DAGBOK KILIMANJARO 28. SEPTEMBER 2008

 


Sjå fleire bilder
Første oppdatering nederst

Tirsdag 7.10
Me er no på veg heim igjen til Norge etter nokre flotte dagar på safari i Ngorongoro-krateret og Lake Manyara. Dvs. Birgitte, Agathe og Asbjørn skal tilbringa nokre late dagar på dei krittkvite strendene på Zanzibar. Det kan vera godt å ligga der og la alle inntrykka frå dei siste to vekene synka sakte inn... Safarien var som vanleg kjempeflott. Me såg det meste, blant anna mange løver, og me vart fråstjelt bananer som me hadde i bilen av ein usedvanleg frekk bavian! Me var på sykkelsafari i Lake Manyara, og me fekk ein sterk opplevelse då me besøkte ein Masai-landsby rett utanfor Ngorongoro-krateret. Avskjedsmiddagen på Aru Meru Riverlodge var som vanleg koselig men samtidig litt trist, då det var på tide å skilla lag. Nokre skulle altså til Zanzibar mens andre skulle heim igjen til Norge. Takk for nok ein fantastisk Afrika-tur!
(Bilder kjem snart)

Fredag 3.10
Alle på Uhuru Peak kl. 06.08 lokal tid. Som forventa gjekk det raskt - gjengen brukte faktisk under 5 timar til toppen... Nå skal me sove eit par timar før me går vidare ned til Mweka camp. Nå begynner feiringa!

Torsdag 2.10
Me er klare! Klokka 01.00 natt startar me toppstøtet. Alle er friske, sterke og supermotiverte. Alle helsar heim til familie og kjente. Kryss fingrar og tær for at me står på toppen rundt kl. 06.00 i morgen lokal tid.

Onsdag 1.10
Me kom fram til Karanga camp på godt under 4 timar. Dette er verkeleg ein sprek gjeng! Dette blir 3. natta på ca. 4000 moh, men frå og med i morgo går det berre ein veg - rett opp! Har hatt strålande og varmt vær i dag. No skal me ha kylling og pommes frites til lunsj. Deretter tar me oss sikkert ein rusletur rundt leiren. Utruleg flott utsikt over steppene 3000 meter under oss. Hadde me hatt ein kraftig kikkert hadde me sikkert sett både giraff og sebra...

Tysdag 30.09
Alle på Lava Tower (4700 moh) i dag. Kjempeprestasjon. Det virkar som om denne gjengen er immun mot høgdesjuke. No slappar me av i Barranco camp, ein av dei flottaste og mest spekakulere leirane. Kort marsj i morgo fram til Karanga camp, men tøff start opp Breakfast wall.

Mandag 29.09
Kom til Shira camp tidleg på dagen, me er no nesten 4000 moh. Ingen problem foreløpig. Strålande vær, varmt og godt. I morgon går me kanksje på Lava Tower viss forholda er fine. Alle helsar til alle heime!

Sundag 28.09
Me er framme i Machame Camp, første etappe på veg mot Uhuru Peak er gjennomført i god stil. Ingen problem så langt, og det virkar som dette er ein sprek gjeng. No får me popcorn og te i matteltet, ein liten forsmak på trerettars middagen me får litt seinare i kveld.

Fredag 26.09
Det er berre timar før me legg av gårde på årets haust-tur til Kilimanjaro. Ei fin lita gruppe på 7 personar møter på Flesland grytidleg på lørdag for å realisera det som mange av dei kanskje har drøymt om i årevis. Dersom alt går etter planen står me på toppen av Afrika tidleg om morgonen den 3. oktober. Følg med her for oppdateringar!

SJÅ FLEIRE BILDER