DAGBOK NEWTONTOPPEN 23. APRIL - 7. MAI 2014 (gruppe 1)

 

TYSDAG 6. MAI


Dei er no tilbake i Longyearbyen etter å ha blitt henta av snøscooterar i formiddag. Transporten gjekk heilt etter planen og heldigvis var ikkje vinden så kraftig som meldt i dag heller. Ein kjempefin skitur er over og dere som ventar heime kan gleda dere til å få sjå bileta som dei har tatt undervegs. I kveld blir det avslutningsmiddag og sikkert feiring også. Utelivet på Svalbard er kjent for å vera noko heilt spesielt, berre det å traska heim i strålande midnattssol langt ut på natta er noko ein ikkje gløymer så lett. Takk for at du fulgte med her undervegs... Dersom du vil vera med på tur også så hugs at eg arrangerar skiturar på Svalbard kvar vår.
- Jarle

 

 

 

SUNDAG 4. MAI


32 kilometer viste GPS'en etter at dagens økt var over. Dei er no på toppen av Philippbreen. I morgon er det meldt kraftig vind frå sørvest, så det kan hende dei blir liggande her til uthentinga som skal skje på tysdag. Det blir sannsynlegvis ikkje værforhold til å gå langt i morgon.
- Jarle

 


Området dei har gått gjennom i dag (Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

 

 

LØRDAG 3. MAI


Etter den store dagen i går, med bestigning av Newtontoppen, har dei i dag lagt inn høg-giret og gått 25 kilometer sørover. Knut beskriver forholda som eventyrlege, fantastisk føre og vindstille. Dei ligg no oppe på sjølve Lomonosovfonna. Her oppe skin midnattssola no heile natta. Den gir ikkje spesielt varme midt på natta endå, men det blir i teorien mildare og mildare for kvar natt som går etter kvart som sola klatrar høgare og høgare.
- Jarle

 

 

 

FREDAG 2. MAI


Dei klarte det! Fekk akkurat inn eit bilete av gjengen på toppen av Svalbards høgaste fjell, Newtontoppen. Akkurat no nyter dei lunsjen sin 1713 meter over havet. Gratulerer!

 


Sjekk utsikten frå dagens lunsj... (Foto: Knut Horvei)

 

 

TORSDAG 1. MAI


Knut og gjengen ligg no ved foten av Newtontoppen, etter å ha lagt inn ein liten spurt i dag. Nesten ei mil gjekk dei i nesten null sikt. Godt å ha gode GPS-trekk å gå etter. No ventar dei på litt betre sikt for å foreta eit toppstøt. I morgon er siste dagen med vind (viss me skal tru værmeldingane...) og deretter er det meldt heilt vindstille og flott vær i fleire dagar framover. For dei som følger med på kartet så gjekk dei ned Keplerbreen til Kvitbreen i dag, og har no leiren der Ermakbreen renn sammen med Kvitbreen. Toppstøtet blir oppover den ikkje spesielt bratte Ermakbreen. No får me berre håpa at det åpnar seg eit værvindu før dei blir nøydd til å tenka på returen tilbake til punktet der dei skal plukkast opp på tysdag.
- Jarle

 

Bilete frå ein tidlegare tur. På veg opp mot Newtontoppen til høgre i biletet. (Foto: Jarle Trå)

 

 

ONSDAG 30. APRIL


Knut har faktisk mobildekning i dag, så i dag har kommunikasjonen gått via sms. Ny liggedag i dag. Snøstorm rundt leiren, spesielt no i kveld. No begynner det å bli eit spenningsmoment om dei når fram til Newtontoppen for å gjera eit forsøk på å bestiga den. Med den framdrifta dei har no kan det spøka for den planen. Det ser ut til å bli sterk vind i morgon også. Det kan kanskje bli litt mindre vind, men det er på grensa for om dei satsar på å gå vidare. Det går ei grense på rundt 10 m/sek, og det er akkurat der det kjem til å ligga i morgon. Følg med, dette blir reine thrilleren om dei klarer det eller ikkje...
- Jarle

 

 

TYSDAG 29. APRIL


Dei våkna til nesten vindstille og bestemte seg derfor for å starte å gå, inneforstått med at vinden skulle auke utover dagen. 11 kilometer vart det før dei valgte å slå leir igjen. Vinden var heilt klart på veg til å bli kraftigare og då er det viktig å ikkje venta for lenge med å slå leir. Dei nærmar seg no foten av Newtontoppen, får dei ein god dag så er dei der. Men vinden er spådd å bli kraftig også i morgon så det kan bli liggedag også då. Mykje fokus på vind i oppdateringane for tida... det positive er at frå fredag skal det bli lite vind i mange dagar framover. Men dessverre har det vore ein tendens i det siste til at desse rolege periodane stadig blir skyvd framover på meldingane. Men - vind klarer ikkje å ta motet frå gjengen - dei er ved godt mot og har fortsatt eit håp om å klare å bestige Newtontoppen. Me kryssar fingrane og håpar dei får lagt inn nokre gode dagsetappar snart.
- Jarle

 

 

MANDAG 28. APRIL


Vind opp i 16 m/sek har tvinga gjengen til å ta ein liggedag i dag. Og i følge værmeldingane kan det fort bli ein eller to liggedagar til før vinden roar seg. Eg høyrte på stemma til Knut at han var litt lei vind no... Dei fleste som går lange skiturar i Arktis syns det er heilt ok med ein liggedag av og til, men når det blir to - og i alle fall tre - etter kvarandre kan det bli litt frustrerande å halde seg i ro på den samme plassen. Men, no i ettermiddag/kveld har vinden roa seg litt, og Jakob har fått nytta den til å leika seg litt. Han har nemleg med seg kiten sin, og har flydd att og fram over fonna kun med vinden som framkomstmiddel.
- Jarle

 

Bilete frå ein stormdag på ein tidlegare tur

 

SUNDAG 27. APRIL


22 kilometer vart tilbakelagt i dag. Dei er fortsatt oppe på Lomonosovfonna og dersom ikkje vinden vert for sterk kjem dei seg kanskje fram til foten av Newtontoppen i morgon kveld - men det forutsetter ein forholdsvis lang etappe. Fortsatt fint vær og lite vind, men i kveld er det likevel høg fokus på å bygga ein solid lemur rundt leiren, forsterka barduner og å dekke snømatter med ekstra mykje snø, slik at dei kan stå av vinden som er meldt i morgon. Det kan då nemleg bli opp mot stiv kuling. Dersom det slår til blir det utan tvil liggedag. Å gå i stiv kuling er ein ting, men det største problemet er å rive og etablere leir. Ein kan ikkje risikere å miste utstyr, eller øydelegga det, i dei sterke vindkasta. Men me håpar at det ikkje blir fullt så sterk vind som værmeldingane spår, det er i alle fall ingen store lavtrykk på veg inn over Svalbard. Ellers kosar dei seg med snømelting og graving av kuldegrop inne i forteltet - begge deler viktige oppgåver kvar kveld når ein ute på vintercamping...
- Jarle

 

 

LØRDAG 26. APRIL


Knut melder om ei fantastisk midnattssol som badar leiren i kveldslys no kl. 23:00. Etappen i dag var prega av vindstille, varm sol (Knut gjekk utan jakke...) og fantastisk føre. Dei gjekk 15 kilometer i dag og i morgon satsar dei på å gå ein lang etappe vidare nordover på Lomonosovfonna. Ruta gjengen no håpar å gå avviker litt frå det som står på faktasida om turen. Sidan det i år ikkje er mogeleg å kryssa Tempelfjorden med snøscooter pga. dårlege isforhold, må dei starte lenger aust, etter å ha blitt køyrt opp Philippbreen. For dei som har lyst til å følga med på kartet så var snøscootertransporten som følger: Longyearbyen - Adventdalen - Sassendalen - Rabotbreen - toppen av Philippbreen (rett aust for fjellet Bikkja). Vær og temperatur vil bestemma den vidare ruta, men foreløpig går dei mot Newtontoppen og håpar å få besteget den som planlagt. Eg skal prøve å beskrive kvar dei til ei kvar tid er slik at du kan følge med på kartet. For å sjå kor fantastisk flott det er på Svalbard akkurat no anbefaler eg nettkameraet som står i Longyearbyen. Anbefaler spesielt å gå inn seint på kvelden (natta...) for å sjå korleis midnattssola lyser opp fjellsidene (du kan også spole deg tilbake i tid).
- Jarle

 

Fine forhold på toppen av Philippbreen. Vindstille og varmt i sola. Turen er i gang!
(Foto: Brynjulv Eide)

 

Klar for avreise frå Longyearbyen i dag tidleg. (Foto: Knut Horvei)

 

 

FREDAG 25. APRIL


Gjengen ankom Longyearbyen seint i går kveld og har brukt dagen i dag til dei siste forberedelsane før sjølve skituren startar i morgon. Dette er ein erfaren gjeng og mange av dei har gått mykje med pulk før, men likevel er det greitt å gjera seg kjent med utsyret som dei skal bruka på denne turen. Me brukar pariserpulkar med faste stag på turane våre på Svalbard, ein uvanleg - men svært vellykka - kombinasjon. Det vanlege er kun å bruke taudrag på desse pulkbretta i motsetning til tradisjonelle tyngre pulkar laga av glasfiber som som regel alltid blir brukt med faste drag. Dei blir i morgon køyrt med snøscooter ut til startpunktet på Philippbreen. Knut kom i dag inn att til Longyearbyen etter turen med den første gruppa, og skal no rett ut att på ny tur (og når han returnerer til fastlandet i mai får han kun to dagar heime før han skal leda årets to turar over Jostedalsbreen - eg bør kanskje ikkje spørra han om han vil bli med på ein skitur dei to dagane han er heime...)
- Jarle

 

 

TYSDAG 22. APRIL


Ein gjeng spreke venner frå Norheimsund-området skal gå vår lengste skitur på Svalbard denne våren. Sjurd, Jonas, Morten, Jakob, Endre og Nils vil sammen med våre erfarne Svalbard-guidar Knut Horvei og Louis Chartres oppleva Svalbard akkurat i det dei første teikna på våren begynner å visa seg, midnattssola er på plass og stemningen generelt er magisk ute i den arktiske villmarka.

 

Torsdag starter turen med forberedelsar i Longyearbyen, mens utkøyring med snøscooter til startpunktet skjer på lørdag. Etter alt som har skjedd med vær og vind - og ikkje minst låge temperaturar - den siste tida, kan det hende at ruta må endrast litt undervegs, men me satsar foreløpig på at langtidsmeldingane tillater dei å ta turen heilt opp på dei store breane og ikkje minst sjølve Newtontoppen.

 

Dei blir først transportert med snøscooterar nordover frå Longyearbyen, til dei store breane sør for Newtontoppen (1713m), det høgaste fjellet på Svalbard.

 

Følg med her for nyheiter undervegs, me satsar på å få til oppdateringar via satellitt-telefon ca. annakvar dag.

 

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

 

Dersom du vil følge med på kvar ruta går, sjå dette kartet. Eg skal prøve å forklare så nøyaktig i referatet at du lett kan følge med.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

(Bilete frå ein tidlegare tur, foto Knut Horvei og Brynjulv Eide)

 









DAGBOK NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON 2015