DAGBOK NEWTONTOPPEN 24. APRil - 7. MAI 2014 (Gruppe 2)

 

 

TYSDAG 6. MAI


Dei er no tilbake i Longyearbyen etter å ha blitt henta av snøscooterar i formiddag. Transporten gjekk heilt etter planen og heldigvis var ikkje vinden så kraftig som meldt i dag heller. Dei gjekk ein lang dagsetappe i går, heilt sør til Rabotbreen. I kveld blir det avslutningsmiddag og sannsynlegvis ut å sjekke utelivet i Longyearbyen. Huset er ein av dei myteomspunne uteplassane som ein nesten må besøka når ein først er på Svalbard. Ein kjempefin skitur er over og dere som ventar heime kan gleda dere til å få sjå bileta som dei har tatt undervegs. Takk for at du fulgte med her undervegs... Dersom du vil vera med på tur også så hugs at eg arrangerar skiturar på Svalbard kvar vår.
- Jarle

 

 

 

 

SUNDAG 4. MAI


Gjengen har i dag gått ein spennande dagstur ned til Tempelfjorden og sett på den imponerande brefronten der Tunabreen møter fjorden. Dei såg mange ferske spor etter bamsen, men ikkje sjefen sjølv. Påskevær også i dag, men i morgon skal det begynna å blåsa igjen. Sondre skryter voldsomt av gjengen, det er ein erfaren og flink gjeng som veit korleis dei skal oppføra seg i polare strøk. Alle hjelper til med å etablere og sikre leiren mot vind og uvær kvar kveld. Også dei kveldane været er fint er dette viktig fordi ein ikkje har lyst å bli overraska av dårleg vær midt på natta utan at alt er på stell.
- Jarle

 

 

LØRDAG 3. MAI


Sondre melder om ein fantastisk dag med vindstille og strålande sol. Då han ringte hadde dei akkurat komme ned frå toppen av Panoramaberget (807m) som ligg øverst på Von Postbreen. Frå denne toppen hadde dei ei makalaus utsikt frå Tempelfjorden i vest til havet i aust. Og utalege nunatakkar og fjell som stikk opp av breen over alt rundt dei - Svalbard i all sin prakt! No går dei litt nedover Von Postbreen der dei etablerer ein leir som dei sannsynlegvis kjem til å bu i to netter på rad. I morgon går dei etter planen ein dagstur ned til Tempelfjorden.
- Jarle

 

 

FREDAG 2. MAI


Dei har no slått leir på toppen av Rembebreen. I morgon er planen å gå ned denne og deretter svinga mellom nunatakane mot sør, opp mot Panoramaberget som dei kanskje prøver å bestige. Frå toppen av dette fjellet er dei flott utsikt mot dei austlege delane av Spitsbergen. I dag har dei hatt god medvind, men ingen sikt. Værmeldingane spår påskevær dei neste dagane, kanskje ikkje temperaturmessig... men i alle fall meiner dei at det skal bli vindstille og strålande sol. Perfekt fordi det området dei går inn i no er veldig spektakulært.
- Jarle

 

 

TORSDAG 1. MAI


Sondre og gjengen bestemte seg i dag for å prioritere å sjå andre ting enn toppen av Newtontoppen. Sidan været har sørga for at dei ikkje har fått gått lange nok etappar ville det blitt hektisk dersom dei skulle fortsetta nordover til Newtontoppen, dei kunne fort komma i ein situasjon der dei får problem med å nå tilbake til punktet der dei skal plukkast opp på tysdag. Då var stemningen i gruppa heilt klar på at i staden for å stresse for å nå Newtontoppen, prioriterer ein heller å gå Akademikarbreen sørover, bestiga eit fjell lenger sør, samt forhåpentlegvis å gå ned til Tempelfjorden og sjå den imponerande brefronten på Tunabreen. Der er det også store sjansar for å sjå bamsen. Dei gjekk 17 kilometer i dag. Med vinden i ryggen og godt føre var det heilt andre bollar enn det har vore dei siste dagane. - Jarle

 

Bilete frå ein tidlegare tur. Dersom dei går ned på Tempelfjorden får dei kanskje møta denne karen.... (Foto: Jarle Trå)

 

 

ONSDAG 30. APRIL


Snakka akkurat med Sondre på satelittelefon og dei har tilbrakt dagen i teltet og kraftig vind har hindra dei frå å forflytta seg i dag. Leiren er solid med høge leveggar og temperaturen er heilt ok, så dei kosar seg for så vidt i telta. Men dei hadde nok uansett ønska å få bevega seg i retning Newtontoppen i eit høgare tempe enn det dei har gjort dei siste dagane. Sondre og Jakob har begynt å vurdere ei alternativ rute sidan dei må vera tilbake på det samme punktet som dei starta turen seinast 6. mai. Det er nemleg ikkje lov å køyre med snøscooter nord for det punktet for andre enn fastbuande på Svalbard. Men det fins flust av flotte områder dei kan legga ruta gjennom - og fjell å bestiga. Så dersom det blir liggedag i morgon også blir ei alternativ rute nesten heilt sikkert valgt på veg sørover. Vinden skal løye meir og meir framover, men på Svalbard er det realiteten ute i felten som gjeld, ikkje kva værmeldinga seier.
- Jarle

 

 

TYSDAG 29. APRIL


Sondre og damene (og Jakob sjølvsagt...) har bevega seg 8 kilometer i dag, til tross for frisk vind. Det var nemleg nesten vindstille i dag tidleg og då vart det for fristande. Men vinden auka på utover dagen og til slutt måtte dei slå leir før det vart altfor kraftig. Dei er no innanfor rekkevidde av Newtontoppen på ein dag dersom dei får gått ein lang dagsetappe. Men i morgon ser det ut til at det kan bli tøft, for då er det meldt opp i 15 m/sek igjen.
- Jarle

 

 

MANDAG 28. APRIL


Vind opp i 16 m/sek har gjort at dagen i dag har blitt tilbrakt i leiren. Slik er det på Svalbard denne våren - hard vind og låge temperaturar har prega april. Januar, februar og mars var ekstremt mykje varmare enn normalen (ein fire-vekers periode var 15,4 grader varmare enn normalt). Dagen har blitt nytta til forsterking av telt og bygging av endå høgare leveggar. Og så har Sondre og Jakob hatt igloo-kurs med deltakarane, artig med litt avveksling frå lesing av bøker inne i teltet. Akkurat no har vinden roa seg veldig, men i morgon aukar den på igjen til det samme som i dag. Det kan derfor bli ein liggedag til.
- Jarle

 

 

SUNDAG 27. APRIL


Status i dag vart 18 kilometer i stort sett fine forhold. Litt skya, men minimalt med vind. Litt vindskavlar eit parti, ellers fint føre også. Alle taklar dei kalde nettene fint, akkurat no (kl. 19:30) anslår Sondre temperaturen til 15 grader utanfor teltet. Dei er fortsatt oppe på Lomonosovfonna og reknar med å bruke kanskje to dagar til fram til foten av Newtontoppen. I kveld er det høg fokus på å bygga ein solid lemur rundt leiren, forsterka barduner og å dekke snømatter med ekstra mykje snø, slik at dei kan stå av vinden som er meldt i morgon. Det kan då nemleg bli opp mot stiv kuling. Dersom det slår til blir det utan tvil liggedag. Å gå i stiv kuling er ein ting, men det største problemet er å rive og etablere leir. Ein kan ikkje risikere å miste utstyr, eller øydelegga det, i dei sterke vindkasta. Men me håpar at det ikkje blir fullt så sterk vind som værmeldingane spår, det er i alle fall ingen store lavtrykk på veg inn over Svalbard.
- Jarle

 

 

LØRDAG 26. APRIL


Snakka med Sondre i kveld og han kunne fortella at dei har gått ca. ei mil innover Filchnerfonna etter at dei vart satt av på toppen av Philippbreen ca. klokka 14:00 i dag. Transporten tok ca. 4 timar. Forholda dei går i er så bra som dei kan bli, 5-10 cm. pudder på hardt underlag. Dei ser den andre gjengen som Knut ledar 3 kilometer framfor seg. Ruta gjengen no håpar å gå avviker litt frå det som står på faktasida om turen. Sidan det i år ikkje er mogeleg å kryssa Tempelfjorden med snøscooter pga. dårlege isforhold, må dei starte lenger aust, etter å ha blitt køyrt opp Philippbreen. For dei som har lyst til å følga med på kartet så var snøscootertransporten som følger: Longyearbyen - Adventdalen - Sassendalen - Rabotbreen - toppen av Philippbreen (rett aust for fjellet Bikkja). Vær og temperatur vil bestemma den vidare ruta, men foreløpig går dei mot Newtontoppen og håpar å få besteget den som planlagt. Eg skal prøve å beskrive kvar dei til ei kvar tid er slik at du kan følge med på kartet. For å sjå kor fantastisk flott det er på Svalbard akkurat no anbefaler eg nettkameraet som står i Longyearbyen. Anbefaler spesielt å gå inn seint på kvelden (natta...) for å sjå korleis midnattssola lyser opp fjellsidene (du kan også spole deg tilbake i tid).
- Jarle

 

Fine forhold på toppen av Philippbreen. Vindstille og varmt i sola. Turen er i gang!
(Foto: Brynjulv Eide)

 

 

FREDAG 25. APRIL


Sondre og Brynjulv har i dag organisert dei siste forberedelsane sammen med deltakarane før sjølve skituren startar i morgon. Telt skal settast opp og bensinbrennarar fyrast opp... det er viktig med litt instruksjon og opplæring før ein er langt ute i øydemarka med utstyr ein kanskje ikkje har så mykje erfaring med frå før. Pulkane skal pakkast på optimal måte, det tyngste skal ligga nederst for å sikra best mogeleg stabilitet slik at ikkje pulken veltar når det blir litt tverrbratt. Frysetørka middagar i alle sortar og variantar skal ned i pulken også - det er viktig med variasjon for ikkje å gå matlei i løpet av turen. Dumt å ha ein pulk full av seibiff dersom ein eigentleg ikkje ikar fisk... I morgon blir dei køyrt ut til startstaden med snøscooter. Turen dei har gleda seg til i månadsvis er snart i gang!
- Jarle

 

 

TYSDAG 22. APRIL


6 eventyrlystne jenter legg snart ut på den lange Newtontopp-turen vår. Torsdag starter turen med forberedelsar i Longyearbyen, mens utkøyring med snøscooter til startpunktet skjer på lørdag. Tone, Kathrine, Greta, Anette, Laila og Marthe er no klare til å starte på det store villmarkseventyret. Etter alt som har skjedd med vær og vind - og ikkje minst låge temperaturar - den siste tida, kan det hende at ruta må endrast litt, men me satsar foreløpig på at langtidsmeldingane tillater å ta turen heilt opp på dei store breane og ikkje minst sjølve Newtontoppen.

 

Dei svært erfarne Svalbard-guidane Sondre Pedersen og Jakob Sørbotten ledar gruppa gjennom ekte arktisk villmark på på den lengste skituren me arrangerer på Svalbard.

 

Dei blir først transportert med snøscooterar nordover frå Longyearbyen, til dei store breane sør for Newtontoppen (1713m), det høgaste fjellet på Svalbard. Denne turen går i verkeleg øde terreng, dei kjem nok ikkje til å møte mange andre på dei 11 dagane skituren pågår...

 


Følg med her for nyheiter undervegs, me satsar på å få til oppdateringar via satellitt-telefon ca. annakvar dag.

 

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

 

Dersom du vil følge med på kvar ruta går, sjå dette kartet. Eg skal prøve å forklare så nøyaktig i referatet at du lett kan følge med.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

(Bilete frå ein tidlegare tur, foto Jarle Trå)