGBOK KILIMANJARO 30. NOVEMBER 2007


TYSDAG 11. DESEMBER: 40 OG 50 ÅRS FEIRING PÅ AFRIKAS TAK

Siren, Grethe og eg er no på Zanzibar og slapper av etter ein uforgløymeleg ekspedisjon og påfølgande safari. Inntrykka er så mange og så intense at me trenger nokre dager på stranda for at dei skal synke skikkeleg inn.

Turen vår gjekk veldig fint. Me fekk heile 15 av 16 på toppen - ikkje verst... Martin hadde ein halsbetennelse før avreise frå Norge, og dette gjorde at han vart sjuk også på fjellet. Han utvikla faktisk lungeødem, og han var svært svekka då han skulle gå ned igjen til Moshi. Det endte med sjukebåre (med hjul og dempesystem) nedover dei bratte stiane. På sjukehuset vart han tatt godt hånd om og han var heldigvis i stand til å vera med på safarien når me kom ned to dagar seinare.

Steinar hadde 40-års dag då me stod på toppen, og feirte det med gode venner og kollegaer på Afrikas tak. Men det ingen av oss visste var at det var ein 50-års jubilant blant oss også. Kjersti hadde holdt dette hemmelig og ingen visste noko før me tilfeldigvis såg datoen i passet hennes den dagen me registrerte oss inn i nasjonalparken. Dermed vart det dobbelt feiring, både 40 og 50-års jubileum.

Safarien var som vanleg spektakulær. I Tarangire fekk me sjå fire løver, mens i Lake Manyara såg me meir elefantar enn nokonsinne, over 20 totalt. Me vart også "angrepen" av ein gammal, gretten han-elefant. Han blåste i trompeten og kom jagande mot dei fire bilane som me satt i. Nokre av oss fekk også sjå ei løve i Lake Manyara. Me budde luksuriøst like i utkanten av Lake Manyara, og masaiane holdt vakt rundt bungalow-leiren slik at ikkje løvene skulle komma inn til oss.

No er det altså nokre dagar på Zanzibar, før eg drar heim igjen til Norge. I romjula, 29. desember, setter eg meg igjen på flyet i retning Kilimanjaro, også denne gongen med ei stor gruppe eventyrlystne nordmenn.

Stor takk til Martin Hindenes som har oppdatert sida mi mens me har vore på tur.

LØRDAG 8 DESEMBER
Kom ned igjen til Moshi i går. Me feirte bragden vår til ut i dei små nattetimer. Michael ordna massøser til hotellet... Satt på ein tak-terasse i Moshi og såg solnedgangen på Kilimanjaro med ein iskald Kilimanjaro-øl. Uforgløymeleg stund...

TORSDAG 6 DESEMBER
Alle 15 stod på Uhuru Peak i dag tidleg. Detaljar kjem når me er attende i sivilisasjonen.

ONSDAG 5 DESEMBER
Me ligg no i Kosovo Camp (4880moh) og kviler. Martin måtte avbryte i dag tidleg. Han har sannsynlegvis fått eit tilbakefall etter ein halsbetennelse han hadde rett før me reiste frå Norge. Resten er uforskamma sterke og eg reknar med at me står på toppen alle 16 grytidleg i morgon - akkurat når sola kastar sine første solstråler på kraterkanten. Magisk...

TIRSDAG 4 DESEMBER
Alle i Karanga Camp (4041moh). Jane og Hege i bra form igjen. Alle går til Barafu Camp i morgen, toppstøtet starter samme natt. Alle spente og superklare...

MANDAG 3 DESEMBER
Dei fleste nådde toppen av Lava Tower (4697moh) i dag. No er me i Barranco Camp (3930 moh). Jane og Hege hadde ein tøff dag i dag, men føler seg mykje bedre i kveld. No er det yatzy til langt på kveld. Helene knuste alle i går (men det var sikkert fordi ho sjølv førte regnskapet...)

SØNDAG 2 DESEMBER
Jambo! Alle i god form og i godt humør etter første natt på fjellet. Er no i Machame Camp, 3050 moh. Går idag opp til Shira Camp, 3800 moh. No skal me ha god frukost under åpen himmel og med Kilimanjaro bada i morgensol som bakteppe.

TORSDAG 29 NOVEMBER
I natt startar vinterens første Kilimanjaro-ekspedisjon!!! Ein stor gjeng (16 stk) er snart klar for det som for mange kanskje har vore ein draum i veldig mange år - å bestiga Afrikas høgaste fjell. Å oppleva soloppgangen på kraterkanten er ein opplevelse som ein aldri gløymer. Me drar frå Flesland grytidleg i morgon tidleg (fredag 30. nov) og me startar på sjølve ekpedisjonen laurdag morgon. Det vil komma oppdateringar på denne sida med jevne mellomrom, kvar dag når me nærmar oss toppen (med eit visst forbehold om at teknikken står oss bi...)

DEI SOM ER MED:
Steinar Nygård (blir 40 år når sola står opp på Afrikas tak...)
Arild Boge
Erling Espelid
Martin Vahl
Jon-Terje Lepsøy
Kjetil Bjørnberg
Hege Blix
Hilde Ringstad
Ivar M. Kvarekvål
Helene Netland
Jane Lindborg
Kjetil Bøe
Siren Larsen
Grethe Iversen
Kjersti Irene Småland
Nils Røynstrand