DAGBOK KILIMANJARO 27. DESEMBER 2012

 

På Stella Point - berre ein halvtime igjen til toppen...

På Afrikas tak - Uhuru Peak, 5895 moh.


Foto: Thor Småbrekke











(Foto: Knut Ådne Findreng)

MANDAG 7. JANUAR 2013


Akkurat no sit gjengen på flyet attende til gamlelandet, fulle av inntrykk av ekstrem natur, spektakulært dyreliv og eksotisk kultur. Denne turen er så mykje meir enn berre ein fjelltur. Eg reknar med at omveltningen til norsk temperatur og daglegliv vert brå for dei fleste. Gårsdagen vart brukt til ein morgonsafari i Lake Manyara, før dei køyrte i retning flyplassen og nattflyet til Amsterdam. Knut er igjen i Moshi, han møter om få dagar ei ny stor gruppe på flyplassen, klar for eventyret...
- Jarle

LØRDAG 5. JANUAR 2013


Snakka med Knut i det ein kollossal tordenstorm kom inn over lodgen dei bur på. Ut frå reaksjonen hans (latteren?) var det ikkje småtteri, verken med nedbør eller tordensmell... I dag har dei hatt ein fantastisk dag i Ngorongoro-krateret, der dei fekk sjå det aller meste av Afrikas dyreliv. Løve, neshorn, flodhest, elefant, sebra, gnu, antilope, bøffel, gaselle osv. Hilde forlot gjengen i etterdag, sidan ho må heim igjen ein dag før dei andre. Resten av gjengen skal ha ein formiddagssafari i Lake Manyara i morgon, før dei setter kursen mot flyplassen på kvelden.
- Jarle

FREDAG 4. JANUAR 2013


Bra dag i Afrika! Køyrte til Lake Manyara og hadde ein fin sykkelsafari i utkanten av nasjonalparken. I kveld har me avslutta quizen me har hatt kvar kveld etter middag. Inge vart den verdige vinnaren etter ekstraspørsmål... I morgon er det Ngorongoro-krateret som står for tur.
- Knut

Etter at dei kom ned igjen til sivilisasjonen i går ettermiddag, var det temmeleg sikkert ein varm dusj som stod øverst på ønskelista. No er det over ei veke sidan sist... Bragden på fjellet vart feira med middag på Kindoroko hotell i sentrum av Moshi. I dag starta safari-delen av turen, dei neste tre dagane skal dei utforska Afrikas natur og dyreliv. Dei vil sjå det aller meste av Afrikas spesielle dyr, og det er ingen zoologisk hage det er snakk om - dyra lever slik dei har gjort i millionar av år. Områda er no gigantiske nasjonalparkar, men ellers er alt som det alltid har vore.
- Jarle

TORSDAG 3. JANUAR 2013


Gjengen før start for ei veke sidan.

Utsikta frå hotellet mot Kilimanjaro.

(Foto: Knut Horvei)

ONSDAG 2. JANUAR 2013


Kom oss ned til millenium litt utpå ettermiddagen idag. Det snødde og regna heile vegen, så alt er kliss klass att :) Men gjengen er svært fornøyd etter nattas bragd... Gleder oss til 30 plussgrader og dusj nå!
- Knut

Dag 5 ankom vi camp 6 etter 4,5 t, og en seig bratt siste bakke. Så kvilte vi oss fra kl 19-2230, da var det bare å gjøre seg klar til toppstøtet! Alle litt spent, fikk i seg litt mat. Vi begynte å gå kl 2330, hodelykter og tendens til kø av andre toppstøtere. Var bratt! Folk var slitne og det gikk tungt oppover,.... Men for en gjeng!!! Vi klarte å komme til topps alle 7!!! 5895 moh. Fantastisk følelse, alle stolte av seg sjøl med god grunn! 9 t opp og 3 t ned. Litt kvile før 2 t ned til camp 6 for popcorn og tea time og skrøner om dagens bragd!
- Hilde

Alle på toppen!!!!
Kjempebra innsats av alle. Knut melder om at dei no er nede i leiren igjen og prøver å slappe av litt før dei går eit stykke vidare nedover fjellet i ettermidddag. Dei starta i 2300-tida frå leiren og gjekk gjennom natta over 1200 høgdemeter til toppen av Uhuru Peak, det aller høgaste punktet på kraterkanten. Dei gjekk med hodelykter oppover dei bratte svingane, og det er eit heilt spesielt syn når ein kikkar nedover vulkanen og ser andre store grupper som kjem oppover - dvs. ein ser berre mange hodelykter som bevegar seg sakte oppover i sikk-sakk. I bakgrunnen langt der nede ser ein det svake lyset frå små afrikanske landsbyar. Ellers er det berre stjernehimmelen og månen over deg. Det er verkeleg ein stemning som ein aldri gløymer.
- Jarle

TYSDAG 1. JANUAR 2013


Knut fortel at gruppa hadde ein fin tur opp til Barafu. Greit vær i dag, men fleire merka litt til høgda. Denne leiren ligg heilt oppe på 4600 meter. Etter middag blir det å forsøke å få seg litt søvn fram til toppstøtet startar ca. kl. 2300. No er det berre å kryssa fingrane for at alt går bra i natt. Følg med her i morgon tidleg...
- Jarle

Godt nyttår fra Afrikas tak! Vi hadde en fin feiring i går kveld med tre retters middag, som er vanlig, medbrakt seranoskinke og aprikoser. Kl 21 hadde vi jo bestemt at det var 2013 så da bobler, kake og live afrikansk sang. Julenøttene går sin gang, og alle vet nå at du kan kremeres selv om du har silikon pupper. Nå er det nydelig sol og utsikt fra campen. Kl er 7 og vi begynner å gjøre oss klar til siste etappe før toppstøtet i natt. Blogges!
- Hilde

MANDAG 31. DESEMBER - GODT NYTTÅR!!!


Ei spesiell nyttårsfeiring står for døra for gjengen på Kilimanjaro. Med den briljante stjernehimmelen som naturens eige festfyrverkeri i bakgrunnen, feirar dei no det nye året med kake og champagne. Dagens etappe var forholdsvis kort i forhold til dei andre dagsetappane. Dei er i natt i Karanga Camp, ca. 4000 meter over havet. I morgon begynner dei på den aller siste motbakken til toppen. Den er 2000 høgdemeter lang...
- Jarle
(Eg veit at Hilde har sendt ein oppdatering frå fjellet i kveld, men den er endå ikkje mottatt her heime. Eg legg den ut så fort eg mottar den).

SUNDAG 30. DESEMBER


Jambo, jambo! Etappe tre lang dag, innom 4400 og er nå på camp 3, 3950 moh, 6 timer ( normalt 7...) med tåke, regn,hagl,snø og regn igjen. En positiv ting med det er at det ikke er så leit at Egil blei fratatt solkremen på flyplassen i Amsterdam. Tidlig kveld, og klar for Breakfast wall i morgen. Julenøttene topper kvelden, og det er stor spenning. Fin form, god stemning!
- Hilde

LØRDAG 29. DESEMBER


Jambo! Det er hei i Tanzania...
Topp topp tur med topp folk! Vi har nå nådd mål 2 på turen etter to etapper fra 1800 moh til 3000 moh og nå har vi rigget oss for natten på 3800 moh. Alle er i fin form, noen følt seg litt sjøsjuk gjennom dagen, men kureres foreløpig med ginseng og druesukker. Maten er god, og vårt eget dotelt funker bra. Om kvelden er det julenøtter, tre spørsmål hver kveld og en vinner skal kåres etter 6 runder og 18 spørsmål, det er allerede klart at noen er dårligere tapere enn andre.... Det regner litt i dag, men vi vestlendinger lar oss ikke skremme! Nå kortspill og kransekake før tidlig kveld. Lang etappe i morgen, så her er det god form og god stemning!!
- Hilde

Me er no på plass i Shira Camp. Me har hatt tidenes regnvær dei to siste dagane, men alle er i god form og i veldig godt humør :)
- Knut

Regn er forholdsvis uvanleg på Kilimanjaro, i alle fall om ein ser bort frå den første og siste dagen, då ein er nede i regnskogen. Og no er ein i tillegg midt inne i den lengste tørre perioden i området rundt Kilimanjaro, regntidene er i mars – juni og i oktober – november. Men været styrer ingen, og det kan sjølvsagt bli regn i dei tørre periodane også. Dei er no 3850 meter over havet og har lagt bak seg 2000 høgdemeter med stigning dei to siste dagane. Utsikta frå Shira er formidabel og spesielt solnedgangen kan bli spektakulær frå denne leiren.
- Jarle

TORSDAG 27. DESEMBER


Gjengen er no samla på hotellet i Moshi etter ein lang flytur via Amsterdam og Nairobi. For dei fleste er det første gongen i Afrika, og varmen som møtte dei då dei kom ut av flyet etterlot nok liten tvil om at dei er omtrent på ekvator. Knut og sjefsguiden Dickson har hatt ein briefing med dei i dag, for å informera om dei siste detaljane. I morgon tidleg blir dei køyrt opp til porten inn til Kilimanjaro nasjonalpark, Machame Gate. Der startar den første dagsetappen. No er det nok ein del spente sjeler som ligg i sengene sine og prøver å sova. I morgon startar eventyret...
- Jarle

ÅRETS SISTE KILIMANJARO-GRUPPE KLAR TIL AVREISE


Mens dei fleste akkurat no har hovedfokus på dei aller siste julegavene og å få ribbesvoren perfekt, er det ein liten gjeng som har fokuset sitt heilt andre stader. 2. juledag drar Egil, Thor, Ingrid, Hilde, Torgunn, Inge og Mads sammen med turledar Knut og Knut Ådne til Kilimanjaro. Denne private gruppa kjem til å feire nyttårsaftan i Karanga Camp høgt over Afrikas stepper og savanner. Tidleg om morgonen 2. nyttårsdag får dei forhåpentlegvis oppleva utsikta frå toppen av Kilimanjaro.

Etter å ha forsøkt seg på Afrikas høgaste fjell skal dei på ein fantastisk safari i nasjonalparkane Lake Manyara og Ngorongoro-krateret.

Følg med på denne sida framover. Eg legg ut oppdateringar og forhåpentlegvis ferske bilete etter kvart som dei nærmar seg toppen.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

(Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Knut Horvei)