DAGBOK ACONCAGUA 28. JANUAR - 19. FEBRUAR 2022

 

Me er heime att i Noreg - her er nokre bilete frå ein fantastisk og uforgløymeleg tur.
(sjå dagboka frå denne turen lenger nede på denne sida)

- Jarle

Aco 18

Aco 2

Aco 18

Aco 18

Aco 18

Aco 18

Aco 18

Aco 18

Aco 18

Aco 18

Aco 18

Aco 18

Aco 18

Aco 18

Aco 18

Aco 18

Aco 18

Aco 18

(Alle foto: Jarle Trå)

 

TORSDAG 17. FEBRUAR

Me har kost oss i Mendoza dei siste dagane. I går besøkte me to vingårdar, og me fekk omvising og vinsmaking - samt ein utsøkt lunsj. Høgdepunktet var kanskje då me etter lunsjen la oss ned på picnick-tepper under store trær på plenen i den fantastiske hagen, mens me fekk servert det me ønska i glassa. I morgon setter me kursen heimover og me landar i Noreg på laurdag. Dette har vore ein fantastisk gjeng å dra på tur med, alltid positiv og i godt humør - uansett kva utfordringar me har måtta takle undervegs. Takk for turen alle saman! 

- Jarle

(Eg legg ut bilete frå turen på denne sida etter at eg kjem heim til Noreg. Sjekk innom her rett over helga så ligg det forhåpentlegvis masse bilete her). 

 

SUNDAG 13. FEBRUAR

Då er me nede att i base camp og har fått oss hamburger og Coca Cola - sivilisasjonens små gleder er store for oss no... Det vart eit tøft toppstøt for fleire i gruppa. Hadde du spurt meg 12 timar før toppstøtet starta hadde eg vore optimistisk for at alle kunne nå toppen. Men mageproblem ramma mange i dei siste timane før me starta, og dermed vart det tøft. Fleire måtte snu før traversen, men dei som fortsatte nådde toppen 10 timar etter at me starta - Kristin, Hilde, Rune, Odd Ingve, Jarle, Santi og Juan. Knallhardt dei siste timane opp Canaletaen, og kanskje 25 grader i solsteiken. "Heldigvis" kom skyene inn og gjorde det litt meir leveleg etter kvart. Me var sannsynlegvis dei aller siste personane på toppen denne sesongen. Fantastisk innsats av heile gjengen, både dei som nådde toppen og dei som måtte snu. I dag gjekk me ned att til base camp og i morgon går me ein svært lang etappe ut Horocones-dalen. Deretter skal me nyte Mendoza-området, biff og argentinsk vin i nokre dagar før me setter kursen heimover.

- Jarle

IMG 20220212 081805

 

LØRDAG 12. FEBRUAR - TOPPSTØT !

Då fekk eg akkurat melding frå Jarle: 4 stk nådde toppen ! Dette var Kristin, Hilde, Rune og Odd Ingve. Det var bra vær, men eit hardt toppstøt. No var dei akkurat komme ut av traversen ( ein lang travers på ca 6400 moh under toppen) på veg ned igjen .

Fantastisk innsats frå heile gjengen. No er kvile øverst på ønskelista for toppstøt gjengen. Meir info kjem ... :)

-Knut-

FREDAG 11. FEBRUAR

 

Då er gjengen på plass i camp 3 (Camp colera). på nesten 6000 moh. I natt lokal tid startar dei på toppstøtet og forhåpentligvis står dei på toppen på 6962 moh ut på ettermiddagen. Det kan bli sein norsk kveld før dei er nede i leiren igjen. Værmeldinga ser bra ut, litt kaldt og litt vind.

- Knut

ONSDAG 9. FEBRUAR

Melding frå Jarle via satellitt telefon no i kveld: No er me komme til camp 2, Nido de Condores, ca 5500 moh. Det går veldig bra med alle saman sjølv om det har vore ein tøff etappe opp her. I går feira me 30 års dagen til Hilde, og nokre dagar tidligare feira me bursdagen til Trine. Begge dagane med kake og champagne:)  I morgon kviler me her, før me går opp til camp 3 på fredag. No er det middag......

- Knut

TIRSDAG 8. FEBRUAR

Fekk melding av Jarle i kveld. Alle 11 pluss Jarle har det bra og er i fin form i camp Canada på ca 4950 moh. Både gruppa og været ser lovande ut, så me krysser fingrane for at dei akklimatiserar bra dei neste dagane.

- Knut

MÅNDAG 7. FEBRUAR

Siste kviledag i base camp. Fortsatt strålande vær. I morgon flyttar me til camp 1. Frå no av blir det oppdatering via satellitt-telefon, derfor sannsynlegvis litt stikkord-basert. Toppen når me sundag dersom ikkje værmeldingane gjer at me justerer planen. Kryss fingrane for oss...

- Jarle

 

SUNDAG 6. FEBRUAR
Bæredag opp til camp 1 med utstyr. 650 høgdemeter rett opp lia, i sikksakk heilt til me ankom Camp Canada på 4910m. Denne leiren ligg altså 100 meter høgare enn Mont Blanc, det høgaste fjellet i Alpane. Det gjekk bra med dei fleste, men dette var ein tøff dag for nokon. Fordelen er at me gjekk heilt ned att til base camp etter ein liten times pause der oppe, slik at me slepp å sove så høgt i natt. Dagen er turens til no varmaste, og det føles som 25 grader i base camp. Fleire av deltakarane tok turens første dusj i dag - utruleg deilig. I morgon blir det igjen kviledag, før me på tysdag forlater base camp for godt. Den avgjerande fasen av ekspedisjonen er snart i gang.
- Jarle

 

LAURDAG 5. FEBRUAR

Kviledag i base camp. Me nyter eit fantastisk vær, ruslar litt i nærområdet, og sørger for at me får i oss nok drikke. Det er noko av det viktigaste på høge fjell - å drikke nok. Akklimatisering krever mykje av kroppen, og det er viktig å gjera ting på riktig måte. Apetitten forsvinn også i høgda - men så god mat som kokkane lagar i base camp så merkar me ikkje så mykje til det... Base camp er ein livleg plass med hundrevis av store og små telt. Den ligg på breen, men sidan det er store morenemassar oppå så ser me ikkje noko til isen akkurat her. Ingvild måtte dessverre forlate oss i går med mild høgdesyke. Synd, ho var ei av dei sterkaste i gruppa og blir alt sakna veldig av mange. 

- Jarle

 

FREDAG 4. FEBRUAR
I dag var gjengen opp på Mont Bonete (5100m). Ein flott topp rett opp frå base camp med fantastisk utsikt over mot Aconcagua. Litt småklyving var det også, så dette var ein flott test før Aconcagua. Neste gong me skal høgare opp enn base camp blir om to dagar då me går opp til Camp Canada (camp 1) med litt utstyr og mat. Guidane våre, Juan, Santi og Javier, gjer ein kjempejobb for oss, og me har heller ikkje mykje å klage på når det gjelder matservering. Tre retters middag, og to retters lunsj. Me nyter det så lenge det varer, når me kjem høgare opp på fjellet blir det enklare forhold...
- Jarle

 

TORSDAG 3. FEBRUAR 

Kviledag i base camp i dag. Fortjent, etter ein lang etappe i går. Det er 18 kilometer frå Confluencia til base camp, og med all stigning på slutten vart det ei tøff økt for fleire. Men i dag er alle i fin form att, og me nyter dei fantastiske omgivelsane. Aconcagua ruvar rett over oss på ein spektakulær måte, spesielt når sola går ned. Dette er ein flott gjeng som går veldig bra saman, og latteren rungar både i matteltet og mens me går. No ser me fram til ein betre lunsj og så tar me oss ein kort tur i nærområdet rundt leiren.

- Jarle

IMG 20220203 211913

 

TYSDAG 1. FEBRUAR 

I dag har me hatt ein fantastisk akklimatiseringstur inn til Plaza Francia ved foten av den 3000 meter høge sørveggen av Aconcagua. Utruleg utsikt opp mot den nesten loddrette veggen. I går gjekk me første etappe inn til Confluencia i 25 grader. Alle har det bra og me gledar oss til morgendagens tur inn til base camp, som blir basen vår dei neste dagane. Biff og karamellpudding til middag i dag - me lider ingen nød!

- Jarle

 

SUNDAG 30. JANUAR

Handling og biff-eting har prega dagen. Litt artig var det at broren til Manuel i "Hotell i særklasse" serverte oss, og at forvirringa var total då stakkaren fullstendig mista oversikt over antall vinglas og flasker. Viss ikkje Ingvild og Jorunn hadde grepe inn og rekna ut kva kvar skulle betale hadde me vore der endå. 

- Jarle

IMG 20220130 213937

IMG 20220130 201849

IMG 20220130 225101
IMG 20220130 225629
 
LAURDAG 29. JANUAR

Ein lang flytur er over og me er på plass i Mendoza ved foten av Andesfjella. I morgon skal me gjera dei siste innkjøpa og forberedelsene før me startar på fjellet på måndag. I kveld tok me det heilt med ro og koste oss på ein av Mendozas mange grill-restauranter. Stemninga er på topp og me gledar oss veldig til å komme i gang på fjellet. 

- Jarle

IMG 20220129 221700

 

FREDAG 28. JANUAR

Då er me i gang. Ingvild nyttar sjansen til ei ekstra treningsøkt på flyplassen i Frankfurt, mens Trym og Jan Ove betrakter dette som ein kviledag. 

- Jarle

IMG 20220128 170412

 

ACONCAGUA - DET HØGASTE FJELLET I VERDA UTANFOR HIMALAYA

Så er me endeleg klar for tur att! Etter to års stillstand er det godt å komma i gang att - både for deltakarar som måtte utsetta turen i fjor, og for meg som arrangør.

13 deltakarar er i innspurten med forberedelsar og pakking, og ein avansert form for reisefeber herjar blant dei alle no. Trine, Dagfinn, Ramona, Siv, Rune, Odd Ingve, Irvin, Jan Ove, Ingvild, Hilde, Jorunn, Kristine og Trym er snart klar for avreise. På fredag setter me oss på flyet i retning Sør-Amerika.

Eg ledar turen saman med Juan og Javier, våre dyktige lokale guidar. Saman skal me forsøka oss på eit fjell som er nesten 7000 meter høgt. Aconcagua ligg i Andesfjella i Argentina, nesten på grensa til Chile. Fjellet er 6962 meter høgt, og dermed det høgaste fjellet i Sør-Amerika. Det er det høgaste fjellet sør for ekvator, så når du står på toppen er du det høgaste mennesket i heile verda, sidan det som regel ikkje er noko klatring på dei fjella som er høgare på den nordlege halvkule på vinteren.

Pga. pandemien har dei argentinske myndigheitene gjort endringar i reglane i år, så me går Horocones-ruta inn til Plaza de Mulas, base campen vår. Me brukar tre dagar på å gå inn til denne leiren.

Så følger fase to av ekspedisjonen, der me akklimatiserer frå den komfortable (alt er relativt...) base campen vår. Dette varer sannsynlegvis i fem dagar, der me går dagsturar men overnattar i base camp. 

Den tredje og siste delen av ekspedisjonen startar når me forlater base camp og startar å etablere leirar oppover fjellet. Me bærer med oss alt utstyret og totalt skal me ha tre leirar over base camp før me står på toppen. Dersom værgudane (og alle andre gudar) spelar på lag, vil me stå på toppen 13. februar, men det kan bli både ein og to dagar etter (og kanskje også før). 

På denne sida kan du lesa oppdateringar etter kvart som ekspedisjonen skrider fram. Oppdateringar kjem nok ikkje kvar dag, men me skal prøva å halda dykk oppdatert om det som skjer på fjellet med få dagars mellomrom.

Les meir om turen her (som nevnt går me ei anna rute og det medfører eit litt anna dagsprogram enn det som står på nettsida).

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka.

Blir du frista til å prøva deg på Aconcagua også? Eg arrangerer denne ekspedisjonen kvar vinter. Sjå turkalendaren min for datoar framover.

 

Bilete frå tidlegare turar (Foto: Jarle Trå og Brynjulv Eide)

aconocagua 03

aconocagua 03

aconocagua 03