DAGBOK ELBRUS 2013

 

LØRDAG 6. JULI


Feiringa i går var solid så vidt eg forstår på Knut, og både bar og dansegolv vart dominert av vår gjeng. Sjølv om gjengen har vore flinke å sende bilder frå turen, har eg dessverre ikkje fått nokon frå dansegolvet... Ellers var dei i dag på ein fin 4-timars tur innover dalen frå Terskol mot Elbrus. I morgon kveld er dei heime i gamlelandet att, fulle av inntrykk og heilt sikkert stolte over å ha klart målet sitt - å stå på toppen av Europas høgaste fjell!
- Jarle

 

TORSDAG 4. JULI



Alle på toppen!
Eg snakka akkurat med Knut som kunne overbringa den gledelege nyheita om at alle stod på toppen av Elbrus kl. 11.30 lokal tid (09.30 norsk tid). Dei fekk heldigvis betre vær enn det som var forventa, og hadde til og med utsikt frå toppen! Når eg snakka med han var dei i sadelen rett under toppen, på veg nedatt til Diesel hut. Gratulerar til heile gjengen med ein kjempeprestasjon! No skal det feirast på ekte russisk vis – det fortjener dei no…
- Jarle

 

ONSDAG 3. JULI


Knut melder at beslutninga no er tatt. Toppstøtet skjer i morgon tidleg til tross for at værmeldingane ikkje er heilt optimale. Men fordelen er at det ikkje er meldt noko særleg vind, det er viktigare enn om det er nedbør eller ikkje. Dei startar i 3-4-tida lokal tid og brukar rundt 7-8 timar til topps. Kryss fingrane og følg med her – dette blir spennande!
- Jarle

 


Fantastisk kokk ! (Foto: Laila Veronika Østbø)

 


Gjengen lufter seg utenfor Diesel hut (Foto: Laila Veronika Østbø)

 


Lasse tester ut bestefars lue (Foto: Laila Veronika Østbø)

 

TYSDAG 2. JULI


Dagens utflukt gjekk opp til toppen av Pahstuna rocks (ca. 4800 moh.) Sol og delvis tåke. Alle stort sett i god form. Me gjekk 09:15 og var nede igjen til 13:30. I natt var det skikkelig uvær og det rista godt i hytta, men det gav seg i dag tidleg. I morgo er det kviledag og litt isøks-trening.
- Knut

 

Dei er altså no på den øverste hytta, Diesel hut, på ca. 4000 meter. Her skal dei gjennomføra den siste delen av akklimatiseringa før toppstøtet som sannsynlegvis skjer på torsdag dersom været er med dei. Elbrus er ei tvillingtopp, dvs. at den har to nesten like høge toppar, med ein sadel mellom. På toppstøtet må dei først ta seg opp dei lange snøbakkane opp til sadelen, for til slutt å stige bratt opp dei siste 3-400 høgdemetrane til vesttoppen som er den høgaste av dei to
- Jarle.

 


Utedo med utsikt! (Foto: Laila Veronika Østbø)

 


Knut og Atle i Diesel hut ( ca 4000m) (Foto: Laila Veronika Østbø)

 

 

MÅNDAG 1. JULI


Då har me komme oss til Diesel hut. Fin tur opp og fint vær. Tok ein ekstra tur opp til 4300m. No på kveldinga kjem det inn litt skyer, vind, torden og snø, men det er meldt greitt nok vær dei neste dagane. Kjempestemning i gruppa. Veldig spesiell do-opplevelse her på hytta. Do-papiret kjem gjerne i retur opp med vinden, så ein må væra klare til å skygge unna :) Me kosar oss!
- Knut

 

SUNDAG 30. JUNI - KVELD


I dag har me gått heilt opp til Diesel hut, i tidenes beste vær! Heilt fantastisk. Sprek gruppe og flott humør. Nokon var ekstra spreke og gjekk ned igjen også, mens resten tok gondolbanen. No sitter me med kjempeutsikt i sola og slapper av og tørker sko:) I morgon flytter me camp opp til Diesel hut.
- Knut

 


(Foto: Laila Veronika Østbø)

 


(Foto: Laila Veronika Østbø)

 


Fiona og Lasse på veg mot Diesel hut (Foto: Knut Horvei)

 

SUNDAG 30. JUNI - MORGON


Knut melder at all bagasje no er på plass på hytta, været er strålande og dei er klar for å gå ut på tur. Tenker stemninga er høg no! Hytta dei bur på no på ca. 3000 moh. er ein perfekt plass å akklimatisere. Dei går høgare om dagen, men søv altså på 3000 meter. Walk high, sleep low – ein velkjent taktikk innan akklimatisering. Og i tillegg er det ei utruleg flott utsikt frå terassen på denne hytta, der den ligg heilt på kanten av eit voldsomt stup.
- Jarle

 


May Britt og Fredrik gjer seg klar for dagens tur (Foto: Laila Veronika Østbø)

 


Laila på Mt. Cheget (Foto: Laila Veronika Østbø)

 


Turledar Knut, Trond er linselus i bakgrunnen... (Foto: Laila Veronika Østbø)

 

LØRDAG 29. JUNI


Avslapping utanfor hytta på 3000 moh. (Foto: May Britt Skåre)

 

FREDAG 28. JUNI - KVELD


Me har hatt ein strålande tur opp på Mt. Cheget på 3400 moh. Fantastisk dag med fint vær. Når me kom ned fekk me vita at bagasjen vår skal komme i kveld. Perfekt! Lasse har berre sett bagasjen sin 10 minutt sidan me forlot Norge:) Det har begynt å regne litt no i kveld og det er meldt litt snø og vind framover, men me satsar på det gir seg til me skal oppover. Er faktisk meldt nesten 1 meter med snø på Elbrus.
Fantastisk gjeng!
- Knut

 

Seinare i kveld var fortsatt ikkje bagasjen kommen til hotellet sjølv om flyplassen sa den er sendt oppover. Me satsar på at den er der i morgon tidleg, slik at dei får flytta opp på fjellhytta som planlagt i morgon.
- Jarle

 

Panorama frå toppen av Mt. Cheget (Foto: May Britt Skåre)

 


Atle med Elbrus i bakgrunnen (Foto: Knut Horvei)

 


(Foto: Knut Horvei)

 

 

FREDAG 28. JUNI - MORGON


Dei har no ankomme Cheget, den vesle landsbyen ved foten av Elbrus. Elbrus er eigentleg ein gammal utdøydd vulkan som står rett nord for sjølve Kaukasus-fjellkjeda. Resten av fjellkjeda er ein «vanleg» alpin fjellkjede med skartpe tindar og loddrette veggar. Utsikta frå Elbrus mot dei andre fjella er derfor ei av dei flottaste panoramaene du kan tenka deg. I dag går dei sannsynlegvis den første akklimatiseringsturen opp til Mount Cheget, der dei har flantastisk utsikt både mot Elbrus og dei andre fjella i området. Alt står bra til med gjengen vår, bortsett frå litt meir bagasjetrøbbel… Nesten ingen fekk bagasjen då dei landa i Mineralnye Vody i går, men sidan det gjeld heile 60 personar på det samme flyet er det store sjansar for at den dukkar opp i dag. Lasse sin bagasje ankom heldigvis Moskva før dei reiste vidare til Cheget.
- Jarle

 


Den røde plass! (Foto: Laila Veronika Østbø)

 


Hanne... (Foto: Laila Veronika Østbø)

 

 

ONSDAG 26. JUNI


Knut melder om ein sliten gjeng som no har funne senga på Cosmos hotell i Moskva. Dei fleste måtte svært tidleg opp i dag tidleg så dagen har vore lang. Men alt gjekk greitt med flyturen, bortsett frå at bagasjen til Lasse ikkje dukka opp på rullebandet. Den kjem forhåpentlegvis innan dei flyr vidare frå Moskva til Mineralnye Vody i morgon kveld. I dag har dei tatt den berømte t-banen inn til Kreml og den røde plass. I morgon er det endå meir sightseeing før dei setter kursen mot Kaukasus.
- Jarle

 

MÅNDAG 24. JUNI


Elbrus 2013-gjengen er klar til avreise. På onsdag drar Fiona, Lasse, Fredrik, Atle, Trond Arne, Aud, Hildegunn, Hanne, May Britt og Laila for å prøva seg på Europas høgaste fjell, Elbrus, 5642 meter over havet. Knut Horvei ledar gjengen i år som i fjor. Dei får også oppleve Russlands hovedstad Moskva. Dette er ein tur der du verkeleg får oppleva mykje av Russland - både det urbane Moskva og livet i dei meir fattige delane av landet - og sjølvsagt storslagen fjellnatur. Kaukasus er ein av dei flottaste og villaste fjellkjedane i verda. Følg med her for oppdateringar undervegs i ekspedisjonen.

 

Sjå dagsprogram og alle detaljane om turen her
Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

Bilete frå ein tidlegare tur (Foto: Brynjulv Eide)

 





Foto: Tor André Grimsmo